torsdag 30. august 2012

Piggete liv

Livet har i det siste i grunnen handla om piggar, mating, støvsuging, vasking, veging i gram(!), avispapir, makuleringspapir, mating, støvsuging og vasking osv dei siste to vekene. Og jobbing da.
Rune er meget fornøgd med å få støvsuga og nyvaska golv kvar dag, medan Lillepigge er litt redd for støvsugaren og blir litt sur på meg. "Hmfrrr, hmfrrrr, hmfrrrr" sei han når eg nærmar meg han etterpå. Men med litt mat i skåla så er han like blid. Er vel slik med dei fleste av oss svoltne sjeler? 

Desse to fine og artige skålene fekk eg for 20 kr stk på dyrebutikken! Dei kostar eigentleg 79, men eg trur historia om Lillepigge sjarmerte dei. Ellers så var det at skålene ikkje var så populære. Velge det første, for du og du så fine eg synes dei er! Lillepigge likar dei også!

Pinnsvinloppene er borte fra Lillepigge no, og han er glad og fornøgd med god matlyst fortsatt. Eg er berre litt hyper (litt ekstrem kanskje) og får litt noia. Likar ikkje tanken på at det kan gå rundt eit par halvdøde lopper som kan bite meg før dei dør. Dei må såfall dø NO!
Men no skal nok alt ver borte. Merkar dei ikkje meir iallefall.
Og vi sit att med eit aldri før så reint hus!

Eg reingjer kassa hans kvar dag. Her er han på veg ut av huset sitt for ein rusletur.
"Haaalloooo? E det trygt her ute? Har du mat til meg forresten?"

Og mat det har eg! Så etter han kjem ut så sett eg han på vekta, og dette biletet er på dag 13! Sjeldan han sitt i ro slik at vekta blir stabil, for han er raskt på tur rundt i gangen.
I dag, to dagar etter dette, så veg han over 300 gram! Hurra!! Tjukkebollen!


Det er ikkje så mykje meir som skjer, ein god del handlar om piggar.
Men vi har no vore på konsert med Oslo Ess! Det var som vanleg veldig gøy! Dei er sååå bra!!

Rune og Åsmund (vokalisten i Oslo Ess)
 

mandag 27. august 2012

Han veks og trivst

No har det gått 11 dagar sidan Lillepigge kom til oss, og begynte å spise seg større og sterkare. Han har no lagt på seg, og er i dag 227 gram! Hurra! Han er jammen glad i mat!
Dette bildet blei tatt onsdag, på 1 vekes dagen hos The Rotevatns.
Og no er han enno større!
Slik har eg gitt han melk, og han har likt denne måten og nektar å drikke av skål.
Men no har eg trappa ned til 1 gong per dag der han får melk fra sprøyte, men ståande på golvet.
I dag drakk han opp 6 slike sprøyter!
 
På 1 veke har han gått frå å vere slik: 
til slik:
Utruleg kor fort han veks!
 
Dagen etter at desse bileta vart tekne, fekk han seg loppekur. Stronghold i nakken, kun 1 dråpe. Sterke saker, så han var i grenseland stor nok til å få det no. Men som alle pinnsvin, så hadde også Lillepigge lopper. Dette oppdaga vi ikkje før onsdagen. Til min store panikk og skrekk.
Heldigvis så held loppene seg til pinnsvinet, og vil ikkje formere seg og leve av mennesker. Dei vil kunne prøvesmake på mennesker, men dør uten Lillepigge. Dei er veldig små og kvite/gule, nesten ikkje til å kunne sjå utan lupe. Eg har merka loppene, men Rune merkar dei ikkje. Men det er vel fordi det er eg som har vore mest med han. Men Lillepigge klør seg ikkje lenger, så det er eit veldig godt teikn!
Så no har fostermor støvsuga og vaska stua, støvsuga sofaer, puter, tepper etc 3 dagar på rad. No skal det ver bra tomt for pinnsvinlopper. Dei dør som sagt uten Pigge, og det er ein lettelse. Men er ikkje noko kjekt å vente på at dei skal dø ut. Så eg framskundar prosessen så godt eg kan.
 
Så no ser vi lyst på framtida alle 3! Loppefri og god apetitt!

 

onsdag 22. august 2012

Lillepigge, 1 veke hos The Rotevatns

Kosestund med Lillepigge. Her har han nettopp slurpa i seg 7 ml lunken geitemelk.Mett og god, og rund i kjakane! Ser nesten ut som ei ugle der han ligg sammenkrølla som i ein sovepose, med potane såvidt stikkande ut.
Han bruker ofte å sovne i hendene mine etter eit slikt måltid.

Han veks, og ser ut til å trivast. Det tek litt tid å lære å kjenne eit slikt lite villdyr, som han faktisk er. Han er ikkje noko kosedyr eller husdyr, så det er viktig å hugse på.
Han spis fortsatt blaut kattemat, av typane kylling eller oksekjøt. Kyllingmaten luktar litt, så eg er glad han likte oksekjøt også, som luktar meir som leverpostei.
Så spis han vitaminbomba avokado, som er feit og god for små pigger.
Egg spis han berre når det er tomt for det andre, men det skal visst gjere han godt å få det i seg.

Derimot drikk han ikkje vatn enno. Han har ei skål med vatn alltid ståande, så han skal ikkje tørste om han ikkje får melk om natta, eller når eg er på jobb. Vi prøvde å lære han å drikke vatn fra skål i går, men Lillepigge har ei sterk personlegheit, og likar ikkje å bli duppa slik nedi skåla, sånn imot si vilje.
Men det kjem vel etterkvart.

Som sagt så veks han no til.
Frå 81 gram til 140 gram på 1 veke! HURRA!
Då trengs det større hus og kasse:
Ei slik plastboks kjøpte eg på butikken, og Rune laga opning/dør på den

Det var eit blankt lok på, så det vil ikkje vere så kjekt å sove med gjennomsiktig tak tenkte eg.
Så her var det fram med eit svart stoffstykke og feste det på.

Inni legg eg lag op lag med avispapir (5-6 ark) og har klipt opp sengetøy i strimlar og bitar.
Her lagar han seg til eit bol kvar natt.

Slik ser det ut i kassa hans no:
Han hentar seg stoff og dreg med seg inn i huset sitt og lagar seg til. I tillegg får han bitar av tørkerull.

Pinnsvin kan ha høy også, men medan han bor i stua vår i byrjinga, så får han ikkje det. Rune og eg er nemleg allergisk mot høy :(
Men eit tips er bruke makulert papir eller makulert avispapir. Det skal han få leike seg med i kveld.

Det er kjekt med eit slikt lite nøste i hus. Han krev ikkje so mykje oppmerksomheit, men er veldig glad når vi kjem att frå jobb. Då får han fersk mat, sprøyter med melk, og kviknar litt til av stemmene våre. Så når vi set og spis middag går han ofte ut og spis litt sjølv. Men på dagtid er han berre ute og spis litt, og så rett innatt for å kvile.
Når det blir mørkt ute og mørkare i stova så luskar han seg ut oftare og oftare, og herjar nedi kassa si. Han er, etter "Pinnsvinets venner i Bergen" si oppfatning, veldig flink og godt utvikla for sin tilsynelatande alder. Det er godt å høyre!
Kjekt er det å vite at han tåler at tv'en står på, tåler musikk og menneskelydar. Han vert ikkje forstyrra av det har eg fått vite av profesjonelle. Men likevel så går Rune og eg på tå forbi kassa, og er mild og fin i stemmene når vi pratar til både han og kvarandre. Hehe! Ei koseleg stemning i huset.

tirsdag 21. august 2012

Bær

"...finn eit strå, og tre det på!"
Neppe!

Her har vi plukka dei overlevande ripsbæra i mange skåler og fryst ned. (Mange fleire enn på biletet altså) Og årets bringebær var utruleg fine, fluffy og kjempegode. Uten makk! Så det vart til saman 3 store skåler med det også. Men der er enno meir i hagen.
Deilig å berre gå ut i hagen og plukke seg dessert, eller noko godt til kvelden!

Blåbæra var kjøpebær, og dei smakte ikkje så mykje. Men det gjorde våre bær! Slafs!
Med litt vaniljesaus oppå dette, så er vi i himmelen!

Rune la ut på facebook at dei 3 første som sa fra kunne komme og plukke bringebær. Det vart nesten tømt i løpet av dagen i går. Genialt av Rune. Bra at deilige bær kan komme til nytte i staden for å rotne bort!
Men der er enno litt til, så eit par skåler med dessertar til blir det nok på The Rotevatns

søndag 19. august 2012

Lillepigge - nytt familiemdlem!

Lillepigge vandra utanfor huset vårt fredag 10. august. Såg han att mandag der han sov midt på vegen vår i solsteiken. Vi prøvde gi han vatn og brødsmular. Han åt en smule og gikk vidare.
 Vassfatet er botnen av et pappkrus!

Lillepigge og store mennesket!

Onsdag fann vi han sovande på plenen, svak og kald. Eg ringte pinnsvinhjelpen, og fekk beskjed å ta han inn med ein gong! Han var for liten til å klare seg sjølv og kunne ikkje ligge der...
Eg gjorde følgande: Laga til ei kasse med avispapir og handduk, la ei varmeflaske med handduk oppå derigjen. Lillepigge la eg på varmeflaska, og prøvde gi han vatn frå teskei, kokt egg og avokado. Han drakk 2 dråpar vatn og sovna.
Var nesten livlaus lenge, men pusta. Vakna så litt til att, og drakk litt meir ut av teskeia. Mest på tvang. Så sov han igjen, og trudde ærlig talt han var død. Kunne snu han på rygg, klø han på magen, løfte på han, utan at han reagerte... Om natta hadde han bevega seg litt i kassa, men var like sløv og pusta tungt. Gispa etter luft på ein måte.

Her er nokre bilete av han første kvelden. Sjuk og svak, og bevega seg ikkje...

 Bitteliten, som ei teskei lang. Så tynn og smal han var.
 Her var han på sitt svakaste. Reagerte ikkje på nokonting. Takal...
 Lillepigge ligg under avispapiret, oppå ei varmeflaske med handduk over. Ser nasetippen stikk ut. Men han søv og var vel nærmast i koma her...

Denne lille vennen var berre 81 gram. Han var i grunnen stor nok til å vere omlag 200 gram, og kunne klart seg aleine. Men han her har vore uheldig. Totalt dehydrert og kjempetynn.
Eg tok han med på jobb, for eg måtte ringe pinnsvinhjelpen og høyre om eg måtte køyre han til dyrelegen for avliving, eller om det var håp. Ho sa eg skulle gi han lunka geitemelk på sprøyte, og eg så gjorde.
Han drakk 1 ml med litt tvang, og sov igjen.

Ved lunsjtider så drakk han 1 full sprøyte, som er ca 3,5 ml. Han livna til att og begynte å reagere på berøring og lydar ver å rulle seg saman igjen. Er det verkeleg håp for Lillepigge?? :)
Her ligg han i handa mi, klar for måltid nr 2. Og han drakk opp heile sprøyta!

Forøvrig var det til stor begeistring å ha han med på jobb. Andre har med hundekvalpar, eg har med piggsvin! :)

Han fekk seg ny og større kasse, og eg tok han med meg heimatt. Der fek han ei sprøyte til med geitemelk, og det var artig å sjå kor han beit på sprøyta for å få meir.
Eg gav han ei te-skei i ei skål med blaut kattemat medan han sov litt. Då eg og Rune kom innatt frå hagen i 19 tida stod han og slafsa i seg all maten, og beit vidare på skåla. Han fekk ei skei til. Dette var godt!!! :) Matlysta var tilbake!

Og eg skal sei det vart liv i leiren! Han kravla rundt, mykje stødigare enn før, gjorde frå seg, beit på handduken, ruska rundt, velta huset sitt og jobba på!
I 22.00 tida sovna han under handduken, sammenkrølla på sida i sitt lille bol. Søt som berre det! Og sikkert litt sliten.


Det har her gått snart 2 døgn sidan vi fann han og tok han inn og det har gått veldig fort frå å vere "nesten død" til såpass livlig som han er no! Håper han klarer seg, og at han blir tjukk og feit nok til å kunne overleve vinteren i dvale ute. Viss ikkje må vi hjelpe han å lage bol ute, eller evt ha han inne i eit kaldt rom.
Det var også med stor glede at eg fann han sovande og nusseleg roleg fredagsmorgon. Eg tok han opp, og gav han ei sprøyte med melk igjen. Den gikk unna som berre det! No har han lært det. Han ville ha meir, og han drakk nesten 2 sprøyter til saman. Så tassa han litt rundt på golvet medan eg reingjorde litt i kassa og bytta avispapir. Avokado og egg har han også fått smaken på no! Det er supermat for små pinnsvin. 

Eg kom litt for seint på jobb på fredag forresten. Men slik er det vel å vere "småbarnsmor" :)

Dette er dag 3: Blitt litt rundare no? :)
Vekta har auka, frå 81 til 103 på 3 døgn! Her er det berre å peise på med godsaker!
Nokre tips om pinnsvin:
ALDRI GI PINNSVIN KUMELK! Gi vatn og kattemat (tørrfôr) om du vil mate dei som går i hagen din. Og gir du dei havregrynsgraut, så bruk vatn i staden for melk!
www.pinnsvinhjelpen.no er ei god nettside som eg har brukt flittig!

lørdag 18. august 2012

Rockabillybryllaup og sommarferie

Lenge sidan eg har skrive her no, og det har no skjedd mykje og litt lite sidan sist.
Vi reiste til Oslo 3. august med tog frå Åndalsnes faktisk, og var i Oslo i ei veke. Utruleg deileg å komme til Oslo S og kjenne varmen som slo mot oss. Det var som å lande i "syden". Ja, det har vore eigentleg ein roten sommar i år også! 1 dag med sol her og der lurer ikkje meg til å tru at sommaren har vore ok fin...

Uansett. Bryllaupet var utruleg kjekt! Sååå gjennomført, enkelt, uformelt, artig og opplevingsrikt!
Eg kjente veldig få personar, men det gjorde ingenting.

Bilete talar for seg sjølv, så eg legg ut nokre bilete frå bryllaupet her:

Odmund og Marthe

 Eg sat ved denne godteribaren, kan tru eg var i himmelen! Massevis av rosa, fristande godteri!


 Denne lysekrona laga Odmund og Marthe sjølv! Kjempekul!

 Marthe og Odmund sat på scena

 Dei tatoverte seg samtidig på scena, symbola for tru, håp og kjærleik, på finrane. Tøfft!



Resten av veka kosa vi oss glugg i Oslos gater! Vi møtte venner og x-kollegaer, spiste ute, shoppa, og berre nytte livet og ferie!
 Brunsj på Aker brygge, Beach Club

Vi ramla innom Pushwagner si kunstutstilling også!
 Lookalike

 Kosa oss!
 Rune kjøpte kake til meg! NAM!

Ein kveld kosa vi oss inne på hotellrommet også. Hadde leilegheit, så Rune laga middag


 Eg møtte søte Nina fra gamlejobben min, men tok dessverre ingen bilete.
Men eg klarte å ta bilete fra min aller første arbeidsplass i Oslo. Her var det Ringbok før, utsalg av billige bøker. Mens det no er Rafens... I Grensen.
 Ein kveld var vi på Last Train på konsert. Her er det signering av vinylsinglar av Hardaball. Gerilja spelte også, og det var ein tøff konsert! :)
 Vilde og Irene! Middag på Kirkerista
 På toget på veg heim. Fornøgd etter ein kjekke tur i Oslo!

Heime har det ikkje vore finever på dei tre første vekene av ferien, så det var kjekt i Oslo å kunne gå i shorts og singlet ute!
Men jammen kom det ein nydeleg søndag, siste dagen av sommarferien. Så den dagen var vi på stranda heile tida! Fekk vel meir brunfarge dei timane enn resten av året til saman...
...ikkje at den fargen visast på dette biletet då men...

 Rune BADA!
 Vår kjære lille strand! VÅR strand!

 Kjærleik