FANTASTISKE FLINKE OG SNILLE LINDA!!
6 stk glasbrikker, 16 stk sommerfuglar, og 4 stk kjøkkenklutar.
Desse har ho hekla sjølv, til MEG! Eg blei so glad!
Eg bestilte rett nok glasbrikkene, som i bytte for nokre kubbelys som eg hadde pimpa opp med smelta serviett og bilete i og sånt til ho. Men eg veit kor lang tid ein brukar på slikt handarbeid, så eg bestilte ikkje akkurat eit sengeteppe...
Ho viste meg ein sommarfugl på bilete og eg elska dei. Så då ville ho hekle nokre slike også sa ho.
Men ho har jo tatt heilt av!! Haha!
Det skal bli gøy å pynte kjøkkenet mitt med desse, eg har ein liten plan!
Og overraskinga var kjøkkenklutane!
Store, gode og fargerike klutar! Dei ante eg ikkje komme.
Dei tok innersvingen på mine amatør-strikkeklutar iallefall! Haha!
Ho måtte bruke opp garnet, sa ho. Men eg mistenker ho for faktisk vere genuint snill! :)
Takk Linda! :)
Så koselig❤️ Jeg hadde ikke laget det om jeg ikke visste du satt pris på det heller��
SvarSlettDu fortjener virkelig at noen skjemmer bort deg litt og! Du er så omsorgsfull og tenker bestandig på alle andre enn deg selv. Glad i deg❤️