fredag 5. juni 2015

Om ein leitar så finn ein!


Tredje dagen på rad har vi no sett dette pinnsvinet på vift i hagen vår.
I går kl 17.30 såg vi det igjen, og eg sprang ut med mat og vatn. Som vanleg.
Veret er ikkje bra for tida. Det er kaldt og det regnar. Plenen er våt, men dermed finn han mange småsneglar. Kjekt for han, kjipt for oss som lengtar etter sol og tørre dagar.
Men akkurat i det eg gjekk ut kom det eit lite solgløtt, og han fann sikkert ut at ho skulle heim. Og vi har lurt litt på kvar "heim" er for han!
Han såg ikkje ut til å merke verken meg eller maten. Eg stod rett attmed, og han gjekk rundt meg og forbi.
Synes det var no litt rart at han gjekk langs husveggen på gamlehuset, i stadenfor i buskene. Men eg venta tålmodig medan sola skein og det regna samtidig, i berre ein tynn genser. (Juni?)
Og kva skjedde så?
Jau, han kraup nedi denne skrothaugen her!
Dette er huset hans faktisk!
Sjølvsagt!!
Der er det ei grop, og der har det hamna litt høy, ilag med ei treplate og eit gamalt tørkestativ. Alt samanfiltra til eit bol!
Eg sette maten hans der, ihåp om at han kom ut og åt med ein gong. Og så henta eg litt ekstra høy etterpå og la ved sidan av (Det er ikkje med på biletet)
Men kva skjedde med maten? Jau, etter eg gjekk derifrå så kom skjora og åt opp maten hans!!
Fy så sint eg blir på den teite fuglen!

Så det nyttar ikkje å setje ut mat på denne måten iallefall!

Eg laga til ny porsjon seinare på kvelden, etter skjora hadde lagt seg, og sette dette i det gamle pinnsvinhuset. Så får vi håpe at han her har luktesans nok til å finne fram heilt ned dit.
Ser ut som dette blir eit prosjekt for sommaren; å passe på pinnsvinet, og vente spent om det blir familieauking, eller om det er ein gutt!
Kanskje det ER Lillepigge?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar