torsdag 31. juli 2014

Andre del av sommaren

Sol, sol og atter sol!
Einaste plass å vere er på stranda, og då er det heil greit å ha sommarferie heime!
Er jo syden heime, så kvifor reise vekk?
 
18. juli hadde The Rotevatns 6 års bryllaupsdag!
Då hadde vi frå før besøk av svigermor Kari, svoger Bjørn og dei to go-gutane hans. Dei var på ein liten "ferietur" i Volda.
Og plutseleg ringte mamma og spurte om dei kunne ta seg ein tur på besøk.
Tante Anne Mari, som bur i Spania, var heime og ville bli med mamma og pappa på besøk for å sjå kvar vi bur. Ho har faktisk ikkje vore her før, og sjølvsagt kunne dei komme! Kjempekjekt å få besøk, spesielt av tante!
(Rune, pappa, Kari, tante Anne Mari og mamma)

Bjørn og gutane var på fisketur i ei elv i skogen, medan vi koste oss med kaker på verandaen.
 
Når besøket vårt hadde reist heim, sette vi oss like godt i hammocken, og kosa oss i kveldssola med sjampis og feira dagen vår aleine!   
Desse glasa var store, og romma ei halv flaske kvar!  
...og då kan eg spandere ein sup på mannen min! :)
 
I vår 3'dje ferieveke fekk vi nok ein gong besøk av Kari, Bjørn og gutane. Denne gongen var det meir planlagt og onkel Rune ville ta med bror og onkel-ungane på fisketur på Rotevatnet og sette garn.
Bjørn er den i familien utan høgdeskrekk, iallefall minst høgdeskrekk, og var så snill og festa lause steinheller på taket til gamlehuset.
Dei to store, modige brorane.... 
...og dei to små, nervøse og spente brorane.

Nydelege rips og bringebær i hagen!
 

 
Etter vi grilla hamburgarar på verandaen, og barne-tv var over, var tida inne for å sette garn.
To store og to små spente brødre på veg ned til båten. 
 
Dagen etterpå stod dei tidleg opp, og henta inn 6 stk krede. Det var ingen storfangst denne gongen, men dei små synes det var stas å fiske fisk sjølve, hjelpe å gjere den opp, og steike den og ete etterpå. 
 
3 veker var snart over, og eg reiste til Fiksdalen på ein bitteliten ferietur.
Den turen skal eg blogge om litt seinare!
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar