24. mai kom eit pinnsvin på besøk og fekk biff med oss.
Og jaggu kom der ikkje besøk i forgårs også! Denne såg litt tjukkare og større ut, og vi kallar ho Bolla Pinnsvin. (I håp om at det er ei dame og at ho er gravid) Fekk ikkje sett ho i ansiktet, så veit ikkje om dette er det samme som sist. Han andre kallar vi for Scarface, sidan han hadde eit lite arr på nasen.
Det kan hende det er eitt og same pinnsvin, men eg likar tanken på at Scarface og Bolla Pinnsvin bor i hagen, og at Bolla får ein haug med ungar!

Eg såg tilfeldigvis ut på plenen i 22.30-tida, og fekk auge på denne klumpen stabbande rundt på jakt etter mat.
Sidan han sist veke villig spiste maten vår, så gjekk eg til innkjøp av kattemat. I tilfelle akkurat dette; at vi fekk besøk igjen. Då skulle vi sjå om dei likte kattematen, og har ein plan om å gi dei kvar kveld.
Så eg og Rune sprang rundt kvarandre inne, for å ordne med kattemat, skål, hansker og kamera, og sprang ut. Lista oss stilt på tå nærme Bolla, og la skåla framføre ho.
Gjekk ikkje mange sekunda før ho slafsa i seg heile greia! Så gjekk ho mett og god vidare opp i skogen.

Litt kamerasky!
Det er litt rart, for det er så tilfeldig at ein ser desse luringane. Vi trur det ikkje finns så mange pinnsvin lenger. Men er det fordi vi ikkje leitar og ikkje ser dei?
Dei er jo som regel ute og ruslar seint på kveld. No har vi sett dei litt før og etter kl 22.00 to kveldar.
Det er altfor få pinnsvin i Norge, og dei er utryddingstrua. Så vi skal gjer vårt alt for å legge til rette for at dei skal trivast i vår hage.
I går når eg kom att frå trening kl 18.30 og gjekk inn på badet, så kika eg ut vindauget tilfeldigvis.
Trur de ikkje at eit pinnsvin rusla rundt då også?
3 kveldar no, og 2 på rad! Hurra! Det var no litt vêl tidleg på kvelden denne gongen synes eg. Vi hadde no ikkje fylt på skåla eingong!
Men eg heiv meg rundt og sprang ut. Tok skåla og fylte på med kattemat. Hadde medvind, så pinnsvinet merka dufta og sette nasen opp og snusa. Var det eit arr eg såg på nasen? Dette kan vere Scarface! Han vart veldig skeptisk og redd, så han begynte å springe mot nokre busker. Eg gjekk (småsprang) etter for å vise han at her er det mat å få! Herlighet for eit syn for Rune som stod i vindauget og kikka på! Og stakkars pinnsvinet som blir etterfulgt av eit stort monster med mat!
Han gøymde seg i bringebærbuskene, rett innafor opninga.
Eg sette skåla rett framføre, gjekk rundt buskene og sat og speida etter han. Eg kunne ikkje få auge på han uansett kva eg gjorde! Tenk, der sat han kanskje 1.5 meter i frå meg, men likevel heilt kamuflert! Supert!
Når eg gjekk innatt såg eg at han gjekk bort til skåla, men han var nok ikkje svolten nok så tidleg på kveld. Eller at eg har skremt han (?) for han åt ikkje opp.
Men maten var vekke i dag. Kan vere kattar eller andre dyr, men eg håper det er han. Viss han ikkje likte maten, så var det i alle fall eit anna pinnsvin som var her i går, for det åt opp alt og var ikkje så redd som han her.
Det er i alle fall spanande tider for oss, og ja vi er heilt rare, eg veit det! Vi går og kikkar ut heile kveldane, redde for å gå glipp av eit nytt pinnsvinsyn!
Eg håper det blir ein vane at dei kjem innom oss kvar kveld!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar