mandag 27. mai 2013

No er Lillepigge ein FRI piggsvingut!

26. mai vart dagen då gjerdet til Lillepigge vart opna, og Lillepigge skal få utforske verda på eiga hand

Her leitar eg han opp på dagtid for å merke han. Det vil seie at eg lakka 5-6 piggar i nakken på han med turkis neglelakk. Det er jo greitt å følge med om det er Lillepigge, Bolla Piggsvin, eller nokon andre dersom vi ser eit piggsvin i hagen seinare. :)


Her lakkar eg forsiktig ytterst på piggane :)


Etterpå fekk han mat, og då kom han nysgjerrig og svolten ut for å strekke på beina.
Er så vidt dei turkise piggane vises her, men dei er der.


Her har vi teke vekk gjerdet i framkant av buret, og matmor er litt engsteleg for heile greia.
Det i opninga av huset er ein høyball, ikkje Lillepigge...

I natt, kl 23.30 var det skymt, og eg såg at Lillepigge hadde vakna og var utanfor huset sitt.
Eg pakka på meg tjukkejakke og gjekk ut og sette meg i hammocken i hagen og fulgte med.

Der sat eg heitl stille i 45 min og såg på han, før han skjønte at eine sida på gjerdet var vekke, og han hadde heile verda framføre seg!
Han gjekk rett fram og midt på plenen, og snudde seg så 90* og snusa seg beint på meg der eg sat i hammocken. 

Eg trudde ikkje mine eigne auger! Han vart ikkje redd heller når eg så snakka til han!
Men jau då, han snusa på skoen min, såg opp på meg 
Eg meiner sjølv det var "takk for hjelpa" han sa til meg då.
Så snudde han seg rundt og rusla vidare.
 
På biletet under ser de rumpa og foten i det han går vidare, ut i hagen, på si eiga vandring... 
...ut i den store verda... aleine!  

Mitt siste bilete, ein liten mørk flekk på veg inn i blåbærlyngen...
 
Det var med blanda kjensler eg sat att i hammocken!
I heile 9 månadar har vi hatt ansvaret for Lillepigge, eit heilt svangerskap det! Så det er trist å no måtte sjå han forsvinne.
Men trøsta er at han er ein glad liten pigg no, og eg likar å sjå for meg at han smiler og ler, og ruskar og raskar i lauv og tuer etter godbitar frå naturen, og at kanskje Bolla Piggsvin ventar på han ein stad!
Han vil alltid ha huset sitt klart, med mat og drikke ståande i tilfelle han finn vegen heimatt.

Vi berre håper at folk er forsiktige langs vegane no framover,
for det er så altfor få igjen av desse skjønne skapningane,
og ikkje minst; Berre EIN Lillepigge...

 

torsdag 16. mai 2013

Klar for grillsesong!

Ja, då sette eg altså i gang med montering av gassgrill, noko eg har grua meg til sidan 13. april!
Alle sei at dette er noko herk, og ein skal vere 2 stk når ein monterer slikt.
Brukarrettleiingane er som regel uforståeleg, og ein må ta seg god tid og ha god tålmod.
Difor valte eg å montere den aleine, medan Rune var på jobb! Hehe...
Slik såg det altså ut halvvegs i utpakkinga og monteringa.
Det var ikkje så verst brukarrettleiing til denne, og eg klarte det heilt på eiga hand!
Ikkje berre med eigne hender, men med eigne skuldre, føter, hender, hovudet, og "rå" muskelkraft og superhjerne(!)
På to (eg gjentek; TO) timar klarte eg å få den ferdig! 
Meeeget stolt av meg sjølv, og det fryda meg å sjå augene til Rune når han kom att frå jobb!
Dette var litt meir enn kva han hadde trudd om meg! Hehe!

Ingen av oss har nokon gong prøvd gassgrill før, så det blir litt over middels spanande når vi skal ta den i bruk for første gong.
Gassen er ikkje kopla på, så eg trur vi må gjere det nedst i hagen, langt vekk frå huset! Med vernebriller, hjelm og brannsikre dressar! :)
Så no kan grillsesongen gjerne starte!

lørdag 11. mai 2013

Det står ein friar uti garden

No er Lillepigge komen ut i hagen! Så no har han eige isolert hus med stove/kjøkken og soverom, tunnel ut, og eigen hage med høgt gjerde rundt!
Her har vi nettopp sett han ut, og putta litt høy oppi.

Og når maten kom på bordet, som består av kattemat og vatn, og med jordbær til dessert, så luska han seg ut av soverommet. På biletet over ser de snuten som stikk fram.

Men når matmor skulle ta bilete gjennom tunnelen, så stakk han innatt, så eg fekk berre med meg rompa!

**************************
 
Det er litt vemodig og rart å skulle sette han ut, og eg må innrømme det var litt trist også. Men samtidig var det også ein lettelse, å kunne ha han utomhus og at han får lære seg å bu i meir naturlege omgjevnadar. 
Så no skal han bu her i gjerdet sitt i 2-3 veker, før gjerdet vert plukka ned. Men han skal få bu i huset så lenge han berre vil. Og vi håper han kjem attende til hausten og går i dvale der i år også.
 
I dag var det noko rart som skjedde. Vi kika ut vindauge, og vi trudde Lillepigge var ute i gjerdet og luska. Men så såg det ut som han var utanfor gjerdet, og gikk fram og tilbake og snusa oppover gjerdet! I full gallopp sprang vi ned for å sette han oppi att. Men så slo det oss at vi burde sjekke om Lillepigge var inne i huset, for denne her var litt stor...
Og der låg Lillepigge og sov søtt!
 
Så det var eit anna piggsvin som luska rundt slottet til Lillepigge! Vi tenker oss at det var Bolla Piggsvin som var på friarjakt! Men vi turte no ikkje å setje ho oppi, for det kunne no vore heilt skivebom viss det var eit stort hannpiggsvin! Så vi gav det litt kattemat, og så luska ho vidare etterpå.

Ho kjem nok tilbake!
Ellers får vi hente ho tilbake!

søndag 5. mai 2013

Gjensyn med Lillepigge

Endeleg fekk vi sjå Lillepigge, som fortsatt faktisk er Tjukkepigge!
Etter 5 mnd med soving, og nesten ikkje spising, og ingen "på-do-gåing", så er han fortsatt god og rund! Hurra! :)

Eg rydda i huset hans, tok vekk skitne aviser og tok med matskåla ned for å gi han ei ny forsyning av kattemat, avokado og vatn.
Når eg kom oppatt på gjesterommet med maten, så var han på veg ut av "soverommet"
Han ante at no var det mat på gong, og eg tok han på fersken då han luska rundt. Endeleg fekk eg sjå han for første gong sidan november!
Han var på jakt etter mat, og eg sette ned skålene til han.
Han ensa meg litt, men var veldig svolten så gav sikkert blaffen.
Men så skulle eg ta bilete, og kom litt for nærme med handa, og då skal du vite at Lillepigge er fortsatt et villdyr! Jøjje meg kor han fresa og pigga seg!!! Eg er fornøgd med det, for han må bli ein villbass når han slepp ut i det fri! Berre "mor" og "far" får nærme seg han, ja!
Eg minner om at skålene er katteskåler, slik de skjønar kor stor han eigentleg er...

Denne laurdagen var det slikt ver at det gjekk an å gå ut utan å fryse ihjel!
Så då fann vi fram materiale og skulle bygge Piggsvingard!  
Gjerdestolpar og hønsenetting var tingen, og teltpluggar til å feste nettingen godt ned i jorda.
Vi er ingen ingeniørar eller snikkarar, men det vart ein piggsvingard til slutt!
Det ser  no ut som vi skal ha ein pittbull på besøk, men gjerdet er ikkje så stort. Ca 2 x 3,5 meter, og 1 meter høgt.
Vel, her skal vi sette han ut, i trehuset sitt, når veret blir litt varmare.
Vi tenker i neste veke, så det blir spanande og sjå kor det går! :)
 

lørdag 4. mai 2013

Konfirmasjon

28. april var dagen då dei kjekke tvillinggutane "mine" vart konfirmert, Henrik og Daniel.
Det er så rart kor fort tida går, spesielt når ein sjølv er blitt vaksen. (les ikkje: eldre)
Det er jammen ikkje lenge sidan eg sat med minste tåteflaska og mata desse to karane, som den gongen var bitte, bitte små! I dag er dei blitt så vaksne og store, og har til og med teke meg att i høgda.

Minnast godt når dei var så små som dette, 17. mai, i heimelaga bunadar som farmora (mamma) har laga.

Kyrkja var full av forventningsfulle konfirmantar, familiar og venar. Det var ei fin høgtid.
Her set eg spent og ventar på konfirmantane skal kome inn. Stoltaste tanta i verda akkurat no!

Pappa (bror) Stig-Helge, Laila, Madelen og Jenny er også stolte. Dobbel lykke i dag!

Henrik og Daniel ilag med presten.

Mamma laga borddekorasjonar, noko ho verkeleg har dreisen på!

Konfirmasjonskaka var noko utanom det vanlege! Kaka var mørkegrå på sidene, svart-grå oppå, med eit motiv som ein kompis av gutane hadde teikna sjølv. Imponerande, og veldig god!

Denne kaka laga altså eg. Det er ei Oreokake, sjølv om det ikkje liknar så mykje på det.
Men eg tenkte eg skulle pynte den litt annleis, med to store jordbær med sjokoladedressar på seg.
Mini-oreokjeks på fatet rundt for å vise at det faktisk var oreokake :)

Alle mine fine tantebarn. Dårleg mobilkamera dessverre, men heldigvis tok dei andre fleire bilete som eg skal få kopiere.

Fine Henrik og Daniel!

Dagen var kjempekjekk, og gutane var veldig glade og nøgde!
Og det var tante og onkel også! <3
Gratulerer!