Slikt finn ein i ein DJ sin hage:
Etter å ha blitt rana for gode rips i fjor, og at kjøpenetting berre øydelegg greinene på buskene og er vanskeleg å ha med å gjere, så fann vi eit tips på nettet.
Handling mot at trasten stel bæra dine: Henge aliminiumsfolie eller cd-plater i trea.
Så då leitte DJ'en i huset fram cd-plater og hengte opp i fleng!
Og det virka!!
Men i går kveld når plukka vi rips til kveldsgodis, sa eg på spøk at "no ser trasten at vi plukkar bæra, og at dei tenker så at det er trygt på trass av cd-platene." I dag er trasten så smått på ferde i buskene igjen... Håper det blir litt (litt!) vind slik at platene flagrar og blinkar godt i buskasen! Vi fekk iallefall kvar sine skåler med bær før det blir tomt.
Ellers skal vi i bryllaup i Oslo snart, og det er eit litt "rockabilly bryllup". Dermed må eg jo ha på meg min mørkelilla 60 tals kjole, og mine nye knall rosa sko! Jøjje meg, eg må ha intensivkurs i korleis gå på høge hæler! Greitt å ha med sandalar i reserve til utpå kveldinga.
Men med rosa sko, så inneber det litt rosa tilbehør. Rosa øyredobbar, rosa rose i håret og rosa neglelakk er greitt nok. Men kva med veske? Kven har ei lita knallrosa veske liksom? Finns ikkje slikt på butikkane, anna enn "Hello Kitty-vesker"... :)
Så eg fann fram ei gamal svart veske, og sydde på ei rosa rose. Litt kretaivitet, så var det i boks. Enkelt og greitt, sølv for ei med 0 kompetanse i sying og slikt!
Dette får duge!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar