Kvelden før kvelden:
Elisabeth og eg køyrte til Brumunddal på fredagen, og kom fram til forlovaren til Anne ca kl 21.00 på kvelden. Inger tok oss berre så godt i mot, og det kjekke var at Anne også skulle bo der før den store dagen.
27. september 2014, dagen då Anne og Roar vart gift!! :)
Inger tok fram "lykkebobler" og vi kosa oss ilag og gjorde dei siste førebuingane før bryllaupet.
Anne laga sin eigen brudebukett:
Ho er berre sååå flink! Med lilla kalaer og roser, perler og strå, og ting frå Inger sin hage, så fiksa ho denne på ca 1/2 time! Ikkje verst!
Elisabeth ordna neglane til bruda og forlovaren, medan Anne gjekk over talane sine.
Bryllaupsdagen kom!
Og utanfor Hamar tingrett fann vi bruda, forlovaren og vesle Esther (dattera til Inger).
Dei var berre så fine! Og Anne var heilt nydeleg! Perfekt laga til på håret, perfekt sminka, perfekt bukett og ein nyyydeleg, klassisk kjole!
(Eg sleng på ein sjølvskryt at eg var med og fann denne kjolen. Hehe)
Inne på tinghuset gav dei sitt ja, og vart gifte etter alle lovens reglar og i kjærleikens namn!
Roar hadde ny dress, frå topp til tå i Moods. Han var rett flott han også!
Det var eit kjempekjekt bryllaup, og eg og Elisabeth kosa oss ilag heile kvelden. Vi kjente ingen frå før, så vi var litt borrelås på kvarandre, men slik er vi berre! :)
Fine Elisabeth!
Og så det einaste biletet som dokumenterte at eg var med eg også! :)
Kjempegod og veldig fin bryllaupskake!
Gratulerer til Anne og Roar med den fine bryllaupsdagen!!
Og takk for at eg fekk vere med og feire!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar