onsdag 23. mars 2016

Konferanse

Konferansen opna på fredagsmorgon, og eg var utkvilt etter 10 timar søvn. Eg stod bakerst i salen og fekk med meg dansarar og opningsseremoni fra perfekt plassering.

Etter ein dag med foredrag og messe, så var det berre å pynte seg litt og gjere seg klar til kvelden.
Eg og Rune kom i det seinaste laget, men kollegaene mine hadde kapra to bord heilt framme med scena. Ikkje noko EG set pris på, som likar å sitje i eit hjørne og vere litt usynleg. Men der fekk vi altså sitje klin oppi scena, og dette biletet viser kor nærme vi var:

Terje Sporsem hadde stand-up x 2, og eg må innrømme at sjølv om eg var kjempenervøs for at han skulle involvere meg eller Rune på eit vis, så flira eg til tårene trilla.
Det var ein kjekk kveld med god mat og drikke, og jobben min fekk også ein pris! Det vil seie kollegaen min fekk pris for flest selde einingar (leilegheiter) i 2015!
Dagen etter blir som den brukar å bli. Litt uggen og trøtt, men det går seg til etterkvart.
Eg var heldig og slapp å delta på messa frå morgonen, så eg og Rune stod opp til lunsj, og spiste vår frukost då.
Eg må seie at Rune ikkje var veldig snill med meg som forsynte seg av SLIK mat denne uggne morgonen: 
 Medan eg klarte meg med ei brødskive og ein slik:
Så var det å delta på foredrag igjen, og etter mykje fagleg nytt så var det atter ein gong på tide å gjere seg klar til festmiddag. Denne laurdagen var litt meir spesiell, for temaet var James Bond, og difor måtte vi jo sjølvsagt kle oss opp litt ekstra.
Eg i gullkjole som James Bond-pike, og Rune som ein kjekk og sjølvaste James Bond
Kjempegøy å kunne tøyse litt og fjonge seg opp til eit slikt høve. Då er alt lov!

 I gull og "tvers-over" så gjekk vi på rød løpar inn i salen!

Her er eg og alle James-kollegaene mine. Litt dårleg bilete, men dog.
(I mangel på våpen imiterte nokre ein pistol med hendene sine.)
Nydeleg mat nok ein gong, Linn Skåber var konfransier, og festen varte til seine nattestimar.
Nok ein vellukka konferanse, med mange gode og artige minner.

Søndag sjekka The Rotevatns ut av hotellet og kom oss inn til vår 2. heimstad, Oslo by. Her tok vi tok vi ein tredagars ferie, berre oss to.

Eg må sei det var spesielt å sitje på St.Hanshaugen og drikke kaffe, og sjå meg omkring. Tenk her har eg budd, og vandra rundt i 7 år!
Bort sett frå å kose oss i byen i lag, vandre rundt og shoppe litt, så var eit føremål å møte "nett-dama" mi Linda også! Ho har eg vorte kjend med via Pinnsvinhjelpen og vi arbeidde i adm. mykje ilag der.
Etter vi slutta i den organisasjonen så har vi heldt kontakten dagleg, og ho har vorte ei kjempegod venninne.
Vi skulle treffast for første gong "live", og det vart nesten som ein blinddate! Ville vi "klikke" så godt som vi gjer på chat og på telefon? Å jadda!






Ingen problem det, og vi skravla og tøysa i ett frå vi møttes til vi skildte lag. Vi skulle ta ein "selfie" ilag, og det gjekk som det måtte gå: Tøys og fjas! haha!
Vi møttes på St.Hanshaugen og kunne sitje ute i første vårvarmen i år. 11 grader og sol.

Eg møtte også desse godingane her, Irene og Vilde.
Vi spiste middag ilag og skravla til det vart kaldt og mørkt. Tida går fort når ein har det kjekt!
Det er så synd at eg ikkje får vere ilag med desse fine folka oftare...
Vi skulle møte fleire, men tida rakk ikkje til med konferanse heile helga, og så kom kvardagen for dei fleste som skulle på arbeid. Så då får vi treffe dei andre når vi skal til Oslo neste gong!

Vi brukte siste dagen til å shoppe litt. Rune kjøpte litt musikk og kosa seg i dei butikkane. Medan eg vandra i byen, kikka litt i butikkar, drakk milkshake på ein benk ved domkirka og kosa meg glugg.
 
Einaste eg hadde i shoppingbag'en var strømper og undertøy, og ein genser.

Avslutninga på mini-ferien og dagen tok vi på ein kjempekoseleg pizzarestaurant. Vi bestilte som anbefalt ein stk italiensk pizza kvar. Det var EIN porsjon sa dei.


Jau! Det må vere den største porsjon med pizza eg har sett! Eg åt faktisk nesten heile, men droppa skorpene for å få plass til det gode! Men til mi trøst i ettertid, så hadde den meget tynn botn.

Mette gjekk vi til hotellet igjen og la oss, fornøgd og glad. Dagen etter skulle vi køyre heimatt, men det var heilt ok. Trist å forlate Oslo, men det gjekk fint med så mange gode minner etter turen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar