I påska fekk eg besøk av denne vesle og trøtte guten. Alexander heiter han, og er berre heilt nydeleg!
Elisabeth har blitt mormor!! Og dette er altså guten til dattera og kjæresten. Dei var i Volda på besøk i ein drøy time, og Alexander låg slik og søv i fanget mitt heile tida! Det var så kjekt med besøk, og å endeleg få helse på det nye vesle mennesket og gi gavene hans før han veks ut av klea!
Det var så kjekt å halde ein baby igjen, det er lenge sidan no! Tanteungane mine er jo blitt store! Og ekstra kjekt når han ikkje skrik, men berre ligg og søv, og har det fint.
Takk for besøket Elisabeth, Angelika, 'Jørgen' og Alexander.
Gleder meg til neste gong vi møtast!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar