mandag 25. mai 2015

Ein pigge på besøk!

Sjå kven som kom på besøk!! 
Det er nok vanskeleg å sei om det er Lillepigge eller ein annan pigge. Men det er ein pigge, og det er såååå kjekt å vite at her bor pigger i nærområdet! 

Vi skulle innatt etter ein rusletur i går kveld, og Rune nesten snubla over han karen her rett utanfor døra! 
Vi "snakka" med han og eg sprang innatt og henta noko middagsrestar, ikkje ringare enn biff må vite. Rune bar han ned i det gamle Lillepigge - huset, og der fekk han både vatn og middag!
Han slafsa godt i seg av begge deler, og når det blei meir skymt så rusla han seg vidare på sin nattlege ekspedisjon.

Det var litt vanskeleg å unngå å kjenne på saknet etter vår eigen Lillepigge, så uavhengig av kven dette var så måtte han berre gjennomgå litt halding og kosing! 


Vi skal fortsette å sette inn vatn i  huset, og kjøpe litt kattemat (tørrfor) Det er så kjekt å ha piggsvin i  hagen, så vi håper han her kjem tilbake! 
Det KAN vere Lillepigge, men då har han fått seg eit lite arr på nasen og blitt litt eldre. Men det har jo gått to år, så... Ein veit aldri.

Vanskeleg å sjå kjønn på eit samanrulla piggsvin. Men det såg ut som ein hanne.  Ei dame hadde kanskje vore litt tjukkare og klar for å føde på denne tida. Men om der hadde komt ei piggsvindame og funne seg tilrette i huset så er det berre tommel opp for det! 
Dei er hjerteleg velkommen alle saman! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar