1. desember 1999 skjedde det. Frøken Ødegård vart kjærast med Mister Rotevatn.
Og 1. desember 2006 trulova dei seg på ein benk i parken på St.Hanshaugen i Oslo!
(Denne faktisk)
Og i år måtte vi no feire litt at vi hadde vore ilag i 15 år!
Tida går jammen fort! Og det gjorde det i tida før denne datoen også. Så ei storfeiring med mykje gåver, blomster, hotell etc var det ikkje! Men det viktigaste av alt; vi hadde det strålande koseleg og kjekt ilag!
Dagen for feiring vart laurdag 29. november, sidan 1. desember var på ein måndag og arbeidsdag.
Med ein gong det vart skumring så pakka vi sekken og tok med sitjeunderlag og ved ned til stranda vår. Der sette vi oss godt tilrette i steinrøysa og laga bål, og hadde ein fakkel litt ut på moloen.
Det var heilt blikkstille, og vi såg ikkje kvar det var sandstrand eller vatn. Trollsk stemning, men trygt og godt, og utruleg vakkert!
Der åt vi klementin, og drakk (eg) kaffe og julekake, og berre nytte den fine stunda til vi var tomme for ved.
Etterpå var det kjempegod middag laga av kokken Rune, og som vanleg smakte det fortreffeleg!
Skåla i sjampis som dessert, og kunne mimre og kose oss heile kvelden!
Perfekt laurdag!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar