"Måndag 15. juni:
Møre og Romsdal Vestlig bris, frisk bris på kysten, liten kuling i nord. Regnbyger, snøbyger over 700-900 m."
Ja, slik er det... Vermeldinga stemmer!
Nysnø i fjellet, 15. juni...
På biletet ser ein den gamle snøen som enno ikkje er smelta vekk. Men der også eit melisstrø med nysnø.
Det er faktisk ikkje akseptert, merkar eg!
Det har vore regn og 8-9 grader i heile mai og juni. Boblejakka er fortsatt i bruk, og eg har ikkje bytta vinterjakker og sko med sommarvariantane enno.
Altanen står ubrukt, ingen plantar eller pynt er sett ut, for det hadde blitt ødelagt. Altfor vått og kaldt.
Trist? Ja!!
Det bør snu snart før vi går på veggane.
Her ligg eg i skrivande stund under eit pledd i sofaen. I tillegg har eg fått ein typisk haust-forkjøling, eller noko liknande. Måtte jo berre komme, det er jo haust ute!!
Sjuka kom som kasta på meg, med sår og tjukk hals, kroppsverk, hovudverk, astma og litt feber. 2 døgn heime frå jobb.
Dette var heller ikkje noko gøy, så no håper eg både ver og form blir betre!! Raskt!!
Grmf...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar