torsdag 11. desember 2014

15 år som kjærestar!

1. desember 1999 skjedde det. Frøken Ødegård vart kjærast med Mister Rotevatn.
Og 1. desember 2006 trulova dei seg på ein benk i parken på St.Hanshaugen i Oslo!
(Denne faktisk)
 
Og i år måtte vi no feire litt at vi hadde vore ilag i 15 år!
Tida går jammen fort! Og det gjorde det i tida før denne datoen også. Så ei storfeiring med mykje gåver, blomster, hotell etc var det ikkje! Men det viktigaste av alt; vi hadde det strålande koseleg og kjekt ilag!
Dagen for feiring vart laurdag 29. november, sidan 1. desember var på ein måndag og arbeidsdag.
 
Med ein gong det vart skumring så pakka vi sekken og tok med sitjeunderlag og ved ned til stranda vår. Der sette vi oss godt tilrette i steinrøysa og laga bål, og hadde ein fakkel litt ut på moloen.
Det var heilt blikkstille, og vi såg ikkje kvar det var sandstrand eller vatn. Trollsk stemning, men trygt og godt, og utruleg vakkert!
 
Der åt vi klementin, og drakk (eg) kaffe og julekake, og berre nytte den fine stunda til vi var tomme for ved. 

Etterpå var det kjempegod middag laga av kokken Rune, og som vanleg smakte det fortreffeleg!
Skåla i sjampis som dessert, og kunne mimre og kose oss heile kvelden!
Perfekt laurdag!
 

tirsdag 9. desember 2014

Girls'a mine!

Midt i november, ein månad sidan, var eg på besøk hos Anne på Hareid. Dit kom også Elisabeth, og vi var endeleg samla alle tre igjen!
Som vanleg med mykje god snacks og snoperi, litt godt å drikke på, og godstemning! Og stretchy-pants! :)

Vi fekk besøk av kule Pegasus, som såvidt turte å liste seg inn på "damerommet". Han følte seg nok ikkje heilt heime der! Men merksemd det fekk han i alle fall.
Anne er nok den einaste som kan spele gitar av oss tre, og tok eit lynkurs for Elisabeth.

 
Eg snappa ukulela og trudde eg skulle kunne henge på, men den hadde berre 4 (eller 5?) strengar, og er ikkje som ein vanleg gitar, så der måtte eg improvisere gitt!
Vi var som dei syngende/spelande husmødre der vi sat, iallefall følte eg meg slik! Ja, bortsett frå "husmor" då... Eg kan ikkje skryte på meg det heller. Eller, eg er kanskje det, men er verken god på det eller å spele gitar, eller å synge. Men det var moro! I sånn ca 20 minutt!
Då gjekk vi heller over til noko anna; å spele på krystallglas!


Nok ein kjekk kveld med girls'a mine!
Måtte det gå fort til neste gong!

søndag 9. november 2014

Besøk

Kven ER det som har vore på besøk tru.....???

Jau då, ingen andre enn mamma og pappa!!

Dei kom på besøk forrige fredag (ja, det er lenge sidan eg har blogga no)
og då tek dei som vanleg alltid med seg godteri til oss. Denne skåla er STOR, og eg trur faktisk det er iallefall 2 kg oppi der.

Dei er så snille og gode, og tok oss med ut og spanderte middag på oss!
Nydeleg mat var det også!
Det var kjempekjekt med besøk!
Ein vil nok alltid trenge ein mamma- og pappaklem!

Mamma og pappa!

Litt vanskeleg å ta selfie av seg sjølv, Rune, maten osv.
Men vi kom no med på sitt vis.

Takk for besøket! Sjåast nok igjen ganske snart håpar eg!




onsdag 5. november 2014

Besøk og puseprat

For eit par vekers tid sidan så besøkte eg Anne-mi!
Anne!
Vi tok oss faktisk ein tur til Fosnavåg.
Eg må innrømme at eg aldri har vore der! Det vi seie; som eg hugsar...
Der var ikkje så mykje spennande heller akkurat, men vi fekk no kika litt i butikkar og spist på ein kjempekoseleg cafè. Einaste at det var kjempedeilig å kjenne sjølukta igjen, og sjå utover øyane. Der var litt fint når sola skein, så idyllisk var det somme plassar.
 
Maten var så god, nåtte berre ta eit bilete!

Her sat vi lenge og vêl, og gløymte i grunnen at vi sat ute blandt folk, og ikkje heime i privat stove. Men slik var det der! Heimekoseleg!
 
Anne har to Maine Coon-kattar. I tillegg til dronninga, Dezzie Blue, så har ho altså fått seg ein prins også. Pegasus.
Han er berre "kattunge" enno, eller kanskje ein "ungdom".
Men han skal vekse enno meir, og sjekk kor stor han allereie er: 
Anne og Pegasus

Denne tv'en er ikkje liten, for å seie det slik. Og Pegasus snusar seg fram.
Anne må låse dørene i huset, ellers opnar han dei opp sjølv.
Men ein skal ikkje la seg skremme av storleiken, for eg fann ut at han er ei lita pingle! Kjemperedd når eg tok ein søt liten bamse og laga lyse boffe-lydar! Til og med muse-pipelydar var han skeptisk på! Hehehe!

Dette er sjøvlaste dronninga! Ho har alltid vore kjempestor i mine auger, men er no blitt "lita" i forhold til prinsen. Som eigentleg bør kallast KONGEN!
 
Desse kattane må børstast ofte, og dei røyter mykje viss ein ikkje gjer det. Men, eg som er veldig allergisk mot kattar tåler dei! Merkar ikkje nokonting til allergi, lukt eller astma! Så dette kan no vere eit alternativ til hund faktisk!

Det går framover! Og oppover!

Sjå kva eg klarer no!!!
Frå å ikkje klare å løfte arma meir enn ca 20* fram og opp, til å klare å løfte den sååå høgt!

Veldig glad og stolt at det har gått såpass mykje framover (og oppover)
 
Eg får fortsatt ikkje til å legge arma bak på ryggen, og å strekke den ut og opp til sida er også vanskeleg. Det stoppar opp, og når eg når lengst mogleg, så stikk det til. Men eg ser jo at det går betre og betre, sjølv om det er med musesteg.
Gjer eg ein uventa eller spesiell bevegelse så høgg det til og eg berre veit at om 2-3 sekund så kjem "kniven". Då stikk det til og verker som berre det, men så går det over etter omlag 1 minutt. Ikkje så lett å styre seg med dei bevegelsane...
 
Eg er no for tida 50% sjukmeldt.
Så frå først 100%, så til 80%, og siste 2 vekene til 60%, så blir eg meir og meir arbeidsfør frå no av også. Prosentdelen går nedover! Noko som gledar meg!
 
Eg klarer fint å jobbe, men problemet er at etter ei stund så stivnar det til og det byrjar å krampe seg i musklane. Og som fysioterapeuten sei så er det så lett å bli irritasjoner i musklar og senar, som kan bli senebetennelse. Noko som vi sjølvsagt må unngå. Eg har ein tendens til å jobbe meir enn eg skal, og det har eg fått merke til kvelden og dagen etterpå. Så her må eg berre høyre på legen og fysioterapeuten, og ikkje til mitt dårlege samvit overfor jobben...
 
Det er iallefall kjekt med framgang, sjølv om det går seint!

torsdag 16. oktober 2014

Opptrening

I skrivande stund er det omlag 7 veker sidan eg opererte, og eg hatt 10 timar med fysioterapi. Desse timane består i å ligge på benken og trene/vingle med slynger inne hos fysioterapeuten. Etter det er eg av og til heldig og får litt massasje i nakke og skulder.
Så er det ut i treningsrommet og trene på eigenhand. 
Eg har hatt framgang no, og det frydar meg at eg når opp i 2. hylle i kjøkkenskapet, OG at eg klarer å løfte arma når den ligg langs kroppen. Så no går det rette vegen!
 
Denne dagen var eg aleine i dette rommet, og tøffa meg med selfies og sjølvutløysar på kameraet!
Dette apparatet brukar eg mykje. Har slike bøyler å halde i, ein i kvar hand, og "stakar" på ein måte slik som ein gjer på ski. No når eg opp utan å hjelpe til med venstre hand, og forutanom litt småstikk, så går det bra! Litt snodig å ha på omlag 2,5 kg på kvar arm berre, men det er viktig med babysteps. 

Før dette biletet vart teke var det nokre mislykka forsøk! Hahaha! Men eg står altså slik og lener meg framover med armane fram. Litt tyngde framover, så trener både styrke og utslag i skuldrane.
 

Her står eg med albogane inntil kroppen, og dreg stanga ned og opp utan å bruke så mykje skuldrane.
Gjer eit par andre øvingar også, men det var ikkje så lett å ta bilete! hehe!
 
Men eg driv no på slik, og prøver å trene slynger heime også.
 
No har eg vore 80% sjukmeldt i 2 veker. Eg prøvde å få gradert sjukmelding med lege, men det ville han ikkje gi meg. Eg fekk ein slags begynnande senebetennelse/irritasjon i skuldra rett før veke 6, så eg må visst ta det litt med ro ei stund til.
 
Så ein bør vel høyre på doktormannen!
 
 
 
 
 
 
 
 
 

mandag 13. oktober 2014

Anne + Roar = Sant

Kvelden før kvelden:
Elisabeth og eg køyrte til Brumunddal på fredagen, og kom fram til forlovaren til Anne ca kl 21.00 på kvelden. Inger tok oss berre så godt i mot, og det kjekke var at Anne også skulle bo der før den store dagen.
27. september 2014, dagen då Anne og Roar vart gift!! :)
 
Inger tok fram "lykkebobler" og vi kosa oss ilag og gjorde dei siste førebuingane før bryllaupet.
 
Anne laga sin eigen brudebukett: 
Ho er berre sååå flink! Med lilla kalaer og roser, perler og strå, og ting frå Inger sin hage, så fiksa ho denne på ca 1/2 time! Ikkje verst!
Elisabeth ordna neglane til bruda og forlovaren, medan Anne gjekk over talane sine. 
 
Bryllaupsdagen kom!
Og utanfor Hamar tingrett fann vi bruda, forlovaren og vesle Esther (dattera til Inger).
Dei var berre så fine! Og Anne var heilt nydeleg! Perfekt laga til på håret, perfekt sminka, perfekt bukett og ein nyyydeleg, klassisk kjole!
(Eg sleng på ein sjølvskryt at eg var med og fann denne kjolen. Hehe)

 
Inne på tinghuset gav dei sitt ja, og vart gifte etter alle lovens reglar og i kjærleikens namn!
Roar hadde ny dress, frå topp til tå i Moods. Han var rett flott han også!
 
Det var eit kjempekjekt bryllaup, og eg og Elisabeth kosa oss ilag heile kvelden. Vi kjente ingen frå før, så vi var litt borrelås på kvarandre, men slik er vi berre! :)  
Fine Elisabeth!
 
Og så det einaste biletet som dokumenterte at eg var med eg også! :) 
 
Kjempegod og veldig fin bryllaupskake! 
 
Gratulerer til Anne og Roar med den fine bryllaupsdagen!!
Og takk for at eg fekk vere med og feire!

fredag 10. oktober 2014

Første hobbyaktivitet i rommet mitt

Eg kom over ein ide om å smelte servietter på kubbelys, og dette var mine første lys.
 
Dette kan gjerast ved å klippe ut eit motiv fra ein serviett, og ta det øverste, tynne laget på servietten og plassere det der du ønsker på lyset. Så kan ein halde ei skei over eit telys slik den blir varm, og bruke den til å smelte servietten inn i voksen. Det gjorde eg på mine første lys.
Nokon sei at ein kan bruke strykejern også, men å ha bakepapir rundt lyset før ein stryk direkte på. Men det var innmari knotete, og det blei ikkje fint. Vanskeleg å treffe akkurat på motivet.
 
Her er mitt favorittmotiv. Dette lagar eg av serviett. Ein kan også bruke vanleg A4-kopiark dersom ein vil ha eigne bilete på lysa.  

 
Men eg fann ein metode som virka best for meg iallefall. Eg brukte kniv i stadenfor skei, for då vart det større flate å varme/smelte med. Men det tek så lang tid å varme den opp med lys.
Så eg sat der med ein kniv i handa, og det mislykka forsøket med strykejern i minne, og la saman to og to. Fann ei lur løysing, (for min del iallefall), så eg held kniven inntil strykejernet for å varme den opp, og bruker kniven å smelte fast bileta.
 
Slik laga eg ei ekstragåve til Anne og Roar sitt bryllaup;

Redigerte eit bilete på data, og printa ut på vanleg A4 ark. Klipte det ut og plasserte det der eg ville ha det på lyset. 
Dette lyset vart litt lite kanskje, men det var for seint å kjøpe eit nytt...

Varmar opp kniven direkte på det gamle strykejernet mitt. (Greit å bruke eit gamalt, sidan det kan kome litt stearin på det. Men om du bruker ditt vanlege strykejern, så tørk vekk stearinen før du slår det av, så blir det reingjort)

Så stryk eg forsiktig kniven over. Det tek litt tid, så tålmod er greit å ha med seg.
Må passe på at stearinen smeltar skikkeleg gjennom.

Slik vart resultatet! :)
 
Eit lite NB med slike heimelaga lys:
Aldri gå frå lyset! Dersom motivet er av papir så kan motivet rulle innover mot flammen eller stå rett opp, og ta fyr. Serviettmotiva likeins, men har ein tendens til å smelte meir saman med stearinen.
Dersom det ikkje smeltar ilag med stearinen så er det berre å bryte av / rive av etterkvart.
 
 

Prosjekt hobbyrom

Kjært barn har mange namn... Og dette rommet har hatt og får mange kallenamn. Det er soverommet i kjellaren som var Rune sitt gamle soverom når han var ungdom. Og det har siste tida blitt kalla "Kari-rommet" av den enkle grunn at Kari overnatta der dei julene ho og mamma og pappa var her. Men i lang tid var dette enkelt og greit roterommet og lagerrommet.
Så no skal Kari-rommet/Rune-ungdomsrommet/roterommet bli mitt eige rom!!
 
Senga er veldig fin, men rommet var fylt opp av gamle ting som ikkje høyrte til oss. Så no har eg tømt det og sortert ut det som er brukandes, og hagemøbler er plassert ein annan stad.
Men slik såg det altså ut når eg tok malepenselen fatt.
Vil opplyse om at dette prosjektet begynte eg på FØR operasjonen!!! :)

Det er to vindauge på rommet, og her har eg starta grunninga av vindaugskarmane.
Sidan kjellargangen var så full og trang frå før, så var det vanskeleg å flytte alle møbler ut dit, så her var det reine Tetris-spelet når eg manøvrerte meg fram, vegg til vegg.


Eg som starta med kvistlakking, og så etter to veggar så fann eg ut at det var kvistlakk i grunninga... Jaja, dei to veggane blir det iallefall ikkje gjennomslag av kvist på. 
 
Dette rommet blir eit kombi-rom. Det blir gjesterom nr 2, og samtidig mitt hobbyrom, pauserom, furterom, og ikkje minst tilfluktsrom når det er orkan og stormar... Det vert det tryggaste rommet i heile huset dersom tre skal dette ned på taket, eller taket skal flyge av.
 
Slik vart veggane etter siste strøk med maling. Det er ein nydelig og sukkersøt blåfarge. På dette biletet så ser den litt blåere ut enn den er. Ser den kanskje betre på biletet under.
Men som kvart eit skarpt auge ser så kan ein berre ikkje ha dette golvbelegget der!! Og heller ikkje dei grove, mørkebrune, uhøvla og stygge takbjelkane...

Så då la eg golvbelegg (aleine ja) og så begynte vi på taket to dagar før operasjonen. Det gjekk overraskande bra. Vi gjer det som alltid; Eg tenkjer og reknar ut, planlegger og strekar opp. Og Rune sagar platene og spikrar dei på plass. Funka det!
Men, ein ting skal seiast; Ære vere snikkarar som legg plater til dagleg, heilt aleine, for desse er TUNGE!

Siste spikaren på plass! HURRA! Ein letta og litt sliten Rune, og ei overbegeistra Alice som no berre hadde att å male dei gamle taklistene. Dei fekk vi for ein gong skuld på plass under 1 veke etter operasjoen. Hui, kor det går unna berre ein gidd!
 
Slik vart resultatet med nytt golv og nytt sengeteppe! 
Eg er ikkje ferdig å pynte og henge opp saker og ting enno på desse bileta, og heller ikkje i dag når eg skriv dette... Men har i det minste fått på plass gardiner sidan denne gongen. 
Denne skrivepulten er eg sååå glad i. Det er morfaren til Rune som har laga den sjølv, og det er vel ca 80 år no vil eg tru. Perfekt høgde og storleik. 
 
Rommet MITT vert litt pastellfarga, sukkersøtt og fylt med både gamle og nye ting. Og desse lysa frå Europris har eg berre lyst å ete opp! Men fann ut at dei passa fint på den gamle kjøkkenvekta.
 
Malepenslane mine sette eg oppi ein gammal kaffekjele. Nytt og gamalt, hand i hand.
 
Med rommet intakt så har eg i mi sjukmeldingsperiode brukt det heile 1 gong... Litt lite, men det er jo fordi eg ikkje kan sitje der og male eller styre så fælt enno. Men eg har no pusla ein kveld og laga ei lita gåve til Anne og Roar til bryllupet i det minste. Det skal eg skrive om i neste innlegg.