Kosestund med Lillepigge. Her har han nettopp slurpa i seg 7 ml lunken geitemelk.Mett og god, og rund i kjakane! Ser nesten ut som ei ugle der han ligg sammenkrølla som i ein sovepose, med potane såvidt stikkande ut.
Han bruker ofte å sovne i hendene mine etter eit slikt måltid.
Han veks, og ser ut til å trivast. Det tek litt tid å lære å kjenne eit slikt lite villdyr, som han faktisk er. Han er ikkje noko kosedyr eller husdyr, så det er viktig å hugse på.

Han spis fortsatt blaut kattemat, av typane kylling eller oksekjøt. Kyllingmaten luktar litt, så eg er glad han likte oksekjøt også, som luktar meir som leverpostei.
Så spis han vitaminbomba avokado, som er feit og god for små pigger.
Egg spis han berre når det er tomt for det andre, men det skal visst gjere han godt å få det i seg.
Derimot drikk han ikkje vatn enno. Han har ei skål med vatn alltid ståande, så han skal ikkje tørste om han ikkje får melk om natta, eller når eg er på jobb. Vi prøvde å lære han å drikke vatn fra skål i går, men Lillepigge har ei sterk personlegheit, og likar ikkje å bli duppa slik nedi skåla, sånn imot si vilje.
Men det kjem vel etterkvart.

Som sagt så veks han no til.
Frå 81 gram til 140 gram på 1 veke! HURRA!
Då trengs det større hus og kasse:
Ei slik plastboks kjøpte eg på butikken, og Rune laga opning/dør på den
Det var eit blankt lok på, så det vil ikkje vere så kjekt å sove med gjennomsiktig tak tenkte eg.
Så her var det fram med eit svart stoffstykke og feste det på.
Så her var det fram med eit svart stoffstykke og feste det på.
Inni legg eg lag op lag med avispapir (5-6 ark) og har klipt opp sengetøy i strimlar og bitar.
Her lagar han seg til eit bol kvar natt.
Her lagar han seg til eit bol kvar natt.
Slik ser det ut i kassa hans no:
Han hentar seg stoff og dreg med seg inn i huset sitt og lagar seg til. I tillegg får han bitar av tørkerull.
Pinnsvin kan ha høy også, men medan han bor i stua vår i byrjinga, så får han ikkje det. Rune og eg er nemleg allergisk mot høy :(
Men eit tips er bruke makulert papir eller makulert avispapir. Det skal han få leike seg med i kveld.
Men eit tips er bruke makulert papir eller makulert avispapir. Det skal han få leike seg med i kveld.
Det er kjekt med eit slikt lite nøste i hus. Han krev ikkje so mykje oppmerksomheit, men er veldig glad når vi kjem att frå jobb. Då får han fersk mat, sprøyter med melk, og kviknar litt til av stemmene våre. Så når vi set og spis middag går han ofte ut og spis litt sjølv. Men på dagtid er han berre ute og spis litt, og så rett innatt for å kvile.
Når det blir mørkt ute og mørkare i stova så luskar han seg ut oftare og oftare, og herjar nedi kassa si. Han er, etter "Pinnsvinets venner i Bergen" si oppfatning, veldig flink og godt utvikla for sin tilsynelatande alder. Det er godt å høyre!
Kjekt er det å vite at han tåler at tv'en står på, tåler musikk og menneskelydar. Han vert ikkje forstyrra av det har eg fått vite av profesjonelle. Men likevel så går Rune og eg på tå forbi kassa, og er mild og fin i stemmene når vi pratar til både han og kvarandre. Hehe! Ei koseleg stemning i huset.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar