Det måtte iallefall klippast 15 cm for å bli friskmeldt.
Kven har vel ikkje sete og drøymd seg vekk på nettet, googla og funne fantastiske hårsveisar på kjendisar som er freshe og nyfrisert? Og når dei står på den raude løparen så ser dei jo heilt fantastisk ut! "Slik sveis vil eg også ha", tenker vi, og går til frisøren og sei "klipp slik". Og så kjem du ut derifrå med samme klipp, men den kler deg ikkje og er heilt feil på ditt hår!
Dette er nokre av sveisane eg tenkte kanskje kunne passe mitt type hår...
Vel, dette har eg grubla på som sagt i ei veke, og søkefeltet mitt på google går i "kort hår", "bob", "wob", "lob", og ikkje minst "bob og tjukt hår", "style tjukt kort hår" osv.
Eg har no hatt ein lang "bob" før, som skråar fram. Men akkurat slik ville eg ikkje ha det denne gongen. Eg er ikkje akkurat kjend for å ta avgjersler sånn spontant, og må forhøyre meg med både eine og andre først. Men eg bestemte meg for å høyre på frisøren sine råd for min type hår, og skreiv ut nokre bilete fra nettet av eit par vakre, perfekte Hollywoodkjendisar, som sikkert har eigne daglege stylistar. I tillegg skreiv eg ut eit par realistiske bilete av korleis håret mitt eigentleg kjem til å bli.
Så gjekk eg nervøst til frisøren med hår som var vaska dagen før og som var naturleg tørka, og med litt liggekvervlar frå natta, og utan noko produkt oppi... Det skulle vere lett for frisøren då og sjå korleis mitt hår eigentleg er!

Når ein har såpass langt hår så er det litt merkeleg å skulle klippe i det. Det blir jo på ein måte litt av kroppen, sett litt på spissen. Men slik føltes det, og det er jo ikkje lett å kvitte seg med delar av kroppen, anna enn nokre kiloar...
Frisøren var veldig forståingsfull, og kjente godt til min type hår. Ho klipte først av ei viss lengde, men eg ville ha det enno kortare. Og det vart det! Eg kjende at eg vart "friskare" med ein gong! Bort med det slitte, og ingen splitta tuppar att!

Så no har eg ein "lob", "wob" eller "lang bob". Eller; "klipt av rett over skuldrane" som ein kan sei på forståeleg språk.
FØR: ETTER:
På biletet av ny sveis har eg glatta det ut. Om eg berre let det vere naturleg krølla så vil det nok bli enno kortare.
Så no gjeld det å bli vant til kortare hår, nye utfordringar som kjem og vanar som må brytast:
* å porsjonere rett mengd med shampo.
* å sleppe børste det stykkvis og delt, pga mindre/lite flokar
* å ikkje måtte dra og løfte det ut av gensrar og jakker etter ein har på seg kle
* å ikkje dra det bak øyrene heile tida
* å ikkje kunne berre sette det i ein lang hestehale om morgonen og reise på jobbSå no gjeld det å bli vant til kortare hår, nye utfordringar som kjem og vanar som må brytast:
* å porsjonere rett mengd med shampo.
* å sleppe børste det stykkvis og delt, pga mindre/lite flokar
* å ikkje måtte dra og løfte det ut av gensrar og jakker etter ein har på seg kle
* å ikkje dra det bak øyrene heile tida
* å kunne bruke litt av hårprodukta mine som eg har liggande
* å ikkje kunne sitte å dra fingrane gjennom hårlengdene eller tvinne fingrane rundt det
* å ikkje kunne sette opp store og fine knutar.
* det blir vel enklare å farge håret sjølv håper eg
* å ikkje kjenne hestehalen svinge på ryggen på trening blir rart
* det blir nok lettare å glatte det også, for før måtte eg dra tanga 65 cm! Det tok tid!
* no må eg nok oftare til frisøren for å behalde sveisen
* og eg lovar å bruke hårkur mykje oftare! (Det må eg kjøpe meg kom eg på)

Min første selfie i speglen rett frå frisør! Noko nervøs og letta på ein gong!
Blir spennande å vaske det sjølv og sjå korleis det blir med krøllar.
Ja, eg har noko å gjere på i helga!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar