fredag 1. april 2016

Eggebrød

Cloud bread!
Skybrød? Eller luftige eggebrød?
Vanskeleg å finne treffande namn på desse greierne her.
Men etter påska, med mykje smågodt, potetgull og anna digg, så vart augene fanga av denne oppskrifta. Ei så enkel oppskrift at sjølv EG kan lage det, og med berre 3 ingrediensar! Nesten ingen karbohydrater, lite kaloriar, glutenfritt – alt utan hevetid.
Einaste ein treng er egg, bakepulver og kremost. Eg brukte krydderost, for eg ønska dei skulle ha litt smak. Nei, det blir ingen omelett! Det blir eit slags brød, som ein har pålegg på! Men ja, dei smakar av egg sjølvsagt.
Og per stk (utan pålegg) er det berre 56 kcal!

Oppskrift:
3 egg
1 ts bakepulver
3 ss kremost

Eggekvita piskar ein stiv først. Rører så ihop resten av egga med kremosten. Bland forsiktig kremost-røra ned i eggekvita.
Legg 6 klatter med røre på eit bakepapir på steikeplata, og set dei i omnen i omlag 20-25 min på 150 grader og steik til dei blir gyllen brun.

 
Konsistensen blir veldig luftig, nesten svampete, og litt merkeleg å ete. Ingen tyggemotstand. Så her er det litt greit å ha litt godt pålegg på.

Rune åt 1, men leita så fram brødskivene igjen. Eg åt 2, og var fornøgd. Om det er fordi eg åt dei på trass veit eg ikkje, og om eg erstattar knekkebrøda eller grovskivene med dette i framtida er uvisst. Men som ein litt annleis variant var dette eigentleg veldig godt.
Magen protesterte ikkje heller, så det er kanskje noko i det at det er glutenfritt. Godt for magen min iallefall.

Sleng med eit bilete av deileg 2. påskedag frukost!
Vaflar av eiga 'oppskrift' og nyrørt bringebærsyltetøy med bringebær frå eigen hage.
Drømte heile morgonen om bringebærslusj i vaffelkorg(!) Så då måtte eg berre lage slikt til frukost.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar