søndag 3. august 2014

Ein liten ferietur for fru Rotevatn

Fiksdalen, mitt kjære barndoms ferieparadis!
Her budde mormor og morfar, og onkelen min med familie bur der enno.  
Nede ved fjøra har Cathrin og Stig-Helge kvar si campingvogn ståande heile året. Det forstår eg godt, for her er det verkeleg paradis på jord når det er sommar og sola skin! Skodda kan ligge tjukk andre stadar, men sjeldan her i "Jælin". Deileg strand, gode båt- og fiskemoglegheiter, sjøluft og saltvatn!
**********
 
Det var med blanda kjensler eg tok denne turen. Eg har alltid ønska meg tilbake, men har faktisk ikkje vore der etter at morfar døde for 3 år sidan. Eg har liksom vegra meg for det på ein måte. Og utan han er det liksom så tomt... Morfar var ein kjær person, og eg tok det svært innpå meg når han døde. Det var ingen "tragisk" bortgang, han var gamal og meinte sjølv han var klar og ønska å møte mormor i himmelen. Men likevel... Ein er aldri førebudd på døden, uansett. Eg heldt handa hans på sjukehuset når han reiste, og han hadde mange rundt seg av alle sine kjære.
Eg tok difor aller først turen til grava på kirkegarden og sette ned raude roser frå Rune og meg. Der sette eg meg rett ned sjølv også, og sat der i 20-30 minutt. 
Det gjorde godt, og ein klump forlet magen min etterpå...
***********
 
No var eg klar for å besøke søskena mine på "campingen" og resten av slekta som bur der.
Fjøre sjø i Jælin'
 
Her har eg det som plommen i egget!
Sola varma og det var så kjekt å treffe søskena mine og svogersane, og Oliver tanteguten min.

Vi grilla og nytte sommar og kjekt selskap! 
 
Og når floa kom og den varme sanden hadde fått opp temperaturen i sjøen så hoppa vi alle sammen i havet!  
Du og du, så lenge det er sidan eg har bada ilag med bror og søste!!

Det var fantastisk! Og eg som kavar og svøm som ein sjøhest i vatnet heime i Volda, flaut faktisk betre i saltvatn, og kunne halde meg flytande i lang tid! 
Så vi bestemte oss for å svømme ut til båtane!
Det var eigentleg altfor langt for meg, med berre ei fungerande arm. Men med ein bror som går på krykker pga ein brista fot, og med ein tantegut på 14, så kunne ikkje tante Pose vere noko dårlegare.
Så ut til båtane svømte ho gitt! OG innatt også!

Ein ser 4 hovud som er på veg ut. Seglbåten er Cathrin og Ronald sin, og den kjekke andre båten i front er Stig-Helge sin. 
Her står vi på båten! Puste litt før vi svømte tilbake.

Godt å ha ein storebror som kan varme ei hutrete lillesøster!
Vi satt ute på moloen til langt på sommarnatta! 
Kveldssola som forsvinn ein liten time før ho tittar fram att og sei god natt.
 
Dagen etterpå traff eg heile familien til onkel Svein.
Det har i løpet av 9 år vorte 5 små ungar i den familien.
Her set søskenbarnet mitt Sidsel ilag med tre av dei.
 
Balabat er gift med søskenbarnet mitt, og her sit ho med minste jenta Amalie.
 
Det var litt pussig, for både Sidsel og tante Anne meiner at ho er litt lik mamma og meg, slik vi var når vi var små. Og jammen ser eg det eg litt sjølv også! 
Amalie
 Alice 

 Og her er gutane for å helse på også. 
 
Takk Fiskdal for ein fantastisk god, minnerik og artig oppleving!
Blir ikkje 3 år til neste gong! 

Bilete av nokre av mormor sine fantastiske roser!

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar