Sjå kva eg klarer no!!!
Frå å ikkje klare å løfte arma meir enn ca 20* fram og opp, til å klare å løfte den sååå høgt!
Veldig glad og stolt at det har gått såpass mykje framover (og oppover)
Eg får fortsatt ikkje til å legge arma bak på ryggen, og å strekke den ut og opp til sida er også vanskeleg. Det stoppar opp, og når eg når lengst mogleg, så stikk det til. Men eg ser jo at det går betre og betre, sjølv om det er med musesteg.
Gjer eg ein uventa eller spesiell bevegelse så høgg det til og eg berre veit at om 2-3 sekund så kjem "kniven". Då stikk det til og verker som berre det, men så går det over etter omlag 1 minutt. Ikkje så lett å styre seg med dei bevegelsane...
Eg er no for tida 50% sjukmeldt.
Så frå først 100%, så til 80%, og siste 2 vekene til 60%, så blir eg meir og meir arbeidsfør frå no av også. Prosentdelen går nedover! Noko som gledar meg!
Eg klarer fint å jobbe, men problemet er at etter ei stund så stivnar det til og det byrjar å krampe seg i musklane. Og som fysioterapeuten sei så er det så lett å bli irritasjoner i musklar og senar, som kan bli senebetennelse. Noko som vi sjølvsagt må unngå. Eg har ein tendens til å jobbe meir enn eg skal, og det har eg fått merke til kvelden og dagen etterpå. Så her må eg berre høyre på legen og fysioterapeuten, og ikkje til mitt dårlege samvit overfor jobben...
Det er iallefall kjekt med framgang, sjølv om det går seint!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar