Vi reiste til Oslo 3. august med tog frå Åndalsnes faktisk, og var i Oslo i ei veke. Utruleg deileg å komme til Oslo S og kjenne varmen som slo mot oss. Det var som å lande i "syden". Ja, det har vore eigentleg ein roten sommar i år også! 1 dag med sol her og der lurer ikkje meg til å tru at sommaren har vore ok fin...
Uansett. Bryllaupet var utruleg kjekt! Sååå gjennomført, enkelt, uformelt, artig og opplevingsrikt!
Eg kjente veldig få personar, men det gjorde ingenting.
Bilete talar for seg sjølv, så eg legg ut nokre bilete frå bryllaupet her:
Odmund og Marthe
Eg sat ved denne godteribaren, kan tru eg var i himmelen! Massevis av rosa, fristande godteri!
Denne lysekrona laga Odmund og Marthe sjølv! Kjempekul!
Marthe og Odmund sat på scena
Dei tatoverte seg samtidig på scena, symbola for tru, håp og kjærleik, på finrane. Tøfft!
Resten av veka kosa vi oss glugg i Oslos gater! Vi møtte venner og x-kollegaer, spiste ute, shoppa, og berre nytte livet og ferie!
Brunsj på Aker brygge, Beach Club
Vi ramla innom Pushwagner si kunstutstilling også!
Lookalike
Kosa oss!
Rune kjøpte kake til meg! NAM!
Ein kveld kosa vi oss inne på hotellrommet også. Hadde leilegheit, så Rune laga middag
Eg møtte søte Nina fra gamlejobben min, men tok dessverre ingen bilete.
Men eg klarte å ta bilete fra min aller første arbeidsplass i Oslo. Her var det Ringbok før, utsalg av billige bøker. Mens det no er Rafens... I Grensen.
Ein kveld var vi på Last Train på konsert. Her er det signering av vinylsinglar av Hardaball. Gerilja spelte også, og det var ein tøff konsert! :)
Vilde og Irene! Middag på Kirkerista
På toget på veg heim. Fornøgd etter ein kjekke tur i Oslo!
Heime har det ikkje vore finever på dei tre første vekene av ferien, så det var kjekt i Oslo å kunne gå i shorts og singlet ute!
Men jammen kom det ein nydeleg søndag, siste dagen av sommarferien. Så den dagen var vi på stranda heile tida! Fekk vel meir brunfarge dei timane enn resten av året til saman...
...ikkje at den fargen visast på dette biletet då men...
Rune BADA!
Vår kjære lille strand! VÅR strand!
Kjærleik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar