søndag 19. august 2012

Lillepigge - nytt familiemdlem!

Lillepigge vandra utanfor huset vårt fredag 10. august. Såg han att mandag der han sov midt på vegen vår i solsteiken. Vi prøvde gi han vatn og brødsmular. Han åt en smule og gikk vidare.
 Vassfatet er botnen av et pappkrus!

Lillepigge og store mennesket!

Onsdag fann vi han sovande på plenen, svak og kald. Eg ringte pinnsvinhjelpen, og fekk beskjed å ta han inn med ein gong! Han var for liten til å klare seg sjølv og kunne ikkje ligge der...
Eg gjorde følgande: Laga til ei kasse med avispapir og handduk, la ei varmeflaske med handduk oppå derigjen. Lillepigge la eg på varmeflaska, og prøvde gi han vatn frå teskei, kokt egg og avokado. Han drakk 2 dråpar vatn og sovna.
Var nesten livlaus lenge, men pusta. Vakna så litt til att, og drakk litt meir ut av teskeia. Mest på tvang. Så sov han igjen, og trudde ærlig talt han var død. Kunne snu han på rygg, klø han på magen, løfte på han, utan at han reagerte... Om natta hadde han bevega seg litt i kassa, men var like sløv og pusta tungt. Gispa etter luft på ein måte.

Her er nokre bilete av han første kvelden. Sjuk og svak, og bevega seg ikkje...

 Bitteliten, som ei teskei lang. Så tynn og smal han var.
 Her var han på sitt svakaste. Reagerte ikkje på nokonting. Takal...
 Lillepigge ligg under avispapiret, oppå ei varmeflaske med handduk over. Ser nasetippen stikk ut. Men han søv og var vel nærmast i koma her...

Denne lille vennen var berre 81 gram. Han var i grunnen stor nok til å vere omlag 200 gram, og kunne klart seg aleine. Men han her har vore uheldig. Totalt dehydrert og kjempetynn.
Eg tok han med på jobb, for eg måtte ringe pinnsvinhjelpen og høyre om eg måtte køyre han til dyrelegen for avliving, eller om det var håp. Ho sa eg skulle gi han lunka geitemelk på sprøyte, og eg så gjorde.
Han drakk 1 ml med litt tvang, og sov igjen.

Ved lunsjtider så drakk han 1 full sprøyte, som er ca 3,5 ml. Han livna til att og begynte å reagere på berøring og lydar ver å rulle seg saman igjen. Er det verkeleg håp for Lillepigge?? :)
Her ligg han i handa mi, klar for måltid nr 2. Og han drakk opp heile sprøyta!

Forøvrig var det til stor begeistring å ha han med på jobb. Andre har med hundekvalpar, eg har med piggsvin! :)

Han fekk seg ny og større kasse, og eg tok han med meg heimatt. Der fek han ei sprøyte til med geitemelk, og det var artig å sjå kor han beit på sprøyta for å få meir.
Eg gav han ei te-skei i ei skål med blaut kattemat medan han sov litt. Då eg og Rune kom innatt frå hagen i 19 tida stod han og slafsa i seg all maten, og beit vidare på skåla. Han fekk ei skei til. Dette var godt!!! :) Matlysta var tilbake!

Og eg skal sei det vart liv i leiren! Han kravla rundt, mykje stødigare enn før, gjorde frå seg, beit på handduken, ruska rundt, velta huset sitt og jobba på!
I 22.00 tida sovna han under handduken, sammenkrølla på sida i sitt lille bol. Søt som berre det! Og sikkert litt sliten.


Det har her gått snart 2 døgn sidan vi fann han og tok han inn og det har gått veldig fort frå å vere "nesten død" til såpass livlig som han er no! Håper han klarer seg, og at han blir tjukk og feit nok til å kunne overleve vinteren i dvale ute. Viss ikkje må vi hjelpe han å lage bol ute, eller evt ha han inne i eit kaldt rom.
Det var også med stor glede at eg fann han sovande og nusseleg roleg fredagsmorgon. Eg tok han opp, og gav han ei sprøyte med melk igjen. Den gikk unna som berre det! No har han lært det. Han ville ha meir, og han drakk nesten 2 sprøyter til saman. Så tassa han litt rundt på golvet medan eg reingjorde litt i kassa og bytta avispapir. Avokado og egg har han også fått smaken på no! Det er supermat for små pinnsvin. 

Eg kom litt for seint på jobb på fredag forresten. Men slik er det vel å vere "småbarnsmor" :)

Dette er dag 3: Blitt litt rundare no? :)
Vekta har auka, frå 81 til 103 på 3 døgn! Her er det berre å peise på med godsaker!
Nokre tips om pinnsvin:
ALDRI GI PINNSVIN KUMELK! Gi vatn og kattemat (tørrfôr) om du vil mate dei som går i hagen din. Og gir du dei havregrynsgraut, så bruk vatn i staden for melk!
www.pinnsvinhjelpen.no er ei god nettside som eg har brukt flittig!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar