
Taket deira stikk godt utanfor veggane, og der er det tilgong på luft sidan snøen ikkje legg seg der. Og sidan husa står under buskas såg eg at der er rom vidare frå under taket og inn i buskene også. Så sidan eg har laga nokre luftehol i husa, så har dei hatt tilgong på luft. Heldigvis!
Men eg grov meg ned til inngongane til husa, slik at det skal kunne kome litt luft direkte via der også.
Dei ligg jo der inni på tørt og isolert golv, med mykje høy. Så kulda toler dei.
Men luft må ein jo ha!!
Dersom dei mot formoding kjem til å vakne og prøve seg ut ein tur, så snur dei fort igjen, for dei kjem seg ikkje vidare i den djupe snøen.

Eg har 6 stk hus ståande rundt omkring i hagen, men likevel klarte eg å finne kvart enkelt hus på første spadeforsøk. Ikkje so verst!
Og sidan det har kome mykje snø, så fann The Rotevatns ut at dei skulle ut og leike seg litt.
Så vi tok oss ein sparketur vi, på min fine, raude spark!
Kvar sin gong å sitje på, og det var innmari moro!
Så vi tok oss ein sparketur vi, på min fine, raude spark!
Kvar sin gong å sitje på, og det var innmari moro!

Men det er litt synd at vegane ikkje kan få vere dekt av hardpakka snø, for no har saltet øydelagt sparkeføret, både på fortau og på vegar. Så vi kom ned på asfalten/grusen nokre gongar medan vi var i fart. Men heldigvis utan å fyke over sparken!
Skøyter og spark... No er det berre skitur som manglar! Men vi vil begge at det skal bli litt mindre iskaldt først.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar