Kjært barn har mange namn... Og dette rommet har hatt og får mange kallenamn. Det er soverommet i kjellaren som var Rune sitt gamle soverom når han var ungdom. Og det har siste tida blitt kalla "Kari-rommet" av den enkle grunn at Kari overnatta der dei julene ho og mamma og pappa var her. Men i lang tid var dette enkelt og greit roterommet og lagerrommet.
Så no skal Kari-rommet/Rune-ungdomsrommet/roterommet bli mitt eige rom!!
Senga er veldig fin, men rommet var fylt opp av gamle ting som ikkje høyrte til oss. Så no har eg tømt det og sortert ut det som er brukandes, og hagemøbler er plassert ein annan stad.
Men slik såg det altså ut når eg tok malepenselen fatt.
Vil opplyse om at dette prosjektet begynte eg på FØR operasjonen!!! :)
Det er to vindauge på rommet, og her har eg starta grunninga av vindaugskarmane.
Sidan kjellargangen var så full og trang frå før, så var det vanskeleg å flytte alle møbler ut dit, så her var det reine Tetris-spelet når eg manøvrerte meg fram, vegg til vegg.
Eg som starta med kvistlakking, og så etter to veggar så fann eg ut at det var kvistlakk i grunninga... Jaja, dei to veggane blir det iallefall ikkje gjennomslag av kvist på.
Dette rommet blir eit kombi-rom. Det blir gjesterom nr 2, og samtidig mitt hobbyrom, pauserom, furterom, og ikkje minst tilfluktsrom når det er orkan og stormar... Det vert det tryggaste rommet i heile huset dersom tre skal dette ned på taket, eller taket skal flyge av.
Slik vart veggane etter siste strøk med maling. Det er ein nydelig og sukkersøt blåfarge. På dette biletet så ser den litt blåere ut enn den er. Ser den kanskje betre på biletet under.
Men som kvart eit skarpt auge ser så kan ein berre ikkje ha dette golvbelegget der!! Og heller ikkje dei grove, mørkebrune, uhøvla og stygge takbjelkane...
Så då la eg golvbelegg (aleine ja) og så begynte vi på taket to dagar før operasjonen. Det gjekk overraskande bra. Vi gjer det som alltid; Eg tenkjer og reknar ut, planlegger og strekar opp. Og Rune sagar platene og spikrar dei på plass. Funka det!
Men, ein ting skal seiast; Ære vere snikkarar som legg plater til dagleg, heilt aleine, for desse er TUNGE!
Siste spikaren på plass! HURRA! Ein letta og litt sliten Rune, og ei overbegeistra Alice som no berre hadde att å male dei gamle taklistene. Dei fekk vi for ein gong skuld på plass under 1 veke etter operasjoen. Hui, kor det går unna berre ein gidd!
Slik vart resultatet med nytt golv og nytt sengeteppe!
Eg er ikkje ferdig å pynte og henge opp saker og ting enno på desse bileta, og heller ikkje i dag når eg skriv dette... Men har i det minste fått på plass gardiner sidan denne gongen.
Denne skrivepulten er eg sååå glad i. Det er morfaren til Rune som har laga den sjølv, og det er vel ca 80 år no vil eg tru. Perfekt høgde og storleik.
Rommet MITT vert litt pastellfarga, sukkersøtt og fylt med både gamle og nye ting. Og desse lysa frå Europris har eg berre lyst å ete opp! Men fann ut at dei passa fint på den gamle kjøkkenvekta.
Malepenslane mine sette eg oppi ein gammal kaffekjele. Nytt og gamalt, hand i hand.
Med rommet intakt så har eg i mi sjukmeldingsperiode brukt det heile 1 gong... Litt lite, men det er jo fordi eg ikkje kan sitje der og male eller styre så fælt enno. Men eg har no pusla ein kveld og laga ei lita gåve til Anne og Roar til bryllupet i det minste. Det skal eg skrive om i neste innlegg.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar