No har det gått 11 dagar sidan Lillepigge kom til oss, og begynte å spise seg større og sterkare. Han har no lagt på seg, og er i dag 227 gram! Hurra! Han er jammen glad i mat!
Dette bildet blei tatt onsdag, på 1 vekes dagen hos The Rotevatns.
Og no er han enno større!
Slik har eg gitt han melk, og han har likt denne måten og nektar å drikke av skål.
Men no har eg trappa ned til 1 gong per dag der han får melk fra sprøyte, men ståande på golvet.
I dag drakk han opp 6 slike sprøyter!

På 1 veke har han gått frå å vere slik:
til slik:
Utruleg kor fort han veks!
Dagen etter at desse bileta vart tekne, fekk han seg loppekur. Stronghold i nakken, kun 1 dråpe. Sterke saker, så han var i grenseland stor nok til å få det no. Men som alle pinnsvin, så hadde også Lillepigge lopper. Dette oppdaga vi ikkje før onsdagen. Til min store panikk og skrekk.
Heldigvis så held loppene seg til pinnsvinet, og vil ikkje formere seg og leve av mennesker. Dei vil kunne prøvesmake på mennesker, men dør uten Lillepigge. Dei er veldig små og kvite/gule, nesten ikkje til å kunne sjå utan lupe. Eg har merka loppene, men Rune merkar dei ikkje. Men det er vel fordi det er eg som har vore mest med han. Men Lillepigge klør seg ikkje lenger, så det er eit veldig godt teikn!
Så no har fostermor støvsuga og vaska stua, støvsuga sofaer, puter, tepper etc 3 dagar på rad. No skal det ver bra tomt for pinnsvinlopper. Dei dør som sagt uten Pigge, og det er ein lettelse. Men er ikkje noko kjekt å vente på at dei skal dø ut. Så eg framskundar prosessen så godt eg kan.

Så no ser vi lyst på framtida alle 3! Loppefri og god apetitt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar