I år har vi virkeleg fått godt resultat av bær- og frukthagen vår!
Sjekk kor store stikkelsbæra er da!
Sjekk kor store stikkelsbæra er da!
Eh... Nei da! Berre tullar!
Eg har funne meg ei bittelita stetteskål i gamlehuset, og synes berre at den er så utruleg fin!
I den passar det å ha ein liten handfull med bær oppi, eller bruke som sukkerskål, eller telyshaldar.
Uante moglegheiter!

Slik ser den eigentleg ut, i riktig format! :)
I alle slags diett- og slanketips så skal ein berre ta ein handfull av ditt og datt, så om eg skal ete peanøtter ein kveld, så kan eg seie at eg har ete ei skål med peanøtter, og likevel berre ete ein handfull.
(Men eg er ikkje så disiplinert, så det blir nok eventuelt nokre påfyll med nøtter i denne skåla!)
(Men eg er ikkje så disiplinert, så det blir nok eventuelt nokre påfyll med nøtter i denne skåla!)
Elles er den varme sommaren på hell. Det vil seie at vi har faktisk nydelege temperaturar og sol fortsatt, men mørke skyar og regn er det fleire av.
Men sol og regn gir vakre regnbogar! Nydeleg!
Trur nok og håpar på at sommaren blir verande ei lita stund til!
Hausten kjem tidsnok den!
Hausten kjem tidsnok den!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar