fredag 29. januar 2016

Når det stormar som verst

Merker at ein har angst for storm når ein må følgje med diverse vêrkart, Yr, Storm, Dagbladet, VG, Sunnmørsposten, TV2, NRK og alt som finns... Eg føler meg som ein flygeleiar her eg sit med fleire nettsider oppe samtidig og oppdaterer heile tida.

Snakk om å pine seg sjølv...
Og så i tillegg blir eg nesten sint når eg ser på facebook at folk skriv at dei kosar seg inne når det stormar ute! Korleis går det an?
No er det altså i skrivande stund full storm med orkan i vindkasta. Og eg har angst!
Det er fredagskveld, og meininga er at ein skulle sjå handballkamp, kose seg med vin, god mat og slappe av. Men her har eg flykta ned på hobbyrommet mitt, med ein kaffe, eit glas Pepsi max og ei lita skål potetskruar. Rune sit i stova oppe med sitt pepsi max glas og pottis. Vi må vere beredt på det  verste, men håpe på det beste!
Vi er vel i følgje alle nettsider midt i det verste no... Men eg har fått meir enn nok allereie!
Internett er ustabilt, og lyset blinkar som diskolys. Det knirkar i vindaugskarmen, og lyden av vindkasta overdøyver musikken min. Verre er det oppe i stova og på loftet! Der knirkar og smell det i veggane, det store stovevindauget bular innover, og ein kan kjenne det ristar i huset i dei verste taka. Der vil ikkje eg vere!
Så etter middag gjekk eg ned. Rune blei att for han ville sjå handballkamp. Men han kom ned med pc'en under arma ei lita periode i sta. Men gjekk fort oppatt. Litt for fort synes eg. Likar ikkje at han er der oppe, synes det er utrygt der!

Eg sjekkar yr og alle andre nettsider med jamne mellomrom og håpar på eit under. For alt som står der stemmer vel akkurat? Sjekkar samtidig alle andre stadar der eg har familie og bekjente, for å sjå korleis dei har det og om det er i gang for fullt der også no. Vi ligg litt lenger sør på kartet, så vi fekk stormen litt før familien min i Haram fekk den, men dei merkar den nok godt no dei også.
Tenk å bekymre seg so gale! Det går jo bra!?
Eg er vel litt for prega av orkanen Dagmar og alle dei svære trea som knakk som fyrstikker og velta med grusomme dunk rundt huset her. Er ikkje over den opplevinga enno.

Vi får berre håpe på det beste, og at ingen personar blir skada eller verre (ja, faktisk så er det meldt så ille) og at det ikkje blir store skadar elles!

Vi må nok ut og sjekke tilstanden på gården i morgon når det er dagslys i alle fall...
Håper alle har det bra no! Full forståing frå meg om nokon er redde!

Helsing ei litt vêl overnervøs fru Rotevatn som sit i tilfluktsrommet sitt.

mandag 25. januar 2016

Heklepakke

FANTASTISKE FLINKE OG SNILLE LINDA!!

Sjå berre her kva eg fekk i posten!!
6 stk glasbrikker, 16 stk sommerfuglar, og 4 stk kjøkkenklutar.
Desse har ho hekla sjølv, til MEG! Eg blei so glad!


Eg bestilte rett nok glasbrikkene, som i bytte for nokre kubbelys som eg hadde pimpa opp med smelta serviett og bilete i og sånt til ho. Men eg veit kor lang tid ein brukar på slikt handarbeid, så eg bestilte ikkje akkurat eit sengeteppe...
Ho viste meg ein sommarfugl på bilete og eg elska dei. Så då ville ho hekle nokre slike også sa ho.
Men ho har jo tatt heilt av!! Haha!
Det skal bli gøy å pynte kjøkkenet mitt med desse, eg har ein liten plan!


Og overraskinga var kjøkkenklutane!
Store, gode og fargerike klutar! Dei ante eg ikkje komme.
Dei tok innersvingen på mine amatør-strikkeklutar iallefall! Haha!
Ho måtte bruke opp garnet, sa ho. Men eg mistenker ho for faktisk vere genuint snill! :)

Takk Linda! :)

torsdag 21. januar 2016

Litt vêl mykje snø no, men litt moro også!

Det har i siste veka kome så innmari mykje snø, at eg måtte faktisk til å spade fram piggsvinhusa slik at dei skulle få litt luft.

Taket deira stikk godt utanfor veggane, og der er det tilgong på luft sidan snøen ikkje legg seg der. Og sidan husa står under buskas såg eg at der er rom vidare frå under taket og inn i buskene også. Så sidan eg har laga nokre luftehol i husa, så har dei hatt tilgong på luft. Heldigvis!
Men eg grov meg ned til inngongane til husa, slik at det skal kunne kome litt luft direkte via der også.
Dei ligg jo der inni på tørt og isolert golv, med mykje høy. Så kulda toler dei.
Men luft må ein jo ha!!
Dersom dei mot formoding kjem til å vakne og prøve seg ut ein tur, så snur dei fort igjen, for dei kjem seg ikkje vidare i den djupe snøen.

Eg har 6 stk hus ståande rundt omkring i hagen, men likevel klarte eg å finne kvart enkelt hus på første spadeforsøk. Ikkje so verst!


Og sidan det har kome mykje snø, så fann The Rotevatns ut at dei skulle ut og leike seg litt.
Så vi tok oss ein sparketur vi, på min fine, raude spark!
Kvar sin gong å sitje på, og det var innmari moro!

Men det er litt synd at vegane ikkje kan få vere dekt av hardpakka snø, for no har saltet øydelagt sparkeføret, både på fortau og på vegar. Så vi kom ned på asfalten/grusen nokre gongar medan vi var i fart. Men heldigvis utan å fyke over sparken!

Skøyter og spark... No er det berre skitur som manglar! Men vi vil begge at det skal bli litt mindre iskaldt først.

onsdag 20. januar 2016

Prøvde skøyteisen

Søndag 10. januar 2016
Utsikt frå stovevindauget vårt.
Vatnet ser blankt og roleg ut, men det er faktisk IS på vatnet!

Eg såg at folk var utpå, og las at isen skulle vere trygg, men at ein skulle vere varsam med å gå for langt ut.
Eg klarte ikkje styre mine barnlege lyster, kledde på meg og tok med meg skøytene mine ned til stranda.


Sjå berre kor klår og blank isen var!
Det ser ikkje ut som der er is, og den ser iallefall ikkje trygg ut!



Men den var 13 cm 150 meter frå land, og dette var heilt trygt.
Vel, trygt å gå på, men å gå på skøyter er ikkje alltid like trygt i seg sjølv då...


Eg heldt på for meg sjølv ganske nærme land.



Biletebevis for at eg faktis var utpå isen i år!


Stranda!
Fint der, men likar den betre om sommaren!

Alice tek ein liten piruett! Eller, ein liten "sving..."
Alt etter kor mykje ein skal skryte på seg. Haha!

fredag 15. januar 2016

Valets KVALar...

 Nytt år, nye val!
10 druer, eller kvalar?
Som overskrifta sei: Valets KVAL'ar!
Auget, munnen og magen skrik etter deileg marsipan trekt med sjokolade.
Korleis klarer folk å velje druer framfor desse?
Eg veit ikkje, men av ein eller annan grunn så klarte eg å motstå denne gongen.
Trur det var berre fordi eg tok bilete, og tenkte at eg må vise at eg er flink!
Hadde dette vore i jula så hadde den raude boksen vore tom før eg henta kamera.

Eg har ikkje noko nyttårsfortsett, men eg har jo ein draum kvart år om å bli sunn og sprek.
Så kjem juni månad og eg kjem på at eg har gløymt heile draumen!

Men nokre tiltak har eg no byrja på. Som å velje druer framfor sjokolade.

Og så prøver eg å ikkje ete kveldsmat så seint på kvelden. Då er det betre med eit eple.

Rune såg rart på meg første kvelden eg tok med meg eple og kniv på senga.
Rune: "Kniv? Ligg eg ved sidan av ei bestemor, eller?"
Alice: "Knaske, slafse - Ja, men det er best når eg får skjere det i bitar!"
Så tenkte eg litt etter:
Han har rett! Å ete eple med kniv ser eg berre gamle folk gjere...
Haha... For det første så er det ikkje så kult å ligge å ete i senga. Og for det andre det med kniven...
Vel, sant skal seiast at han ofte et eple der sjølv, men på normal måte.
 Så han får vere glad eg ligg der og et eple med kniv, og ikkje har med ei skål med ostepop!!


Kom over ei oppskrift på muffins med havregryn utan sukker!  
Slik såg dei ut før eg steikte dei.

Ingrediensar:
2 dl havregryn
1 ts bakepulver
1 klype salt
1 ss rapsolje
2 egg
1 banan
1 dl frosne bringebær


Først kverna eg havregryna med stavmiksar til finare mel. Blanda oppi bakepulver og salt.
Så miksa eg ihop banan, egg og rapsolje, og blanda det inn i det tørre.
Fylte røra i 6 store former, og putta bringebæra litt fordelt rundt i formene. Ca 5 bringebær per form.

Dette stekte eg i 25 min på 200 gr. (I originaloppskrifta stod det 20 min, men eg hadde dei i litt lenger.)
 
Slik vart dei etter dei var steikt.
 

Ein slik muffins inneheld som sagt ikkje sukker, og faktisk berre ca 110 kcal.

Alt som skal vere sunt, er ofte ikkje so godt. Og eg vart litt skuffa i starten.
Når auget ser ein muffins, kjenner munnen min automatisk søtsmak.
Denne er naturleg søt av bananen, og får syrlig innslag av bringebæra.
Havregryn er havregryn.
Eg åt ein slik til kveldsmat i går, og hadde med ein til frukost på jobb.
Som frukost var den veldig god! Mettande også!
Når auget overbeviste magen om at dette ikkje er sukker, så var dei faktisk veldig gode!


Rune er ikkje så glad i ting eg bakar, eller i kaker eg lagar. Han skuldar på at kaker er for søtt, men bakverket mitt er nok ganske enkelt berre ikkje bra. 
Men no er han sjuk. Sår hals, og hostar som ein gal.
Så eg laga heksebrygget mitt til han.
Kallar det berre for Cola-te.
Coca-cola, ingefær og sitron. Det er kjempegodt.
Han drakk opp ein stor kopp med dette!
Trur ikkje det var fordi han likte det så godt, men fordi han var desperat etter å roe ned hosta og den såre halsen.
Blir ein desperat nok, så drikk og et ein det meste.
Til og med ting eg lagar.

torsdag 14. januar 2016

Kosedress - ja eg har ein!

Forstår ikkje kva hr. Rotevatn meiner når han ikkje synes onepiece er fint?


Eller, jo... Eg forstår vel eigentleg det. Haha!
Ein går jo rundt der som ein forvokst baby, sidrumpa og formlaus.
Dei er jo absolutt ikkje flatterande. Av ein eller annan grunn så er det det verre om menn har dei på, enn om damer har dei. Eg ser den! Barske, vaksne menn skal ikkje sjå ut som ein unge!
Medan damer kan få lov å ha dei på, til naud! Kanskje fordi vi skal vere så uskyldige? Eller er det fordi vi er barnslege? Eller fordi vi likevel hiv på oss ei kosebukse når vi kan, og då er dette eit enkelt alternativ?

Eg for min del har kjøpt meg ein heilt ny dress i år, for julegåvepengar eg fekk med mamma og pappa. Så offisielt så har eg fått dressen i gåve, og då må eg no bruke den?
^
Eg elskar denne dressen. Den er i fleece, ikkje ALTFOR stor, men likevel romsleg og sidrumpa, og varm. Det er noko med det å kure seg oppi sofahjørnet i dressen sin, allereie ferdig inntulla i eit pledd på ein måte.
Men det skal seiast, dette er ikkje eit plagg som ein har på seg utomhus.
For nokre år sidan gjekk mange i slike ute i gatene og på skulen.
Der går nok grensa for meg.

Eg har ein dress i collegestoff frå før, men den har vorte arbeidsdressen min. Den er genial når eg skal måle veggar inne.
Så her måtte eg berre til innkjøp av ein ny.
Eller måtte eg det?
Nei, eg fekk den jo i gåve!!

torsdag 7. januar 2016

Nye hobbyar

Rett før jul fekk eg ein tanke om at eg måtte ha eit lite "sysleri" å styre med medan eg sitt i sofaen og ser på tv. Tenkte på at eg har jo litt strikketøy liggande, og eg KAN jo faktisk å strikke rett og vrangt, legge opp og legge av. Så då leita eg fram noko restegarn, og tenkte eg skulle strikke klutar.
Klut må no vere enkelt, tenkte eg. Og det kan ikkje ta så innmari lang tid. Langtidsprosjekt orkar eg aldri.
Dette vart resultatet av mine første to strikkaklutar!
Eg er kjempestolt, og kan stadfeste at heimestrikka klutar fungerer kjempegodt! Eg brukar dei på kjøkkenet som oppvaskklut/vaskefille.
Dette var eit blandingsgarn 50/50 bomull og akryl. Det går greit, men 100% bomull skal vere best.

Til jul fekk eg 100% bomullsgarn i tre fargar av Cathrin, og dette er den første kluten eg strikka i fargen grå.
På slutten vart eg utålmodig, og glante for mykje på tv samtidig, så det vart ein liten skjønnheitsfeil. (hoppa over to av fire rader med "mønster", som ein ser til venstre på kluten.)
Eg ikkje så god på å feste tråden så eg bretta kluten litt inn i hjørnet før fotoshoot, for eg var litt flau...


Sååå; her er mitt "sysleri" nr 2 etter julaften:
Fargelegging!
Eg fekk "Den hemmelige hagen" fargeboka av mamma til jul, med kjempegode tusjer til!
Minna meg om barndomen, når eg alltid fekk fargebok og tusjar med Julenissen på dagtid julaften, slik eg skulle få ha noko å halde på med før middagen.

Dette er utruleg kjekt å halde på med! Og eg blir veldig avhengig merkar eg!
For oss rare folk med eit snev av OCD og eit behov for å bli ferdig med ting, og helst fort, så kan det vere ei utfordring! Rune berre ler av meg når eg svarer "vent litt" og "kjem snart" når det er noko. "Skal berre..." 
Så her ved spisebordet har eg tilbragt mykje tid i romjula og fram til no.
Kosar meg kjempemykje, og det er litt rekreasjon og meditasjon ved dette sysleriet. 
Fargeboka som ein både kan elske og hate!
Eg elskar den!!
Den hjalp meg gjennom stormane 1. juledag og dagen før nyttårsaften faktisk!

onsdag 6. januar 2016

Nytt år!

GOD NYTTÅR FRÅ THE ROTEVATNS!!
Happy happy happy!
Her står vi med kvar sitt stjerneskot, sjampanjeglas og ser på årets nyttårsrakettar!
Vi feira heime med lammelår til middag.
Ein herleg dag! 1. januar gjekk fort over til å bli 2. januar, og det er heilt greit...!
 
Pinnsvina har sove utan å vakne ein einaste gong sidan lillejulaften.

Eine ligg på gjesterommet og andre i yttergangen.
Dei fekk opphengt kvar si julestrømper på bura sine.  

Men dei vakna ikkje opp på julaften for å sjå om der var noko oppi. Hadde dei vore vakne skulle dei fått kvar sine hasselnøtter!


Tenkte eg skulle vise ein litt annleis måte å gje tenåringsgutar pengar til jul:

Det er jo så vanskeleg å finne på julegåver, så då blir pengar den beste løysinga. Og det er dei sikkert glade for sjølv også, så slepp dei å få pysjbukser kvart år.
Eg kjøpte nokre julebokser på Nille, med ei skjult opning i botn.
Oppi der putta eg pengar i form av myntar, ilag med diamantsteinar (pyntesteinar) og sjokoladepeng. 
For å opne desse boksane no, så må dei opne dei som ei hermetikkboks.
Det vart no litt artig ut av dette vel?

Elles var eg modig og laga ei rispute til svigermor. Eg er IKKJE flink med symaskin, og eg prøvar og feilar undervegs. Learning by doing!
Alice's juleverkstad!

Ei rispute som kan varmast i mikrobølgeomnen, og leggast over skuldrane eller andre stadar for å varme stive og ømme musklar og ledd.

Etter litt googling, så fann eg ein framgangsmåte som var ok.
Eg tok eit putetrekk, og brukte difor 3 av allereie samansydde sider. Klipte av slik at bredda vart omlag 32 cm. Vrente den og sydde den att på langs. Så vrengte eg den på rettsida igjen, og måtte dessverre klippe opp eine kortsida, der eg skulle fylle på ris. Denne vart til slutt  ca 70 x 30 cm i storleik.
Eg sydde så langs heile lengda, slik at det vart 3 stk "rør" eller pølser. Dette for at risen skal fordele seg betre. Fylte i riskorn, og sydde att.

Då er eigentleg risputa ferdig. 

Ho vart litt altfor stappa full, og difor litt tung. Men den går i mikrobølgeomnen og fungerte veldig bra når eg testa den!

For å kunne vaske den, så sydde eg eit trekk til den.
Då brukte eg rett og slett ein ferdigkjøpt duk, ein løpar på 40 x 140 cm.
Den bretta eg i to på langs, slik at det vart 70 cm langt. Vrengte og sydde der det trengtes for at det skulle passe til puta.
Så kom spørsmålet: Korleis lage til opninga? Må jo ha knappar eller tau eller noko?
Eg kan ikkje lage knappehol, så då tok eg 2 stk store trykknappar og sydde på i opninga.
 
Elles fekk eg bryne meg på mi aller første ostekake i år også! (Eller, det var eigentlig i fjor no, gløymer at vi er i 2016 allereie)


Oppskrifta fekk eg av Linda, ei venninne eg traff på nett via Pinnsvinhjelpen, og denne er hemmeleg. Den smakar friskt og godt av bringebær, og ingen sur ostesmak! Nydeleg!

Bortsett frå at eg gløymte å "låse" forma før eg tømte bringebærgeleen oppi, og det lak ut skøyten på forma, så gjekk det veldig bra! (Tips til lekkasje i form; Ta ei steikespade og stapp matpapir langs kanten.) 
Her står hjertekaka ferdig pynta med grøne og raude m&m's på kakebordet heime hos ho mor og han far! (Tips igjen: Ikkje bruk m&m på kaka, dei går i oppløysing!)
Gulekaka til mamma er fantastisk deilig, og søsten til farmor! Alle julekakene er heimelaga av mamma, Cathrin og meg!
Einaste som skuffa mamma var den innkjøpte marsipankaka, som faktisk datt litt ihop. Men god var den uansett!!
Det var eit kjempekoseleg juletreff hos mamma og pappa 22. desember, og Rune og eg overnatta ei natt der. Alltid godt å kome heim åt ho mor og han far!
Kaka var kjempegod den!!! Og dette er restane dagen etterpå.

Ja, dette var mine små utfordringar i jula. Sy rispute, pengegåvetips og lage kake.
Artig med DIY-prosjekt! (Do It Your self) Håper på nye prosjekt i 2016!