fredag 29. januar 2016

Når det stormar som verst

Merker at ein har angst for storm når ein må følgje med diverse vêrkart, Yr, Storm, Dagbladet, VG, Sunnmørsposten, TV2, NRK og alt som finns... Eg føler meg som ein flygeleiar her eg sit med fleire nettsider oppe samtidig og oppdaterer heile tida.

Snakk om å pine seg sjølv...
Og så i tillegg blir eg nesten sint når eg ser på facebook at folk skriv at dei kosar seg inne når det stormar ute! Korleis går det an?
No er det altså i skrivande stund full storm med orkan i vindkasta. Og eg har angst!
Det er fredagskveld, og meininga er at ein skulle sjå handballkamp, kose seg med vin, god mat og slappe av. Men her har eg flykta ned på hobbyrommet mitt, med ein kaffe, eit glas Pepsi max og ei lita skål potetskruar. Rune sit i stova oppe med sitt pepsi max glas og pottis. Vi må vere beredt på det  verste, men håpe på det beste!
Vi er vel i følgje alle nettsider midt i det verste no... Men eg har fått meir enn nok allereie!
Internett er ustabilt, og lyset blinkar som diskolys. Det knirkar i vindaugskarmen, og lyden av vindkasta overdøyver musikken min. Verre er det oppe i stova og på loftet! Der knirkar og smell det i veggane, det store stovevindauget bular innover, og ein kan kjenne det ristar i huset i dei verste taka. Der vil ikkje eg vere!
Så etter middag gjekk eg ned. Rune blei att for han ville sjå handballkamp. Men han kom ned med pc'en under arma ei lita periode i sta. Men gjekk fort oppatt. Litt for fort synes eg. Likar ikkje at han er der oppe, synes det er utrygt der!

Eg sjekkar yr og alle andre nettsider med jamne mellomrom og håpar på eit under. For alt som står der stemmer vel akkurat? Sjekkar samtidig alle andre stadar der eg har familie og bekjente, for å sjå korleis dei har det og om det er i gang for fullt der også no. Vi ligg litt lenger sør på kartet, så vi fekk stormen litt før familien min i Haram fekk den, men dei merkar den nok godt no dei også.
Tenk å bekymre seg so gale! Det går jo bra!?
Eg er vel litt for prega av orkanen Dagmar og alle dei svære trea som knakk som fyrstikker og velta med grusomme dunk rundt huset her. Er ikkje over den opplevinga enno.

Vi får berre håpe på det beste, og at ingen personar blir skada eller verre (ja, faktisk så er det meldt så ille) og at det ikkje blir store skadar elles!

Vi må nok ut og sjekke tilstanden på gården i morgon når det er dagslys i alle fall...
Håper alle har det bra no! Full forståing frå meg om nokon er redde!

Helsing ei litt vêl overnervøs fru Rotevatn som sit i tilfluktsrommet sitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar