Obligatorisk ting er pakkeleiken, og det er alltid ein suksess! Vi kjøper gåver av meir eller mindre nyttig form, og pakkar dei inn. Så kastar vi terning, vel oss pakkar, tek frå kvarandre, og pakkar opp til slutt.
Dette går på tid, og det er jo om å gjere å få flest pakkar sjølvsagt!
Då kan det gå hardt føre seg, slik som Elisabeth som kasta terningen rett i sjampanjen!
Pakkane inneheldt både fine og meir ubrukelege ting.
Vesle Leo, hunden til Elisabeth, var med på festen. Og med litt bobler innabors så måtte dei ta sykkelen fram som framkomstmiddel utpå natta. Leo sat i sekk på magen til Elisabeth, og det viste seg at dette var hivens, og han var, som mora, DEN eksosrypa! :)
***************************************************
Han får springe rundt i gangen eller på stovegolvet, (under tilsyn) og han gneg på dørtersklane, ruslar rundt meg der eg sit og passar på, småbit på hanskane, gøymer seg under avisbunken, leitar etter godbitar, snusar opp mot meg når eg pratar med han, medan han lagar ein tøffelyd, som visstnok skal bety "eit piggsvin er i farta". Han har byrja såvidt på tørrfor, og får nokre bitar attåt blautmaten til kvar måltid, og knaskar så det sprutar på desse. Han har begynt å drikke vatn, så lenge han ikkje får geitemelka si.
Vi skal vere flinkare å ta han ut på golvet. Han treng å strekke litt på beina og springe litt rundt. Og vi innbiller oss at han i grunnen er litt selskapsjuk også.
Det rare vi har sett no, er om han klør litt på ryggen, så har piggsvin generelt eit lite problem. Dei har nokså lange bakbein, men dei når ikkje heilt opp på ryggen. Då får han eit merkeleg blikk i augene, vrir seg rundt på sida og prøver å bite seg på ryggen. Han når ikkje heilt til, og da stikk han ut tunga så langt den rekk og legg att spytt på ryggen der han klør. Ser nesten litt spasmisk ut, men det er visst sånn dei gjer det.
Retting: At han vrir seg og slikkar og legg at spytt på ryggen er pga at han har slikka på noko god-lukt,og vrir seg for å legge det att på ryggen! Ein flink, reinsleg og veloppdragen gutt eigentleg då har eg nettopp fått høyrt! :) Og kanskje ei stadfesting på at vasking av golvet kvar dag gjer golvet reint og godluktande! Hehe!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar