Lenge har vel visse fjelltoppar lokka og spurt om eg ikkje kunne kome på besøk snart, og lenge har eg utsett dette. Men no i august skjedde det altså. To laurdagar på rad har både hr og fru Rotevatn vakna og impulsivt teke oss ein tur på fjellet.
Første turen gjekk til Hestehornet , 694 moh
Her sit eg på kanten av eit stup rett ned mot Vatne-vatnet faktisk. Litt høgdeskrekk har eg no, men verre med fotografen faktisk.
Bak tøysete meg ser ein Rotevatnet og Voldsfjorden
Rune peikar optimistisk på fjella han skal bestige neste gong!
Dette var ein passeleg tur, og sikkert ein lettare tur om vi hadde heldt oss til stien.
Vi gjekk opp frå Rotevassætra, og gjekk på måfå beine strekninga rett opp til Hestehornet. Lite visste vi at der var merka sti berre litt ved sidan av...
Typisk oss, men det var ein innmari fin tur!
Og det kjekke er når ein kjem på toppen, og kan leite fram brunostskiva si og kose seg.
Med blåbær på...
******************************************
Neste laurdag, og neste impulsive mål;
ROTSETHORNET, 649 moh
Rotsethornet sett frå stranda vår
Rotsethornet sett frå sentrum
Dette fjellet står så rett framfor utsikta vår, og eg har aldri vore der.
Ein er ikkje ekte volding før ein har vore på Rotesethornet, sei folk. Eg har skulda på at eg ikkje vil bli ein ekte volding, at det er det som gjer at eg ikkje har vore der enno... Men orsaka er vel berre latskap og skepsis.
Skal ein gå opp dit har ein to val. Anten gå frå Botnasanden og opp langs ryggen til toppen, eller kortaste og brattaste vegen RETT OPP, der ein må klatre og der det er lenker og tau som ein kan halde seg i. Vi valte den kortaste vegen...

Slik var det mykje av på veg opp. Ikkje så gunstig for skuldra mi, men før operasjonen så er det berre å "bruke den opp"...
Dette var innmari tungt, rett opp og mykje melkesyre i låra. Godt var det med nokre småpausar oppover. Eg har overvurdert meg sjølv...
Her sit Rune og ser utover Volda på veg oppover.
Vi rota oss inn i ei gruppe med folk frå friluftslinja i Volda. Dei klatra kjapt oppover, og det var berre å sleppe dei forbi, for dei klarte eg ikkje å halde følgje med.
Så no er eg altså ein ekte volding.
Skjelven i beina, og litt angst pga høgda og klatreopplevinga. Men det var innmari godt og fint å kome på toppen, og nyte ei utruleg flott utsikt!!
Her bor vi!! Rune peikar nesten rett på huset vårt her.
Toskegjølet.
Her er det stupbratt, og er du ikkje kjent med stien her oppe, og det er litt tåke, så kan du gå deg rett utfor. Og det er det dessverre nokon som har gjort også...
Eg måtte sjølvsagt driste meg utpå kanten og ta bilete...
Vi var begge einige om å IKKJE gå nedatt same ruta som vi kom opp. Så vi gjekk langs ryggen av hornet og nedatt til Vassbotnen. Vi kom akkurat heim når det byrja å regne, og var godt fornøgde med ein alldeles nydeleg og super tur.
Blir ei lita stund til eg kan gå på fjellturar igjen, men meir om det ein annan gong... :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar