Ja, denne sangen sang Rune til meg når eg stod der med ein gamal jordklode i hendene.
"I've got the whole world, in my hands..." Hehe!
Til og med månen (stovelampa) var der!
Saken er at eg har byrja på prosjekt "roterom" i kjellaren, som skal bli MITT rom! Eit slags rom for kreativitet, hobbyar og der eg kan bestemme ALT sjølv. Rune har musikkrommet (kjellarstova) og eg kan ha dette hobbyommet.
Der er det fullstappa med gamle kommodar og skjenkar, som igjen er fullstappa med diverse koppar, muggar, fat etc av det antikke slaget. Kva gjer vi med slikt då?
Jo, eg har samla saman alt eg fann i dette huset og i gamlehuset, og sett saman delane så godt det let seg gjere, og selg det no på finn.
Finnkode 50435022 for den som er interessert i å sjå kva det er.
Mykje antikk, porselen, tinn, messing, keramikk og krystall, av kjente merker som Porsgrunn, Figgjo, Svaneholm, Stavangerflint etc
Så i stova i gamlehuset har eg for tida ein butikk!
Men, der var jo sjølvsagt mykje som eg vil ha sjølv! For eksempel ein gammal globus med lys. Den har ikkje virka, og difor har den berre stått der og støva ned.
Sidan eg er i gong med å rydde, så ville elektrikar-Alice prøve seg på å få den til å virke.
Problem 1 med slike lampeglobusar: Korleis skifte pære??
Eg fann det ut via google. Ein må ta ut ei propp i festa på "Nordpolen" og ta ut ein slags pinne derifrå. Så løyse kloda. Fekk det til, og dermed sat eg med heile verda i hendene mine.
Skifta pære og den berre blinka og heldt på å ta straumen frå både tv og anna. Prøvde bytte til den gamle pæra, og det var det samme med den. Det vil seie at den gamle pæra virka den, var berre litt laus.
Men problem 2 var at det var sjølvaste støpselet som var dårleg!
Så då var det berre å leite fram kniv og skrujern, og opne heile greia. Klipte av ledninga og laga til nytt inni der. Slikt elskar eg å drive på med! Ikkje rart at tanteungane mine går på elektro! Det er jo moro!!!
Så skrudde eg alt ihop igjen og...
"DET VART LYS!!"
Denne skal stå nede på hobbyrommet mitt! Kjempefin er den!
Så fra
"I've got the whole world, in my hands"
til
"Let there be light; he willed it, and at once there was light."
Følte meg litt guddommeleg ei lita stund!
FOR, det var jo eit under at eg fekk det til!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar