tirsdag 29. mars 2016

Babybesøk

I påska fekk eg besøk av denne vesle og trøtte guten. Alexander heiter han, og er berre heilt nydeleg!
Elisabeth har blitt mormor!! Og dette er altså guten til dattera og kjæresten. Dei var i Volda på besøk i ein drøy time, og Alexander låg slik og søv i fanget mitt heile tida! 
Det var så kjekt med besøk, og å endeleg få helse på det nye vesle mennesket og gi gavene hans før han veks ut av klea!
Det var så kjekt å halde ein baby igjen, det er lenge sidan no! Tanteungane mine er jo blitt store! Og ekstra kjekt når han ikkje skrik, men berre ligg og søv, og har det fint.

Takk for besøket Elisabeth, Angelika, 'Jørgen' og Alexander.
Gleder meg til neste gong vi møtast!

lørdag 26. mars 2016

Løft blikket, og sjå!

Dette blir eit innlegg om ei sak som rører meg og som eg tenker på ofte, og som eg til kvardags gjer så altfor lite med, og som eg ikkje veit heilt kva eg faktisk skal gjere med. Og eg vil også presisere at dette skriv eg ikkje for å "skryte av meg sjølv." Det handlar om skjebner, og å løfte blikket.

Å gå i Oslogatene er spesielt. Det er mykje folk over alt, kø, kaotisk, musikk, latter, glede, stress, og det gir rett og slett mange inntrykk på ein gong.
Etter å ha vore nokre dagar i Oslo der eg sjølv ikkje var stressa, men hadde god tid, så ser ein gjerne ting ein ikkje tenkjer så mykje på i kvardagen.

For det første så gjeld det å løfte blikket! Sjå på arkitekturen på bygga, det er så mykje meir i gatene enn asfalt og brostein! Setje seg ned på ein benk og sjå på folk. Nyte berre det å eksistere.

Eg sat slik og drakk ein deilig milkshake utanfor domkirka. Såg på bygningane på ein heilt annan måte enn før når eg budde i Oslo. La merke til ting og detaljar eg ikkje hadde sett før. Såg på folk som kosa seg, men også folk som stressa frå jobb og skulle rekke t-bane og buss, hente i barnehage og handle til middag. Der sat eg med all verdens tid i mi eiga lille boble.

Eg gjekk litt i gatene aleine, og der er det mange som tiggar og andre som sel blad. Dei folka er det ikkje så mange som vil sjå. Ein snur seg gjerne vekk, kikar i bakken eller går ein liten halvsirkel rundt dei. Rune og eg gir ofte pengar til dei som treng det, og Rune har hatt mang ein samtale med skjebnene i Oslo, som gir djupe og varige spor. For det er så lite som skal til for å hamne i ein slik situasjon. Og det er sårt å ikkje kunne hjelpe meir. Å kjøpe ein kaffi, ein burger, eller spør kva dei har lyst på, det kan ein godt gjere i staden for å gi pengar. Rune fortalte at han sat på ein benk og åt Bamsemums med ein mann ein gong i Oslo når vi budde der. For det var det mannen ville, prate og dele ein pose Bamsemums som Rune spanderte.

Men eg møtte ei dame denne dagen, som selde =Oslo. Eg sa til ho at eg måtte ta ut pengar, men at eg ville gjerne kjøpe eit blad med ho. Ho såg litt mistruande på meg, for det har nok mange sagt før meg, og ikkje komt tilbake. Butikken eg skulle ta ut pengar på hadde ikkje kontantar å gje vekk, så eg gjekk ut att til dama og fortalte det. Då hadde ho ikkje fleire blad igjen...
Eg, utan kontantar, og ho utan blad, stod og prata litt. Vi vart einige om at vi skulle ta følgje og finne ein mini-bank. Ho skulle likevel kjøpe seg 2 nye blad ho skulle selje vidare. Fleire hadde ho ikkje pengar til no og hadde hatt ein immari dårleg morgon.

Eg tok ut 400 kr. Eit blad kostar 100 kr, og eg kunne no ikkje be om å få veksle ein 200 lapp!?
Nei. Så ho fekk 200 kr. Ho vart så glad at eg fekk den godaste klemmen. Men ho var så bekymra for ho ikkje hadde blad til meg der og då. Eg sa ho skulle få pengane, og heller kjøpe 4 nye blad for dei, så ville ho doble beløpet. Og eg? Eg kunne kjøpe eit blad frå ein annan som også trengte pengar.

Vi gjekk gjennom Karl Johan ilag, prata og flira, men samtalen var også alvorleg. Det slo meg at mange folk glante på oss. Kva var det dei tenkte? Ein kunne sjå at dama ikkje hadde det så bra, og at ho levde av å selje blad. Nokre såg på oss med undrande blikk, medan andre såg på oss og smilte. Men dei fleste stressa forbi utan å gjere noko uttrykk for nokon ting. Slik er det. Eg brydde meg ikkje om dei.
Vi møtte ein venn av ho, ein ung gut. Han kunne ikkje vere meir enn 20 år. Han gjekk med blad i handa, og eg ville kjøpe med han. Han hadde nettopp brukt alle kontantar på blad, men sjølvsagt skulle han få heile 200 lappen utan å veksle. Det smerter meg å sjå guten i augene, og tenke på kor uheldig han har vore og kor annleis ting kanskje kunne blitt for han. Og å sjå dette lille eg gjorde kunne gjere ein ung gut så glad! Han gjekk vidare og eg undra meg over om han har ein plass å bu i natt.
Dama sa guten var ein fantastisk snill gut, og takka for at eg kjøpte med han.
Eg og dama gjekk vidare til vi skulle skiljast kvar vår veg. Då eg spurte kva ho heite sa ho Liv. "For ei dame! Og for eit liv..."-tenkte eg, og tygde litt på det med namnet "Liv".

Så sa ho sa ho hadde eigentlig to navn: Liv-Alice.
Det var no meir enn utruleg! Og ho smilte fra øyre til øyre når eg sa mitt navn. Det er jammen ikkje mange som heiter det, var vi einige om.

Der stod vi;
To damer som nettopp møttes på gatene i Oslo.
Ei på 38, og ei på ca 50.
To vidt forskjellige liv,
To forskjellige skjebner,
med samme namn.

Ho kunne fortelje meg at ho hadde ein plass å bu, så eg trengte ikkje vere redd for ho. Og no skulle ho kjøpe seg fleire blad og rekke siste bit av rush-timen og kanskje få seld alle.
Ho skulle aldri gløyme meg. Ikkje berre for at eg gav pengar, men for at eg orka å prate med ho, og gå ilag med ho fra toppen av Karl Johan til Oslo Sentralstasjon.
Og eg kunne forsikre ho om at eg kjem aldri til å gløyme ho heller.

Dette er som sagt ikkje eit innlegg som er meint for å fortelje at eg har vore sååå snill og gitt sååå mykje pengar... Men det handlar om å løfte blikket, sjå på bygningane, sjå på livet, skape inntrykk, og ikkje minst sjå på folka! Ta av skuggelappane. 400 kr er ikkje så mykje pengar for folk som har jobb, som har hus, og som har det ein treng i kvardagen.
Dette var ein dag til å setje ting i perspektiv. Det finns så mange skjebner, og det skal så bittelite til før ein kan hamne i ein slik situasjon som Liv-Alice er i. Grunnane er mange.
Ein skal ikkje måtte gi pengar til alle ein møter på gatene kvar dag, det sei seg sjølv. Men å gi av og til, om det så er 5 kr, det hjelp.



Eg tenker ofte på Liv-Alice, på den unge guten med den burgunder capsen, på jenta på min eigen alder som såg så sliten ut men var så blid, på guten som så vidt klarte å snakke... Der er så altfor mange som treng hjelp.
Og det er samtidig vanskeleg å hjelpe dei nok.
Men ein viktig ting: Sjå dei, sjå dei i augene og snakk med dei! Dei er som alle andre, berre eit menneske dei også!










torsdag 24. mars 2016

Litt påskesysler

Nauden lærer naken dame å...strikke? Vel, ikkje er eg i naud, og ikkje naken. Men eg driv og prøver å lære meg å strikke litt igjen da...

Eg leita fram alt eg hadde av garnrestar, og ville lage ein litt annleis klut. Eg har no kjøpt meg ei fin bok med oppskrifter på klutar, så no skulle det gå så mykje betre.
Motivert leita eg fram ei oppskrift på RUND klut, og drog fram 5 pinnar. Starta ivrig, og knota veldig. Det er innmari vanskelig å starte med 5 pinnar!! Å liksom ha berre 2 masker på kvar pinne, og starte å strikke rundt? Det er tålmodigheitsprøve.
Vel, eg kom i gang, og kluten tok form. Eg strikka litt feil, men det gjorde ingenting. Eg klarer ikkje å rekke oppatt likevel. Plutselig sit eg med 1 pinne i munnen, og 1 pinne var laus, og berre 3 pinnar med strikketøy på seg. Jaja, då har eg strikka to rader inn på ein og samme pinne. Pyttsann, det ordna eg.
Men det som skjedde så var at eg synes det vart ein litt liten klut. Skulle eg berre skifte farge 3 gongar? Kika i oppskrifta og såg at der sat eg og strikka på ei glasbrikke!! Sida i boka hadde bladd seg om utan eg merka det!
Så då måtte eg strikke ei glasbrikke til for å få partal, før eg sette i gang med kluten.

Eg må innrømme at eg er litt stolt, spesielt av kluten. Som også har hempe!! Det er påskefargar i desse så dei brukar eg no i påska! Men kluten vil eg ikkje skitne til, så den ligg på bordet som show-off!

Så kom eg over ein artig sak på nettet. Eggelue!
Vi har verdens søtast egghaldarar, og dei måtte få seg eggeluer til påske!
Var dei ikkje skjønne?? Slike kjem eg til å lage fleire av! Tek "berre" ein kveld for meg som er amatør.

onsdag 23. mars 2016

Konferanse

Konferansen opna på fredagsmorgon, og eg var utkvilt etter 10 timar søvn. Eg stod bakerst i salen og fekk med meg dansarar og opningsseremoni fra perfekt plassering.

Etter ein dag med foredrag og messe, så var det berre å pynte seg litt og gjere seg klar til kvelden.
Eg og Rune kom i det seinaste laget, men kollegaene mine hadde kapra to bord heilt framme med scena. Ikkje noko EG set pris på, som likar å sitje i eit hjørne og vere litt usynleg. Men der fekk vi altså sitje klin oppi scena, og dette biletet viser kor nærme vi var:

Terje Sporsem hadde stand-up x 2, og eg må innrømme at sjølv om eg var kjempenervøs for at han skulle involvere meg eller Rune på eit vis, så flira eg til tårene trilla.
Det var ein kjekk kveld med god mat og drikke, og jobben min fekk også ein pris! Det vil seie kollegaen min fekk pris for flest selde einingar (leilegheiter) i 2015!
Dagen etter blir som den brukar å bli. Litt uggen og trøtt, men det går seg til etterkvart.
Eg var heldig og slapp å delta på messa frå morgonen, så eg og Rune stod opp til lunsj, og spiste vår frukost då.
Eg må seie at Rune ikkje var veldig snill med meg som forsynte seg av SLIK mat denne uggne morgonen: 
 Medan eg klarte meg med ei brødskive og ein slik:
Så var det å delta på foredrag igjen, og etter mykje fagleg nytt så var det atter ein gong på tide å gjere seg klar til festmiddag. Denne laurdagen var litt meir spesiell, for temaet var James Bond, og difor måtte vi jo sjølvsagt kle oss opp litt ekstra.
Eg i gullkjole som James Bond-pike, og Rune som ein kjekk og sjølvaste James Bond
Kjempegøy å kunne tøyse litt og fjonge seg opp til eit slikt høve. Då er alt lov!

 I gull og "tvers-over" så gjekk vi på rød løpar inn i salen!

Her er eg og alle James-kollegaene mine. Litt dårleg bilete, men dog.
(I mangel på våpen imiterte nokre ein pistol med hendene sine.)
Nydeleg mat nok ein gong, Linn Skåber var konfransier, og festen varte til seine nattestimar.
Nok ein vellukka konferanse, med mange gode og artige minner.

Søndag sjekka The Rotevatns ut av hotellet og kom oss inn til vår 2. heimstad, Oslo by. Her tok vi tok vi ein tredagars ferie, berre oss to.

Eg må sei det var spesielt å sitje på St.Hanshaugen og drikke kaffe, og sjå meg omkring. Tenk her har eg budd, og vandra rundt i 7 år!
Bort sett frå å kose oss i byen i lag, vandre rundt og shoppe litt, så var eit føremål å møte "nett-dama" mi Linda også! Ho har eg vorte kjend med via Pinnsvinhjelpen og vi arbeidde i adm. mykje ilag der.
Etter vi slutta i den organisasjonen så har vi heldt kontakten dagleg, og ho har vorte ei kjempegod venninne.
Vi skulle treffast for første gong "live", og det vart nesten som ein blinddate! Ville vi "klikke" så godt som vi gjer på chat og på telefon? Å jadda!






Ingen problem det, og vi skravla og tøysa i ett frå vi møttes til vi skildte lag. Vi skulle ta ein "selfie" ilag, og det gjekk som det måtte gå: Tøys og fjas! haha!
Vi møttes på St.Hanshaugen og kunne sitje ute i første vårvarmen i år. 11 grader og sol.

Eg møtte også desse godingane her, Irene og Vilde.
Vi spiste middag ilag og skravla til det vart kaldt og mørkt. Tida går fort når ein har det kjekt!
Det er så synd at eg ikkje får vere ilag med desse fine folka oftare...
Vi skulle møte fleire, men tida rakk ikkje til med konferanse heile helga, og så kom kvardagen for dei fleste som skulle på arbeid. Så då får vi treffe dei andre når vi skal til Oslo neste gong!

Vi brukte siste dagen til å shoppe litt. Rune kjøpte litt musikk og kosa seg i dei butikkane. Medan eg vandra i byen, kikka litt i butikkar, drakk milkshake på ein benk ved domkirka og kosa meg glugg.
 
Einaste eg hadde i shoppingbag'en var strømper og undertøy, og ein genser.

Avslutninga på mini-ferien og dagen tok vi på ein kjempekoseleg pizzarestaurant. Vi bestilte som anbefalt ein stk italiensk pizza kvar. Det var EIN porsjon sa dei.


Jau! Det må vere den største porsjon med pizza eg har sett! Eg åt faktisk nesten heile, men droppa skorpene for å få plass til det gode! Men til mi trøst i ettertid, så hadde den meget tynn botn.

Mette gjekk vi til hotellet igjen og la oss, fornøgd og glad. Dagen etter skulle vi køyre heimatt, men det var heilt ok. Trist å forlate Oslo, men det gjekk fint med så mange gode minner etter turen.

Ein tur i Holmenkollen

Lenge sidan eg har lagt ut innlegg, men livet har gått vidare likevel. Og det fort!
Det har vore konferanse med jobben på Gardermoen 11-13. mars. I løpet av den helga skjedde det mykje! Og mange bilete vart tekne, av meir eller mindre god kvalitet.

Eg og Rune køyrte nedover i staden for å ta buss eller fly, så vi kom fram litt tidlegare enn dei andre kollegaene mine.


Då vi kom fram til hotellet var det enno tidleg på morgonen så vi fekk ikkje sjekke inn. Takk og pris vi hadde med matpakke og kunne forsyne oss med kaffi og te.

Dei andre kom akkurat i det vi fekk sjekka inn og eg fekk skifte til litt varmare kle. No skulle vi nemleg på tur til Holmenkollen og VM i skiskyting. Kun oss kollegaene. Vi skulle altså sjå "Normalprogram 20 km menn". Så Rune fekk legge seg i hotellsenga og sove ut etter den lange natta med køyring, og sjå skiskyting på tv.


Det var spanande og innmari moro! Har aldri vore i Holmenkollen på eit slikt arrangement før, så dette var ei stor oppleving!











Ekstra moro var at vi hadde vip-billettar, med middag og servering, og der var det 900 stk inne i teltet. Meget god mat! Eg var så spent at eg verken klarte å ete eller drikke så mykje, så det vart med det eine glaset med kvitvin på meg.

Så gjekk vi ut på arenaen, og slik ser det altså ut i verkelegheita:

 




Vi stod så nærme skytebana at vi fekk sjå alle utøvarane på nært hald.
Ole-Einar Bjørndalen:
 
 

Etter ein lang dag kom eg meg tilbake til hotellet, ingen medalje på dei norske gutane denne dagen, og eg var så trøtt at eg sovna kl 21.30.

Så starta konferansen. Det var meget moro, og eg skriv om det i neste innlegg.










fredag 4. mars 2016

Ny på sveisen!

No har eg hatt langt hår lenge, og har siste veka grubla og tenkt på kva eg skal gjere for å få litt forandring. Håret målte 65 cm i går, var slitt og tørt, og tynt i tuppane.
Det måtte iallefall klippast 15 cm for å bli friskmeldt.
Kven har vel ikkje sete og drøymd seg vekk på nettet, googla og funne fantastiske hårsveisar på kjendisar som er freshe og nyfrisert? Og når dei står på den raude løparen så ser dei jo heilt fantastisk ut! "Slik sveis vil eg også ha", tenker vi, og går til frisøren og sei "klipp slik". Og så kjem du ut derifrå med samme klipp, men den kler deg ikkje og er heilt feil på ditt hår!
Dette er nokre av sveisane eg tenkte kanskje kunne passe mitt type hår...

Vel, dette har eg grubla på som sagt i ei veke, og søkefeltet mitt på google går i "kort hår", "bob", "wob", "lob", og ikkje minst "bob og tjukt hår", "style tjukt kort hår" osv.

Eg har no hatt ein lang "bob" før, som skråar fram. Men akkurat slik ville eg ikkje ha det denne gongen. Eg er ikkje akkurat kjend for å ta avgjersler sånn spontant, og må forhøyre meg med både eine og andre først. Men eg bestemte meg for å høyre på frisøren sine råd for min type hår, og skreiv ut nokre bilete fra nettet av eit par vakre, perfekte Hollywoodkjendisar, som sikkert har eigne daglege stylistar. I tillegg skreiv eg ut eit par realistiske bilete av korleis håret mitt eigentleg kjem til å bli.
Så gjekk eg nervøst til frisøren med hår som var vaska dagen før og som var naturleg tørka, og med litt liggekvervlar frå natta, og utan noko produkt oppi... Det skulle vere lett for frisøren då og sjå korleis mitt hår eigentleg er!

Når ein har såpass langt hår så er det litt merkeleg å skulle klippe i det. Det blir jo på ein måte litt av kroppen, sett litt på spissen. Men slik føltes det, og det er jo ikkje lett å kvitte seg med delar av kroppen, anna enn nokre kiloar...

Frisøren var veldig forståingsfull, og kjente godt til min type hår. Ho klipte først av ei viss lengde, men eg ville ha det enno kortare. Og det vart det! Eg kjende at eg vart "friskare" med ein gong! Bort med det slitte, og ingen splitta tuppar att!

Så no har eg ein "lob", "wob" eller "lang bob". Eller; "klipt av rett over skuldrane" som ein kan sei på forståeleg språk. 

FØR:                                                    ETTER:
 
På biletet av ny sveis har eg glatta det ut. Om eg berre let det vere naturleg krølla så vil det nok bli enno kortare.

Så no gjeld det å bli vant til kortare hår, nye utfordringar som kjem og vanar som må brytast:
* å porsjonere rett mengd med shampo.
* å sleppe børste det stykkvis og delt, pga mindre/lite flokar
* å ikkje måtte dra og løfte det ut av gensrar og jakker etter ein har på seg kle
* å ikkje dra det bak øyrene heile tida
* å ikkje kunne berre sette det i ein lang hestehale om morgonen og reise på jobb
* å kunne bruke litt av hårprodukta mine som eg har liggande
* å ikkje kunne sitte å dra fingrane gjennom hårlengdene eller tvinne fingrane rundt det
* å ikkje kunne sette opp store og fine knutar.
* det blir vel enklare å farge håret sjølv håper eg
* å ikkje kjenne hestehalen svinge på ryggen på trening blir rart
* det blir nok lettare å glatte det også, for før måtte eg dra tanga 65 cm! Det tok tid!
* no må eg nok oftare til frisøren for å behalde sveisen
* og eg lovar å bruke hårkur mykje oftare! (Det må eg kjøpe meg kom eg på)



Min første selfie i speglen rett frå frisør! Noko nervøs og letta på ein gong!
Blir spennande å vaske det sjølv og sjå korleis det blir med krøllar.
Ja, eg har noko å gjere på i helga!