Rune er meget fornøgd med å få støvsuga og nyvaska golv kvar dag, medan Lillepigge er litt redd for støvsugaren og blir litt sur på meg. "Hmfrrr, hmfrrrr, hmfrrrr" sei han når eg nærmar meg han etterpå. Men med litt mat i skåla så er han like blid. Er vel slik med dei fleste av oss svoltne sjeler?
Desse to fine og artige skålene fekk eg for 20 kr stk på dyrebutikken! Dei kostar eigentleg 79, men eg trur historia om Lillepigge sjarmerte dei. Ellers så var det at skålene ikkje var så populære. Velge det første, for du og du så fine eg synes dei er! Lillepigge likar dei også!
Pinnsvinloppene er borte fra Lillepigge no, og han er glad og fornøgd med god matlyst fortsatt. Eg er berre litt hyper (litt ekstrem kanskje) og får litt noia. Likar ikkje tanken på at det kan gå rundt eit par halvdøde lopper som kan bite meg før dei dør. Dei må såfall dø NO!
Men no skal nok alt ver borte. Merkar dei ikkje meir iallefall.
Og vi sit att med eit aldri før så reint hus!
Eg reingjer kassa hans kvar dag. Her er han på veg ut av huset sitt for ein rusletur.
"Haaalloooo? E det trygt her ute? Har du mat til meg forresten?"
Og mat det har eg! Så etter han kjem ut så sett eg han på vekta, og dette biletet er på dag 13! Sjeldan han sitt i ro slik at vekta blir stabil, for han er raskt på tur rundt i gangen.
I dag, to dagar etter dette, så veg han over 300 gram! Hurra!! Tjukkebollen!
Det er ikkje så mykje meir som skjer, ein god del handlar om piggar.
Men vi har no vore på konsert med Oslo Ess! Det var som vanleg veldig gøy! Dei er sååå bra!!
Rune og Åsmund (vokalisten i Oslo Ess)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar