Nauden lærer naken dame å...strikke? Vel, ikkje er eg i naud, og ikkje naken. Men eg driv og prøver å lære meg å strikke litt igjen da...
Eg leita fram alt eg hadde av garnrestar, og ville lage ein litt annleis klut. Eg har no kjøpt meg ei fin bok med oppskrifter på klutar, så no skulle det gå så mykje betre.
Motivert leita eg fram ei oppskrift på RUND klut, og drog fram 5 pinnar. Starta ivrig, og knota veldig. Det er innmari vanskelig å starte med 5 pinnar!! Å liksom ha berre 2 masker på kvar pinne, og starte å strikke rundt? Det er tålmodigheitsprøve. Vel, eg kom i gang, og kluten tok form. Eg strikka litt feil, men det gjorde ingenting. Eg klarer ikkje å rekke oppatt likevel. Plutselig sit eg med 1 pinne i munnen, og 1 pinne var laus, og berre 3 pinnar med strikketøy på seg. Jaja, då har eg strikka to rader inn på ein og samme pinne. Pyttsann, det ordna eg.
Men det som skjedde så var at eg synes det vart ein litt liten klut. Skulle eg berre skifte farge 3 gongar? Kika i oppskrifta og såg at der sat eg og strikka på ei glasbrikke!! Sida i boka hadde bladd seg om utan eg merka det!
Så då måtte eg strikke ei glasbrikke til for å få partal, før eg sette i gang med kluten.
Eg må innrømme at eg er litt stolt, spesielt av kluten. Som også har hempe!! Det er påskefargar i desse så dei brukar eg no i påska! Men kluten vil eg ikkje skitne til, så den ligg på bordet som show-off!
Så kom eg over ein artig sak på nettet. Eggelue!
Vi har verdens søtast egghaldarar, og dei måtte få seg eggeluer til påske!
Så kom eg over ein artig sak på nettet. Eggelue!
Vi har verdens søtast egghaldarar, og dei måtte få seg eggeluer til påske!
Var dei ikkje skjønne?? Slike kjem eg til å lage fleire av! Tek "berre" ein kveld for meg som er amatør.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar