Det har vore konferanse med jobben på Gardermoen 11-13. mars. I løpet av den helga skjedde det mykje! Og mange bilete vart tekne, av meir eller mindre god kvalitet.
Eg og Rune køyrte nedover i staden for å ta buss eller fly, så vi kom fram litt tidlegare enn dei andre kollegaene mine.

Då vi kom fram til hotellet var det enno tidleg på morgonen så vi fekk ikkje sjekke inn. Takk og pris vi hadde med matpakke og kunne forsyne oss med kaffi og te.
Dei andre kom akkurat i det vi fekk sjekka inn og eg fekk skifte til litt varmare kle. No skulle vi nemleg på tur til Holmenkollen og VM i skiskyting. Kun oss kollegaene. Vi skulle altså sjå "Normalprogram 20 km menn". Så Rune fekk legge seg i hotellsenga og sove ut etter den lange natta med køyring, og sjå skiskyting på tv.


Det var spanande og innmari moro! Har aldri vore i Holmenkollen på eit slikt arrangement før, så dette var ei stor oppleving!
Ekstra moro var at vi hadde vip-billettar, med middag og servering, og der var det 900 stk inne i teltet. Meget god mat! Eg var så spent at eg verken klarte å ete eller drikke så mykje, så det vart med det eine glaset med kvitvin på meg.

Så gjekk vi ut på arenaen, og slik ser det altså ut i verkelegheita:


Vi stod så nærme skytebana at vi fekk sjå alle utøvarane på nært hald.
Ole-Einar Bjørndalen:


Etter ein lang dag kom eg meg tilbake til hotellet, ingen medalje på dei norske gutane denne dagen, og eg var så trøtt at eg sovna kl 21.30.
Så starta konferansen. Det var meget moro, og eg skriv om det i neste innlegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar