Eg kom over ein ide om å smelte servietter på kubbelys, og dette var mine første lys.
Dette kan gjerast ved å klippe ut eit motiv fra ein serviett, og ta det øverste, tynne laget på servietten og plassere det der du ønsker på lyset. Så kan ein halde ei skei over eit telys slik den blir varm, og bruke den til å smelte servietten inn i voksen. Det gjorde eg på mine første lys.
Nokon sei at ein kan bruke strykejern også, men å ha bakepapir rundt lyset før ein stryk direkte på. Men det var innmari knotete, og det blei ikkje fint. Vanskeleg å treffe akkurat på motivet.
Her er mitt favorittmotiv. Dette lagar eg av serviett. Ein kan også bruke vanleg A4-kopiark dersom ein vil ha eigne bilete på lysa.
Men eg fann ein metode som virka best for meg iallefall. Eg brukte kniv i stadenfor skei, for då vart det større flate å varme/smelte med. Men det tek så lang tid å varme den opp med lys.
Så eg sat der med ein kniv i handa, og det mislykka forsøket med strykejern i minne, og la saman to og to. Fann ei lur løysing, (for min del iallefall), så eg held kniven inntil strykejernet for å varme den opp, og bruker kniven å smelte fast bileta.
Slik laga eg ei ekstragåve til Anne og Roar sitt bryllaup;
Redigerte eit bilete på data, og printa ut på vanleg A4 ark. Klipte det ut og plasserte det der eg ville ha det på lyset.
Dette lyset vart litt lite kanskje, men det var for seint å kjøpe eit nytt...
Varmar opp kniven direkte på det gamle strykejernet mitt. (Greit å bruke eit gamalt, sidan det kan kome litt stearin på det. Men om du bruker ditt vanlege strykejern, så tørk vekk stearinen før du slår det av, så blir det reingjort)
Så stryk eg forsiktig kniven over. Det tek litt tid, så tålmod er greit å ha med seg.
Må passe på at stearinen smeltar skikkeleg gjennom.
Slik vart resultatet! :)
Eit lite NB med slike heimelaga lys:
Aldri gå frå lyset! Dersom motivet er av papir så kan motivet rulle innover mot flammen eller stå rett opp, og ta fyr. Serviettmotiva likeins, men har ein tendens til å smelte meir saman med stearinen.
Dersom det ikkje smeltar ilag med stearinen så er det berre å bryte av / rive av etterkvart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar