Rett før jul fekk eg ein tanke om at eg måtte ha eit lite "sysleri" å styre med medan eg sitt i sofaen og ser på tv. Tenkte på at eg har jo litt strikketøy liggande, og eg KAN jo faktisk å strikke rett og vrangt, legge opp og legge av. Så då leita eg fram noko restegarn, og tenkte eg skulle strikke klutar.
Klut må no vere enkelt, tenkte eg. Og det kan ikkje ta så innmari lang tid. Langtidsprosjekt orkar eg aldri.
Dette vart resultatet av mine første to strikkaklutar!
Eg er kjempestolt, og kan stadfeste at heimestrikka klutar fungerer kjempegodt! Eg brukar dei på kjøkkenet som oppvaskklut/vaskefille.
Dette var eit blandingsgarn 50/50 bomull og akryl. Det går greit, men 100% bomull skal vere best.
Til jul fekk eg 100% bomullsgarn i tre fargar av Cathrin, og dette er den første kluten eg strikka i fargen grå.
På slutten vart eg utålmodig, og glante for mykje på tv samtidig, så det vart ein liten skjønnheitsfeil. (hoppa over to av fire rader med "mønster", som ein ser til venstre på kluten.)
Eg ikkje så god på å feste tråden så eg bretta kluten litt inn i hjørnet før fotoshoot, for eg var litt flau...
Sååå; her er mitt "sysleri" nr 2 etter julaften:
Fargelegging!
Eg fekk "Den hemmelige hagen" fargeboka av mamma til jul, med kjempegode tusjer til!
Minna meg om barndomen, når eg alltid fekk fargebok og tusjar med Julenissen på dagtid julaften, slik eg skulle få ha noko å halde på med før middagen.
Dette er utruleg kjekt å halde på med! Og eg blir veldig avhengig merkar eg!
For oss rare folk med eit snev av OCD og eit behov for å bli ferdig med ting, og helst fort, så kan det vere ei utfordring! Rune berre ler av meg når eg svarer "vent litt" og "kjem snart" når det er noko. "Skal berre..."
Så her ved spisebordet har eg tilbragt mykje tid i romjula og fram til no.
Kosar meg kjempemykje, og det er litt rekreasjon og meditasjon ved dette sysleriet.
Fargeboka som ein både kan elske og hate!
Eg elskar den!!
Den hjalp meg gjennom stormane 1. juledag og dagen før nyttårsaften faktisk!





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar