torsdag 18. juni 2015

Haust i juni...


"Måndag 15. juni: 

Møre og Romsdal Vestlig bris, frisk bris på kysten, liten kuling i nord. Regnbyger, snøbyger over 700-900 m."


Ja, slik er det... Vermeldinga stemmer!
Nysnø i fjellet, 15. juni...
På biletet ser ein den gamle snøen som enno ikkje er smelta vekk. Men der også eit melisstrø med nysnø. 
Det er faktisk ikkje akseptert, merkar eg!
Det har vore regn og 8-9 grader i heile mai og juni. Boblejakka er fortsatt i bruk, og eg har ikkje bytta vinterjakker og sko med sommarvariantane enno.
Altanen står ubrukt, ingen plantar eller pynt er sett ut, for det hadde blitt ødelagt. Altfor vått og kaldt. 
Trist? Ja!!
Det bør snu snart før vi går på veggane. 

Her ligg eg i skrivande stund under eit pledd i sofaen. I tillegg har eg fått ein typisk haust-forkjøling, eller noko liknande. Måtte jo berre komme,  det er jo haust ute!!
Sjuka kom som kasta på meg, med sår og tjukk hals, kroppsverk, hovudverk, astma og litt feber. 2 døgn heime frå jobb. 
Dette var heller ikkje noko gøy, så no håper eg både ver og form blir betre!! Raskt!! 

Grmf...





onsdag 17. juni 2015

Gåggetur!

Ja, det er det eg kallar det eg prøva meg på no. 
Gågging! 
Det vil seie at eg går ca 5 min som oppvarming og så er det meininga å jogge ca 5 min, gå 1-2 min, i  intervallar og berre halde på så lenge eg orkar. 
Har funne ut at framover setervegen er perfekt. Lite folk og når eg er sliten kan eg snu tilbake.
Starta med godt mot!!

Men det harde er at vegen startar slakt oppover med ein gong!! Så det går ikkje så fort akkurat. Og joggepartia blir ikkje så lange som eg håpar. Dessuten blir det berre brattare og brattare! Det går hardt utover korsrygg og hofter i dei bratteste bakkane, men eg håpar det gjer berre godt.
Dette var torsdag 11. juni, og her har eg på ei litt tjukk treningsjakke fordi det var iskaldt! Og hadde det ikkje vore puter på headsettet hadde eg fått øreverk! Sjølv om eg sveitta og kava, og eigentleg burde vere varm.
Eg har no gjort dette to gongar i veka og satsar på å fortsette!
Om ikkje kondisen og forma blir betre så får eg iallfall ein time med frisk luft.

torsdag 11. juni 2015

Eitt år eldre

Her er eg, 38 år drit-gammal!
Eg fylte 38 år den 8. juni og merkar 40 årskrisa nærmar seg. Det vil seie, eg har vel allereie kjent på den "krisa" i nokre år no.
Det merkast på kropp og sjel. Fleire grå hår veks til, fleire rynker, tørrare hud, kiloane kjem lettare sigande på, og er vanskelegare å få av. Kroppen tåler ikkje så mykje lenger, må varme opp meir før trening, får betennelse og smerter i musklar og ledd, og har allereie operert ei skulder!!
Ja, kva kan ein seie!? Slik er det vel berre...
Men så lenge eg fortsatt blir spurt om legitimasjon på polet for å kjøpe vin, og i butikkar for å kjøpe snus eller øl (!) så skal eg ikkje klage!

Og apropos det å bli gamal, eller vaksen; Eg har baka!
Rett nok er dette 1-2-3-blanding som eg delte opp til å bli halvparten bollar og halvparten kanelsnurrar. Dagen før bursdagen laga eg desse. Vi venta ingen gjester, men eg vart så godtesjuk.
Eg er ikkje eit husmoremne, og har aldri påstått at eg ER det. Men eg likar å late som av og til.
Eg får ALDRI til gjærbakst, så det er sagt. Den vil ikkje heve, og dei blir alltid tunge, tørre og grå...
Dette vart derimot veldig godt, og eg er såpass naiv at eg tek på meg all ære for ein fin bakst denne gongen! (Takk for hurtigposar)



Når ein snakkar om bursdag, alder, kriser, panikk og deperasjon... Dette var utsikta mi på bursdagsmorgonen min frå soverommet. Det plaskregna, var berre 8 grader, og skodda hang tungt ned over Rotsethornet. DET er deprimerande det, når det er juni og det skal vere varmt og sommar.
Slikt ver har det vore i heile mai, og slik skal det bli i lang tid framover visst nok.


Men bursdagar skal feirast, og karane på jobben hadde ordna kake til meg. DET var kjekt det!!
Så dagen blei rett fin når eg berre kom meg på jobb, inn og vekk i frå styggeveret.



Og dagen vart betre og betre. Når eg kom heim hadde Rune hengt ut flagget for meg, og faktisk så vart det lettare ver og sola glimta til innimellom!

Så fekk eg bursdagsgåver!!

Nydelig rosebukett frå sjølvaste hr. Rotevatn!
Han er bra god!!
Så fekk eg fleecejakke også, Kari Traa. Deilig og tynn jakke til å både kunne trene i, ha på seg på turer, eller berre bruke som kosejakke! Trur denne blir til kos og kanskje til fjellturer etterkvart.
Akkurat slik ei som eg ønska meg!

I tillegg fekk eg meg nokon knalltøffe joggesko med han!
Vi hadde sett på dei ilag, men så hadde dei ikkje storleiken min i den fargen eg ville ha, så eg var litt usikker på heile greia. Men Rune fekk i all hemmelegheit butikken til å bestille dei inn til meg, så dei får eg i morgon!!
HURRA!
Det er dei argaste skoa innan det å ver god for hofter og kne, med dempingar der det skal vere demping. Dei er i litt knallfargar utan å ver glorete, og eg gleder meg til å prøve desse.
I tillegg så fekk eg bestemme middag denne dagen, og det vart potetball med pinnekjøt til!
Nydeleg godt var det!

Eg kjøpte "oss" ei bursdagsgåve med ein tilgodelapp vi hadde også!
Costa Boda lysestake. Denne er berre så lekker! Ein kan velge om ein vil ha vanlege stearinlys i den eller te-lys. Den er i to delar, og den formar eit lite hjarte i midten når ein set den ihop.
Den veltar garantert ikkje, for denne er tung! Og det blir så fint lys med te-lys oppi.

Så det vart no ei gåve dette også!
Så litt feiring vart det, sjølv om det berre var meg og Rune som var deltakarar.
Fekk mange telefonar frå familie, og dagen vart rett god til slutt, trass ein litt deperimerande start.

Og dessutan, eg kan berre ikkje kome i noko 40 årskrise enno.
Eg er no "berre" trettiåtte!!


fredag 5. juni 2015

Om ein leitar så finn ein!


Tredje dagen på rad har vi no sett dette pinnsvinet på vift i hagen vår.
I går kl 17.30 såg vi det igjen, og eg sprang ut med mat og vatn. Som vanleg.
Veret er ikkje bra for tida. Det er kaldt og det regnar. Plenen er våt, men dermed finn han mange småsneglar. Kjekt for han, kjipt for oss som lengtar etter sol og tørre dagar.
Men akkurat i det eg gjekk ut kom det eit lite solgløtt, og han fann sikkert ut at ho skulle heim. Og vi har lurt litt på kvar "heim" er for han!
Han såg ikkje ut til å merke verken meg eller maten. Eg stod rett attmed, og han gjekk rundt meg og forbi.
Synes det var no litt rart at han gjekk langs husveggen på gamlehuset, i stadenfor i buskene. Men eg venta tålmodig medan sola skein og det regna samtidig, i berre ein tynn genser. (Juni?)
Og kva skjedde så?
Jau, han kraup nedi denne skrothaugen her!
Dette er huset hans faktisk!
Sjølvsagt!!
Der er det ei grop, og der har det hamna litt høy, ilag med ei treplate og eit gamalt tørkestativ. Alt samanfiltra til eit bol!
Eg sette maten hans der, ihåp om at han kom ut og åt med ein gong. Og så henta eg litt ekstra høy etterpå og la ved sidan av (Det er ikkje med på biletet)
Men kva skjedde med maten? Jau, etter eg gjekk derifrå så kom skjora og åt opp maten hans!!
Fy så sint eg blir på den teite fuglen!

Så det nyttar ikkje å setje ut mat på denne måten iallefall!

Eg laga til ny porsjon seinare på kvelden, etter skjora hadde lagt seg, og sette dette i det gamle pinnsvinhuset. Så får vi håpe at han her har luktesans nok til å finne fram heilt ned dit.
Ser ut som dette blir eit prosjekt for sommaren; å passe på pinnsvinet, og vente spent om det blir familieauking, eller om det er ein gutt!
Kanskje det ER Lillepigge?

torsdag 4. juni 2015

Besøk igjen!

24. mai kom eit pinnsvin på besøk og fekk biff med oss.
Og jaggu kom der ikkje besøk i forgårs også! Denne såg litt tjukkare og større ut, og vi kallar ho Bolla Pinnsvin. (I håp om at det er ei dame og at ho er gravid) Fekk ikkje sett ho i ansiktet, så veit ikkje om dette er det samme som sist. Han andre kallar vi for Scarface, sidan han hadde eit lite arr på nasen.
Det kan hende det er eitt og same pinnsvin, men eg likar tanken på at Scarface og Bolla Pinnsvin bor i hagen, og at Bolla får ein haug med ungar!
Eg såg tilfeldigvis ut på plenen i 22.30-tida, og fekk auge på denne klumpen stabbande rundt på jakt etter mat.
Sidan han sist veke villig spiste maten vår, så gjekk eg til innkjøp av kattemat. I tilfelle akkurat dette; at vi fekk besøk igjen. Då skulle vi sjå om dei likte kattematen, og har ein plan om å gi dei kvar kveld.
Så eg og Rune sprang rundt kvarandre inne, for å ordne med kattemat, skål, hansker og kamera, og sprang ut. Lista oss stilt på tå nærme Bolla, og la skåla framføre ho.
Gjekk ikkje mange sekunda før ho slafsa i seg heile greia! Så gjekk ho mett og god vidare opp i skogen.
Litt kamerasky!

Det er litt rart, for det er så tilfeldig at ein ser desse luringane. Vi trur det ikkje finns så mange pinnsvin lenger. Men er det fordi vi ikkje leitar og ikkje ser dei?
Dei er jo som regel ute og ruslar seint på kveld. No har vi sett dei litt før og etter kl 22.00 to kveldar.
Det er altfor få pinnsvin i Norge, og dei er utryddingstrua. Så vi skal gjer vårt alt for å legge til rette for at dei skal trivast i vår hage.
I går når eg kom att frå trening kl 18.30 og gjekk inn på badet, så kika eg ut vindauget tilfeldigvis.
Trur de ikkje at eit pinnsvin rusla rundt då også?
3 kveldar no, og 2 på rad! Hurra! Det var no litt vêl tidleg på kvelden denne gongen synes eg. Vi hadde no ikkje fylt på skåla eingong!
Men eg heiv meg rundt og sprang ut. Tok skåla og fylte på med kattemat. Hadde medvind, så pinnsvinet merka dufta og sette nasen opp og snusa. Var det eit arr eg såg på nasen? Dette kan vere Scarface! Han vart veldig skeptisk og redd, så han begynte å springe mot nokre busker. Eg gjekk (småsprang) etter for å vise han at her er det mat å få! Herlighet for eit syn for Rune som stod i vindauget og kikka på! Og stakkars pinnsvinet som blir etterfulgt av eit stort monster med mat!
Han gøymde seg i bringebærbuskene, rett innafor opninga.
Eg sette skåla rett framføre, gjekk rundt buskene og sat og speida etter han. Eg kunne ikkje få auge på han uansett kva eg gjorde! Tenk, der sat han kanskje 1.5 meter i frå meg, men likevel heilt kamuflert! Supert!
Når eg gjekk innatt såg eg at han gjekk bort til skåla, men han var nok ikkje svolten nok så tidleg på kveld. Eller at eg har skremt han (?) for han åt ikkje opp.
Men maten var vekke i dag. Kan vere kattar eller andre dyr, men eg håper det er han. Viss han ikkje likte maten, så var det i alle fall eit anna pinnsvin som var her i går, for det åt opp alt og var ikkje så redd som han her.

Det er i alle fall spanande tider for oss, og ja vi er heilt rare, eg veit det! Vi går og kikkar ut heile kveldane, redde for å gå glipp av eit nytt pinnsvinsyn!
Eg håper det blir ein vane at dei kjem innom oss kvar kveld!