Å gå i Oslogatene er spesielt. Det er mykje folk over alt, kø, kaotisk, musikk, latter, glede, stress, og det gir rett og slett mange inntrykk på ein gong.
Etter å ha vore nokre dagar i Oslo der eg sjølv ikkje var stressa, men hadde god tid, så ser ein gjerne ting ein ikkje tenkjer så mykje på i kvardagen.
For det første så gjeld det å løfte blikket! Sjå på arkitekturen på bygga, det er så mykje meir i gatene enn asfalt og brostein! Setje seg ned på ein benk og sjå på folk. Nyte berre det å eksistere.

Eg sat slik og drakk ein deilig milkshake utanfor domkirka. Såg på bygningane på ein heilt annan måte enn før når eg budde i Oslo. La merke til ting og detaljar eg ikkje hadde sett før. Såg på folk som kosa seg, men også folk som stressa frå jobb og skulle rekke t-bane og buss, hente i barnehage og handle til middag. Der sat eg med all verdens tid i mi eiga lille boble.
Eg gjekk litt i gatene aleine, og der er det mange som tiggar og andre som sel blad. Dei folka er det ikkje så mange som vil sjå. Ein snur seg gjerne vekk, kikar i bakken eller går ein liten halvsirkel rundt dei. Rune og eg gir ofte pengar til dei som treng det, og Rune har hatt mang ein samtale med skjebnene i Oslo, som gir djupe og varige spor. For det er så lite som skal til for å hamne i ein slik situasjon. Og det er sårt å ikkje kunne hjelpe meir. Å kjøpe ein kaffi, ein burger, eller spør kva dei har lyst på, det kan ein godt gjere i staden for å gi pengar. Rune fortalte at han sat på ein benk og åt Bamsemums med ein mann ein gong i Oslo når vi budde der. For det var det mannen ville, prate og dele ein pose Bamsemums som Rune spanderte.
Men eg møtte ei dame denne dagen, som selde =Oslo. Eg sa til ho at eg måtte ta ut pengar, men at eg ville gjerne kjøpe eit blad med ho. Ho såg litt mistruande på meg, for det har nok mange sagt før meg, og ikkje komt tilbake. Butikken eg skulle ta ut pengar på hadde ikkje kontantar å gje vekk, så eg gjekk ut att til dama og fortalte det. Då hadde ho ikkje fleire blad igjen...
Eg, utan kontantar, og ho utan blad, stod og prata litt. Vi vart einige om at vi skulle ta følgje og finne ein mini-bank. Ho skulle likevel kjøpe seg 2 nye blad ho skulle selje vidare. Fleire hadde ho ikkje pengar til no og hadde hatt ein immari dårleg morgon.
Eg tok ut 400 kr. Eit blad kostar 100 kr, og eg kunne no ikkje be om å få veksle ein 200 lapp!?
Nei. Så ho fekk 200 kr. Ho vart så glad at eg fekk den godaste klemmen. Men ho var så bekymra for ho ikkje hadde blad til meg der og då. Eg sa ho skulle få pengane, og heller kjøpe 4 nye blad for dei, så ville ho doble beløpet. Og eg? Eg kunne kjøpe eit blad frå ein annan som også trengte pengar.
Vi gjekk gjennom Karl Johan ilag, prata og flira, men samtalen var også alvorleg. Det slo meg at mange folk glante på oss. Kva var det dei tenkte? Ein kunne sjå at dama ikkje hadde det så bra, og at ho levde av å selje blad. Nokre såg på oss med undrande blikk, medan andre såg på oss og smilte. Men dei fleste stressa forbi utan å gjere noko uttrykk for nokon ting. Slik er det. Eg brydde meg ikkje om dei.
Vi møtte ein venn av ho, ein ung gut. Han kunne ikkje vere meir enn 20 år. Han gjekk med blad i handa, og eg ville kjøpe med han. Han hadde nettopp brukt alle kontantar på blad, men sjølvsagt skulle han få heile 200 lappen utan å veksle. Det smerter meg å sjå guten i augene, og tenke på kor uheldig han har vore og kor annleis ting kanskje kunne blitt for han. Og å sjå dette lille eg gjorde kunne gjere ein ung gut så glad! Han gjekk vidare og eg undra meg over om han har ein plass å bu i natt.
Dama sa guten var ein fantastisk snill gut, og takka for at eg kjøpte med han.
Eg og dama gjekk vidare til vi skulle skiljast kvar vår veg. Då eg spurte kva ho heite sa ho Liv. "For ei dame! Og for eit liv..."-tenkte eg, og tygde litt på det med namnet "Liv".
Så sa ho sa ho hadde eigentlig to navn: Liv-Alice.
Det var no meir enn utruleg! Og ho smilte fra øyre til øyre når eg sa mitt navn. Det er jammen ikkje mange som heiter det, var vi einige om.
Der stod vi;
To damer som nettopp møttes på gatene i Oslo.
Ei på 38, og ei på ca 50.
To vidt forskjellige liv,
To forskjellige skjebner,
med samme namn.
Ho kunne fortelje meg at ho hadde ein plass å bu, så eg trengte ikkje vere redd for ho. Og no skulle ho kjøpe seg fleire blad og rekke siste bit av rush-timen og kanskje få seld alle.
Ho skulle aldri gløyme meg. Ikkje berre for at eg gav pengar, men for at eg orka å prate med ho, og gå ilag med ho fra toppen av Karl Johan til Oslo Sentralstasjon.
Og eg kunne forsikre ho om at eg kjem aldri til å gløyme ho heller.
Dette er som sagt ikkje eit innlegg som er meint for å fortelje at eg har vore sååå snill og gitt sååå mykje pengar... Men det handlar om å løfte blikket, sjå på bygningane, sjå på livet, skape inntrykk, og ikkje minst sjå på folka! Ta av skuggelappane. 400 kr er ikkje så mykje pengar for folk som har jobb, som har hus, og som har det ein treng i kvardagen.
Dette var ein dag til å setje ting i perspektiv. Det finns så mange skjebner, og det skal så bittelite til før ein kan hamne i ein slik situasjon som Liv-Alice er i. Grunnane er mange.
Ein skal ikkje måtte gi pengar til alle ein møter på gatene kvar dag, det sei seg sjølv. Men å gi av og til, om det så er 5 kr, det hjelp.

Eg tenker ofte på Liv-Alice, på den unge guten med den burgunder capsen, på jenta på min eigen alder som såg så sliten ut men var så blid, på guten som så vidt klarte å snakke... Der er så altfor mange som treng hjelp.
Og det er samtidig vanskeleg å hjelpe dei nok.
Men ein viktig ting: Sjå dei, sjå dei i augene og snakk med dei! Dei er som alle andre, berre eit menneske dei også!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar