I skrivande stund er det omlag 7 veker sidan eg opererte, og eg hatt 10 timar med fysioterapi. Desse timane består i å ligge på benken og trene/vingle med slynger inne hos fysioterapeuten. Etter det er eg av og til heldig og får litt massasje i nakke og skulder.
Så er det ut i treningsrommet og trene på eigenhand.
Eg har hatt framgang no, og det frydar meg at eg når opp i 2. hylle i kjøkkenskapet, OG at eg klarer å løfte arma når den ligg langs kroppen. Så no går det rette vegen!
Denne dagen var eg aleine i dette rommet, og tøffa meg med selfies og sjølvutløysar på kameraet!
Dette apparatet brukar eg mykje. Har slike bøyler å halde i, ein i kvar hand, og "stakar" på ein måte slik som ein gjer på ski. No når eg opp utan å hjelpe til med venstre hand, og forutanom litt småstikk, så går det bra! Litt snodig å ha på omlag 2,5 kg på kvar arm berre, men det er viktig med babysteps.

Før dette biletet vart teke var det nokre mislykka forsøk! Hahaha! Men eg står altså slik og lener meg framover med armane fram. Litt tyngde framover, så trener både styrke og utslag i skuldrane.
Her står eg med albogane inntil kroppen, og dreg stanga ned og opp utan å bruke så mykje skuldrane.
Gjer eit par andre øvingar også, men det var ikkje så lett å ta bilete! hehe!
Men eg driv no på slik, og prøver å trene slynger heime også.
No har eg vore 80% sjukmeldt i 2 veker. Eg prøvde å få gradert sjukmelding med lege, men det ville han ikkje gi meg. Eg fekk ein slags begynnande senebetennelse/irritasjon i skuldra rett før veke 6, så eg må visst ta det litt med ro ei stund til.
Så ein bør vel høyre på doktormannen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar