onsdag 17. juni 2015

Gåggetur!

Ja, det er det eg kallar det eg prøva meg på no. 
Gågging! 
Det vil seie at eg går ca 5 min som oppvarming og så er det meininga å jogge ca 5 min, gå 1-2 min, i  intervallar og berre halde på så lenge eg orkar. 
Har funne ut at framover setervegen er perfekt. Lite folk og når eg er sliten kan eg snu tilbake.
Starta med godt mot!!

Men det harde er at vegen startar slakt oppover med ein gong!! Så det går ikkje så fort akkurat. Og joggepartia blir ikkje så lange som eg håpar. Dessuten blir det berre brattare og brattare! Det går hardt utover korsrygg og hofter i dei bratteste bakkane, men eg håpar det gjer berre godt.
Dette var torsdag 11. juni, og her har eg på ei litt tjukk treningsjakke fordi det var iskaldt! Og hadde det ikkje vore puter på headsettet hadde eg fått øreverk! Sjølv om eg sveitta og kava, og eigentleg burde vere varm.
Eg har no gjort dette to gongar i veka og satsar på å fortsette!
Om ikkje kondisen og forma blir betre så får eg iallfall ein time med frisk luft.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar