Siste veka har det lava ned med snø. Våt og tung snø. Det gir utfordringar for alle, også The Rotevatns. Å bli "overraska" tre dagar på rad av mengda som har lagt seg, for så å måtte måke snø før jobb er ikkje kult. Då blir ein for sein på jobb også...
Men, så lenge vi ikkje får orkan... Vel...
Torsdag fikk vi samme problem. (Igjensnøa innkjørsel, vi kom oss ikkje ut av garasja, kjørte oss fast osv) For seint på jobb var reg, fordi vi måtte måke med traktor. Ja, Rune gjorde det då, og eg måkte med spade. Dårlig stemning og småkrangling, med en traktor med skuffe som ikkje tek heilt ned i bakken. Vi klarte omsider å komme oss opp på vegen etter utallige forsøk. Snøen lava ned og bilen dogga, måtte stoppe fleire gonga for å tørke av dogg og koste snø.
På veg til jobb beskylda Rune meg for å ha prompa i bilen!!!! Det hadde eg ikkje gjort, og eg skjønte ikkje kva han meinte der eg sat med opent vindauge for å få vekk dogg og dermed frisk luft med snø i ansiktet! Så krangla vi om det også. At noko lukta drit, og sida det ikkje var Rune som hadde prompa, så måtte det jo vere meg. Og eg meinte omvendt sjølvsagt, men kjente uansett ingen dårlig lukt.
Stemninga var som den var då vi parkerte utanfor jobben min. Vi sa ikkje "hade" ein gong.
Rune gikk inn på butikken for å kjøpe brød, og eg gikk inn på jobb. Drog av meg sure-fjeset, og bestemte meg for å snu stemninga denne morgonen. Eg sa "god morgen" med ekstra lys og blid stemme.
Men når eg gikk inn i gangen ser ej DEN kattedriten under skoen min!! Den stakk ut på begge sider av sålen!! Eg gjekk lydlaust på tå inn på do og stod og vaska skoen medan eg pumpa duftspray for å klare å puste. Oppkast kom opp i munnen fleire gongar, og oppkastrefleksen jobba i 100. Faens kattedrit, på størrelse med ein tiger si rue, med magesjau!! Aldri sett maken! Ein kollega kom bak og flira medan han sa han kjente og såg sporet etter meg bak til do. Rune kom også hakk i hel. Men Rune flira altså ikkje. Då hadde han sett fotspor av meg i snøen frå bilen og inn på jobb. Han sjekka inni bilen, og der var det dritt på matta og på teppet i dørken! Rune skulle fortelle meg at eg hadde grisa til bilen. Han sa ikkje stort, men han var så sint at det røyk ut av øyrene og nasen, og augene var svart! Eg vasksa og vaska skoen min med jif, og før eg visste ordet av det hadde han reist heim. Uten å sei hade.
Det stinka på kontoret og kollegaen min vaska golvet med grønsåpe mens eg vaska skoen.
Etterpå kom eg på at eg hadde no mista veska i dørken på veg til jobb! F...! Gikk inn på kontoret, og joda, drit på eine sida og under veska. Godt smurt inn! Kan det bli verre?
Så vaska eg den så godt eg kunne. Etter alt var skura og reint, sette eg meg ned på kontoret. Forbanna, og samtidig engstelig for Rune og kor fortvila han var. Eg hadde vel eigentleg berre lyst å rømme landet.
Så sit eg der då, og synes fortsatt den kvalme lukta satt i. Ein eller annan stad. Der ser eg at eg hadde drit på buksa også!! Framme på låra! Klart det? Eg hadde no sett veska i fanget etter eg plukka den opp frå dørken!
Takk og lov for at eg hadde med treningsbag denne dagen. For då hadde eg noko klesskift. Eg kjente tårene sprenge på av sinne. Tok med bagen og gjekk på toalettet og skifta.
Så denne dagen var eg på jobb kledd i joggesko og treningstights i knæsje fargar!
Når eg fekk tatt meg ein kaffe, kontoret lukta såpe (sko, bukse og veske var pakka i posar og godt knytt att for sikkerheitsskuld) så sendte eg melding til Rune. Ei forsiktig melding der eg prøvde uskuldiggjere meg sjølv at det ikkje var min feil, og med små tips om kva som kan hjelpe med å få bort lukt.
Han ringte tilbake, litt blidare no. Han sa berre "Finnaren er vinnaren" om det å vaske. Så der var det ikkje tvil om kven som måtte ta tak når ho kom heim. Men vi klarte til og med å flire bittelitt, kanskje i to sekund. Stemninga var iallefall betre. Eg trur han fekk sympati for meg når eg hadde vore enno meir uheldig enn "berre" ein sko.
Då eg kom heim var det berre å ta med bøtte, klorin, eddik, klutar og nyinnkjøpte oppvaskbørster for høvet, og begynne å vaske bilgolv og matte! Ute på tunet i snøkava. Avslutta med å legge inn ein grøn wonderbaum for å verkeleg ta knekken på dufter.
Etterpå vaska eg skoen skikkelig med børste, med både biotex, klorin og eddik, og dynka og gnikka veska, og vaska bukse for hand før den gjekk i maskina...
Kl 19 var eg ferdig, og alt hang til tørk. Bilen lukta godt, men resten veit eg ikkje før det tørkar.
Med knekte naglar, såre og tørre fingrar, våt og kald inn til beinet, så tok eg ein lang og velfortjent varm dusj. Så fekk eg deilig og varm suppe etterpå med Rune, som var veldig glad for at eg hadde ordna opp.
Med knekte naglar, såre og tørre fingrar, våt og kald inn til beinet, så tok eg ein lang og velfortjent varm dusj. Så fekk eg deilig og varm suppe etterpå med Rune, som var veldig glad for at eg hadde ordna opp.
Får eg tak i den h... katten som har drete seg ut i garasjen vår så kan eg ikkje stå bevisst for mine handlingar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar