For eit par vekers tid sidan så besøkte eg Anne-mi!
Anne!
Vi tok oss faktisk ein tur til Fosnavåg.
Eg må innrømme at eg aldri har vore der! Det vi seie; som eg hugsar...
Der var ikkje så mykje spennande heller akkurat, men vi fekk no kika litt i butikkar og spist på ein kjempekoseleg cafè. Einaste at det var kjempedeilig å kjenne sjølukta igjen, og sjå utover øyane. Der var litt fint når sola skein, så idyllisk var det somme plassar.
Der var ikkje så mykje spennande heller akkurat, men vi fekk no kika litt i butikkar og spist på ein kjempekoseleg cafè. Einaste at det var kjempedeilig å kjenne sjølukta igjen, og sjå utover øyane. Der var litt fint når sola skein, så idyllisk var det somme plassar.
Maten var så god, nåtte berre ta eit bilete!
Her sat vi lenge og vêl, og gløymte i grunnen at vi sat ute blandt folk, og ikkje heime i privat stove. Men slik var det der! Heimekoseleg!
Anne har to Maine Coon-kattar. I tillegg til dronninga, Dezzie Blue, så har ho altså fått seg ein prins også. Pegasus.
Han er berre "kattunge" enno, eller kanskje ein "ungdom".
Men han skal vekse enno meir, og sjekk kor stor han allereie er:
Anne og Pegasus
Denne tv'en er ikkje liten, for å seie det slik. Og Pegasus snusar seg fram.
Anne må låse dørene i huset, ellers opnar han dei opp sjølv.
Men ein skal ikkje la seg skremme av storleiken, for eg fann ut at han er ei lita pingle! Kjemperedd når eg tok ein søt liten bamse og laga lyse boffe-lydar! Til og med muse-pipelydar var han skeptisk på! Hehehe!
Dette er sjøvlaste dronninga! Ho har alltid vore kjempestor i mine auger, men er no blitt "lita" i forhold til prinsen. Som eigentleg bør kallast KONGEN!
Desse kattane må børstast ofte, og dei røyter mykje viss ein ikkje gjer det. Men, eg som er veldig allergisk mot kattar tåler dei! Merkar ikkje nokonting til allergi, lukt eller astma! Så dette kan no vere eit alternativ til hund faktisk!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar