Kastar du rosebuketten din når blada tørkar inn og fell av?
Ikkje gjer det heilt enno.
Snitt av sjølve blomsten, og sett dei anten i ei lav skål med vatn, eller i ei skål med "instant snow" som eg har gjort her.
Dette er rosbuketten min som eg fekk av Rune på vår 6 års bryllaupsdag. (minus 1 stk som eg ikkje klarte å redde) Plukka av litt lause roseblad, og vips så vart dei fine på bordet igjen.
"Instant snow" er eit pulver som du rører ut i vatn, og dette vert til små væskefylte perler innan 1 minett som ser ut som badskum, eller snø. Rosene trekker til seg vatn fra dette, og lever litt lenger!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar