torsdag 11. februar 2016

Så har eg starta så smått...

Frå ein bedageleg haust og vinter i dvale, sitjande her på kjøkkenbrisken min med kvilepuls og lavt blodtrykk...

Til dette: 
...med verdas høgast makspuls!
Frå kosebukse til treningsbukse!
Og endeleg har dei nye, gode joggeskoa mine også fått prøve seg.
Her sit eg på ei matte og tøyer ut etter ei økt på mølla. Beste på heile treninga det! 


Hjelpes kor fort kroppen forfell etter lang tids treningsopphald! Det er ille når eg faktisk må blåse støv av treningsskoa og sjekke om dei har prislappar på seg fortsatt, og sjekke tilstand og passform på treningsklea før eg pakkar baggen. Og aller helst burde eg stryke alle treningstrøyene, for dei har lagt knørva og krølla i ei skuff altfor lenge.
Eg gløymde at det er lurt å ete litt på førehand, så eg var litt tom for energi første treningsøkta. Så eg skuldar på det, eg, når lungene svei og skreik, musklane kneip, og at eg følte rumpa tok i bakken av eg var sliten og tung i beina etter berre dei første 10 min. Og hjertet mitt som er litt "gallopperande" frå før der det hoppar over slag osv, det fekk dunke i vei og rast frå seg! Det fekk sikkert sjokk!
Eg klarte halde ut littegrann lenger andre gongen på trening, så eg tenker at når ein byrjar heilt på botn, så går det sikkert litt raskare framover.

Så får vi sjå om skoa virkar som mannen i butikken sa. Det skal visst vere "dei argaste og beste skoa for hofter og kne!" Eg er eit godt case for å teste det ut i alle fall.
Og om skoa ikkje gir det dei lovar, så er garantitida gått ut for 6 mnd sidan uansett...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar