Ein del har skjedd på kort tid no. Eg er blitt aktiv medlem av Pinnsvinhjelpen, der eg skal hjelpe med tekstskriving til innlegg på facebook og på heimesida. Det var dei som kontakta meg, så dette var stor stas og eg er veldig smigra.
Ein ting som vekte interessa var historia mi om Lillepigge som eg tok meg av og passa på i 9 mnd.
Ein annan var spørsmålet mitt om mat til pinnsvin i hagen, og korleis unngå at skjor og kattar et opp maten som pinnsvinet skal ha.
For å unngå at andre dyr et opp maten, så må ein lage ein smal gang, gjerne med vinkel, inn til ein boks som pinnsvinet finn maten sin i.
Då sette no hjerna mi i gang kan de skjøne! Eg likar slike utfordringar!
Så då fann eg ein ventilasjonskanal på jobb, og kjøpte ei kasse på Europris.
Saga så hol i boksen til røret, og spraymala røret svart.
Men det stoppa ikkje der!
Her vart det både uteservering av vatn i eit blomsterbrett, uteplante i potte, påmåla vindauge og blomsterkasse. Klart det må vere pent!
Slik vart det altså sjåande ut.
Inni har eg ei skål med vatn, og ei skål med tørrfôr til katt.
IKKJE GI PINNSVIN MJØLK!! Det dør dei av!
Denne boksen vert det eit innlegg om på facebook-sida til Pinnsvinhjelpen etterkvart.
Ei anna oppgåve eg har i organisasjonen er å vere "hjelpar."
Det vil seie, at dersom nokon finn eit pinnsvin i naud, så ringer dei Pinnsvinhjelpen på tlf 92280021, og får rettleiing og råd frå dei. Men dersom det trengs meir hjelp, veterinærhjelp og rehabilitering, så ringer dei opp meg, og så rykker eg ut og prøver å hjelpe.
Eg har byrja å få tak i bur, samt lage til på loftet i vedhuset, slik at eg evt kan oppbevare pinnsvin der til dei er friske nok til å setjast ut igjen.
I går fekk eg ein telefon frå Pinnsvinhjelpen. Det var ei hastesak, og eg måtte prøve å hjelpe til så godt eg kunne. Det var litt brått, men dette skulle no gå fint uansett. Kreativitet og handling er det som skal til!
Eit pinnsvin i Volda hadde surra seg fast i eit fiskegarn/fotballnett, og dei som fann det fekk ikkje klipt av alt av tauet. Det stramma og pinnsvinet hadde store smerter.
Og det stemte. Pinnsvinet var tjora så godt fast at det måtte beroligande medisin til for å få det til å slappe litt meir av. Det hadde flugeegg/larver på seg, og det vil sei det hadde hengt der i ca 24 timer.
Dette hasta!
Veterinæren tok oss imot, gav beroligande, og vi fekk klipt opp tauet så fort som råd.
Men synet når vi løfta opp arma var nedbrytande...
Der hadde pinnsvinet et sår som var så stort, og så infisert, at dessverre så var det berre EI "god" løysing på dette tilfellet... Pinnsvinet måtte sleppe å lide meir no.
Pinnsvinhjelpen fekk bilete undervegs, samt vi snakka per telefon, og både dei, veterinæren og eg såg ikkje anna løysing enn avliving.
Det er grusomt å sei "ok" til det, men her måtte det dessverre bli slik.
Eg stod der med pinnsvinet, klappa det nedover ryggen og såg at det pusta sine siste pust.
No slapp det å lide ein enno meir og lengre smertefull død.
Det var ein voldsom elddåp for meg som "hjelpar", men slik er det.
Får håpe det blir lenge til neste gong eg må ta med eit pinnsvin dit, og ikkje få det med meg heimatt!
Hugs alle; ser du eit pinnsvin som er skada, sjuk, ein unge som er forlatt el.l, så ring Pinnsvinhjelpen på tlf 92280021 og få råd.
Det er som å ringe 113, og så videreformidlar dei til oss som er nærmaste "hjelpar".
All ære og kred til jenta som ringte til Pinnsvinhjelpen og gjorde alt ho kunne for å hjelpe det. Slike folk vil vi ha fleire av!




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar