Her er eg, 38 år drit-gammal!
Eg fylte 38 år den 8. juni og merkar 40 årskrisa nærmar seg. Det vil seie, eg har vel allereie kjent på den "krisa" i nokre år no.
Det merkast på kropp og sjel. Fleire grå hår veks til, fleire rynker, tørrare hud, kiloane kjem lettare sigande på, og er vanskelegare å få av. Kroppen tåler ikkje så mykje lenger, må varme opp meir før trening, får betennelse og smerter i musklar og ledd, og har allereie operert ei skulder!!
Ja, kva kan ein seie!? Slik er det vel berre...
Men så lenge eg fortsatt blir spurt om legitimasjon på polet for å kjøpe vin, og i butikkar for å kjøpe snus eller øl (!) så skal eg ikkje klage!

Og apropos det å bli gamal, eller vaksen; Eg har baka!
Rett nok er dette 1-2-3-blanding som eg delte opp til å bli halvparten bollar og halvparten kanelsnurrar. Dagen før bursdagen laga eg desse. Vi venta ingen gjester, men eg vart så godtesjuk.
Eg er ikkje eit husmoremne, og har aldri påstått at eg ER det. Men eg likar å late som av og til.
Eg får ALDRI til gjærbakst, så det er sagt. Den vil ikkje heve, og dei blir alltid tunge, tørre og grå...
Dette vart derimot veldig godt, og eg er såpass naiv at eg tek på meg all ære for ein fin bakst denne gongen! (Takk for hurtigposar)

Når ein snakkar om bursdag, alder, kriser, panikk og deperasjon... Dette var utsikta mi på bursdagsmorgonen min frå soverommet. Det plaskregna, var berre 8 grader, og skodda hang tungt ned over Rotsethornet. DET er deprimerande det, når det er juni og det skal vere varmt og sommar.
Slikt ver har det vore i heile mai, og slik skal det bli i lang tid framover visst nok.

Men bursdagar skal feirast, og karane på jobben hadde ordna kake til meg. DET var kjekt det!!
Så dagen blei rett fin når eg berre kom meg på jobb, inn og vekk i frå styggeveret.

Og dagen vart betre og betre. Når eg kom heim hadde Rune hengt ut flagget for meg, og faktisk så vart det lettare ver og sola glimta til innimellom!
Så fekk eg bursdagsgåver!!
Nydelig rosebukett frå sjølvaste hr. Rotevatn!
Han er bra god!!
Han er bra god!!
Så fekk eg fleecejakke også, Kari Traa. Deilig og tynn jakke til å både kunne trene i, ha på seg på turer, eller berre bruke som kosejakke! Trur denne blir til kos og kanskje til fjellturer etterkvart.
Akkurat slik ei som eg ønska meg!
Akkurat slik ei som eg ønska meg!
I tillegg fekk eg meg nokon knalltøffe joggesko med han!
Vi hadde sett på dei ilag, men så hadde dei ikkje storleiken min i den fargen eg ville ha, så eg var litt usikker på heile greia. Men Rune fekk i all hemmelegheit butikken til å bestille dei inn til meg, så dei får eg i morgon!!
HURRA!
Det er dei argaste skoa innan det å ver god for hofter og kne, med dempingar der det skal vere demping. Dei er i litt knallfargar utan å ver glorete, og eg gleder meg til å prøve desse.
I tillegg så fekk eg bestemme middag denne dagen, og det vart potetball med pinnekjøt til!
Nydeleg godt var det!
Eg kjøpte "oss" ei bursdagsgåve med ein tilgodelapp vi hadde også!
Costa Boda lysestake. Denne er berre så lekker! Ein kan velge om ein vil ha vanlege stearinlys i den eller te-lys. Den er i to delar, og den formar eit lite hjarte i midten når ein set den ihop.
Den veltar garantert ikkje, for denne er tung! Og det blir så fint lys med te-lys oppi.

Så litt feiring vart det, sjølv om det berre var meg og Rune som var deltakarar.
Fekk mange telefonar frå familie, og dagen vart rett god til slutt, trass ein litt deperimerande start.
Og dessutan, eg kan berre ikkje kome i noko 40 årskrise enno.
Eg er no "berre" trettiåtte!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar