"...finn eit strå, og tre det på!"
Neppe!
Her har vi plukka dei overlevande ripsbæra i mange skåler og fryst ned. (Mange fleire enn på biletet altså) Og årets bringebær var utruleg fine, fluffy og kjempegode. Uten makk! Så det vart til saman 3 store skåler med det også. Men der er enno meir i hagen.
Deilig å berre gå ut i hagen og plukke seg dessert, eller noko godt til kvelden!
Blåbæra var kjøpebær, og dei smakte ikkje så mykje. Men det gjorde våre bær! Slafs!
Med litt vaniljesaus oppå dette, så er vi i himmelen!
Rune la ut på facebook at dei 3 første som sa fra kunne komme og plukke bringebær. Det vart nesten tømt i løpet av dagen i går. Genialt av Rune. Bra at deilige bær kan komme til nytte i staden for å rotne bort!
Men der er enno litt til, så eit par skåler med dessertar til blir det nok på The Rotevatns
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar