lørdag 30. august 2014

Fjellturar

Lenge har vel visse fjelltoppar lokka og spurt om eg ikkje kunne kome på besøk snart, og lenge har eg utsett dette. Men no i august skjedde det altså. To laurdagar på rad har både hr og fru Rotevatn vakna og impulsivt teke oss ein tur på fjellet.
Første turen gjekk til Hestehornet , 694 moh

Her sit eg på kanten av eit stup rett ned mot Vatne-vatnet faktisk. Litt høgdeskrekk har eg no, men verre med fotografen faktisk.

Bak tøysete meg ser ein Rotevatnet og Voldsfjorden

Rune peikar optimistisk på fjella han skal bestige neste gong!

Dette var ein passeleg tur, og sikkert ein lettare tur om vi hadde heldt oss til stien.
Vi gjekk opp frå Rotevassætra, og gjekk på måfå beine strekninga rett opp til Hestehornet. Lite visste vi at der var merka sti berre litt ved sidan av...
Typisk oss, men det var ein innmari fin tur!
Og det kjekke er når ein kjem på toppen, og kan leite fram brunostskiva si og kose seg.

Med blåbær på...
 
 
******************************************
Neste laurdag, og neste impulsive mål;
ROTSETHORNET, 649 moh

Rotsethornet sett frå stranda vår
Rotsethornet sett frå sentrum
 
Dette fjellet står så rett framfor utsikta vår, og eg har aldri vore der.
Ein er ikkje ekte volding før ein har vore på Rotesethornet, sei folk. Eg har skulda på at eg ikkje vil bli ein ekte volding, at det er det som gjer at eg ikkje har vore der enno... Men orsaka er vel berre latskap og skepsis.
Skal ein gå opp dit har ein to val. Anten gå frå Botnasanden og opp langs ryggen til toppen, eller kortaste og brattaste vegen RETT OPP, der ein må klatre og der det er lenker og tau som ein kan halde seg i. Vi valte den kortaste vegen...
 
Slik var det mykje av på veg opp. Ikkje så gunstig for skuldra mi, men før operasjonen så er det berre å "bruke den opp"... 
Dette var innmari tungt, rett opp og mykje melkesyre i låra. Godt var det med nokre småpausar oppover. Eg har overvurdert meg sjølv... 
Her sit Rune og ser utover Volda på veg oppover.
Vi rota oss inn i ei gruppe med folk frå friluftslinja i Volda. Dei klatra kjapt oppover, og det var berre å sleppe dei forbi, for dei klarte eg ikkje å halde følgje med.
Så no er eg altså ein ekte volding.
Skjelven i beina, og litt angst pga høgda og klatreopplevinga. Men det var innmari godt og fint å kome på toppen, og nyte ei utruleg flott utsikt!!

Her bor vi!! Rune peikar nesten rett på huset vårt her.

Toskegjølet.
Her er det stupbratt, og er du ikkje kjent med stien her oppe, og det er litt tåke, så kan du gå deg rett utfor. Og det er det dessverre nokon som har gjort også...
Eg måtte sjølvsagt driste meg utpå kanten og ta bilete...

Vi var begge einige om å IKKJE gå nedatt same ruta som vi kom opp. Så vi gjekk langs ryggen av hornet og nedatt til Vassbotnen. Vi kom akkurat heim når det byrja å regne, og var godt fornøgde med ein alldeles nydeleg og super tur.
 
 Blir ei lita stund til eg kan gå på fjellturar igjen, men meir om det ein annan gong... :)
 
 
 


fredag 15. august 2014

Store stikkelsbær hos The Rotevatns!

 
I år har vi virkeleg fått godt resultat av bær- og frukthagen vår!
Sjekk kor store stikkelsbæra er da!
 
Eh... Nei da! Berre tullar!
Eg har funne meg ei bittelita stetteskål i gamlehuset, og synes berre at den er så utruleg fin!
I den passar det å ha ein liten handfull med bær oppi, eller bruke som sukkerskål, eller telyshaldar.
Uante moglegheiter!
 
Slik ser den eigentleg ut, i riktig format! :)  
I alle slags diett- og slanketips så skal ein berre ta ein handfull av ditt og datt, så om eg skal ete peanøtter ein kveld, så kan eg seie at eg har ete ei skål med peanøtter, og likevel berre ete ein handfull.
(Men eg er ikkje så disiplinert, så det blir nok eventuelt nokre påfyll med nøtter i denne skåla!)
 
 
Elles er den varme sommaren på hell. Det vil seie at vi har faktisk nydelege temperaturar og sol fortsatt, men mørke skyar og regn er det fleire av.
Men sol og regn gir vakre regnbogar! Nydeleg! 
 
Trur nok og håpar på at sommaren blir verande ei lita stund til!
Hausten kjem tidsnok den!

fredag 8. august 2014

I've got the whole world...

Ja, denne sangen sang Rune til meg når eg stod der med ein gamal jordklode i hendene.
"I've got the whole world, in my hands..." Hehe!
Til og med månen (stovelampa) var der!
 
Saken er at eg har byrja på prosjekt "roterom" i kjellaren, som skal bli MITT rom! Eit slags rom for kreativitet, hobbyar og der eg kan bestemme ALT sjølv. Rune har musikkrommet (kjellarstova) og eg kan ha dette hobbyommet.
Der er det fullstappa med gamle kommodar og skjenkar, som igjen er fullstappa med diverse koppar, muggar, fat etc av det antikke slaget. Kva gjer vi med slikt då?
Jo, eg har samla saman alt eg fann i dette huset og i gamlehuset, og sett saman delane så godt det let seg gjere, og selg det no på finn.
Finnkode 50435022 for den som er interessert i å sjå kva det er.
Mykje antikk, porselen, tinn, messing, keramikk og krystall, av kjente merker som Porsgrunn, Figgjo, Svaneholm, Stavangerflint etc
Så i stova i gamlehuset har eg for tida ein butikk! 
 
Men, der var jo sjølvsagt mykje som eg vil ha sjølv! For eksempel ein gammal globus med lys. Den har ikkje virka, og difor har den berre stått der og støva ned.
Sidan eg er i gong med å rydde, så ville elektrikar-Alice prøve seg på å få den til å virke.
 
Problem 1 med slike lampeglobusar: Korleis skifte pære??
Eg fann det ut via google. Ein må ta ut ei propp i festa på "Nordpolen" og ta ut ein slags pinne derifrå. Så løyse kloda. Fekk det til, og dermed sat eg med heile verda i hendene mine.
 
Skifta pære og den berre blinka og heldt på å ta straumen frå både tv og anna. Prøvde bytte til den gamle pæra, og det var det samme med den. Det vil seie at den gamle pæra virka den, var berre litt laus.
Men problem 2 var at det var sjølvaste støpselet som var dårleg!

Så då var det berre å leite fram kniv og skrujern, og opne heile greia. Klipte av ledninga og laga til nytt inni der. Slikt elskar eg å drive på med! Ikkje rart at tanteungane mine går på elektro! Det er jo moro!!!
 
Så skrudde eg alt ihop igjen og...
 
"DET VART LYS!!"
 
Denne skal stå nede på hobbyrommet mitt! Kjempefin er den!
 
Så fra
"I've got the whole world, in my hands"
til
"Let there be light; he willed it, and at once there was light."
Følte meg litt guddommeleg ei lita stund!
FOR, det var jo eit under at eg fekk det til!

onsdag 6. august 2014

Eit lite tips!

Kastar du rosebuketten din når blada tørkar inn og fell av? 
Ikkje gjer det heilt enno.
 
Snitt av sjølve blomsten, og sett dei anten i ei lav skål med vatn, eller i ei skål med "instant snow" som eg har gjort her.

Dette er rosbuketten min som eg fekk av Rune på vår 6 års bryllaupsdag. (minus 1 stk som eg ikkje klarte å redde) Plukka av litt lause roseblad, og vips så vart dei fine på bordet igjen.
"Instant snow" er eit pulver som du rører ut i vatn, og dette vert til små væskefylte perler innan 1 minett som ser ut som badskum, eller snø. Rosene trekker til seg vatn fra dette, og lever litt lenger!

søndag 3. august 2014

Ein liten ferietur for fru Rotevatn

Fiksdalen, mitt kjære barndoms ferieparadis!
Her budde mormor og morfar, og onkelen min med familie bur der enno.  
Nede ved fjøra har Cathrin og Stig-Helge kvar si campingvogn ståande heile året. Det forstår eg godt, for her er det verkeleg paradis på jord når det er sommar og sola skin! Skodda kan ligge tjukk andre stadar, men sjeldan her i "Jælin". Deileg strand, gode båt- og fiskemoglegheiter, sjøluft og saltvatn!
**********
 
Det var med blanda kjensler eg tok denne turen. Eg har alltid ønska meg tilbake, men har faktisk ikkje vore der etter at morfar døde for 3 år sidan. Eg har liksom vegra meg for det på ein måte. Og utan han er det liksom så tomt... Morfar var ein kjær person, og eg tok det svært innpå meg når han døde. Det var ingen "tragisk" bortgang, han var gamal og meinte sjølv han var klar og ønska å møte mormor i himmelen. Men likevel... Ein er aldri førebudd på døden, uansett. Eg heldt handa hans på sjukehuset når han reiste, og han hadde mange rundt seg av alle sine kjære.
Eg tok difor aller først turen til grava på kirkegarden og sette ned raude roser frå Rune og meg. Der sette eg meg rett ned sjølv også, og sat der i 20-30 minutt. 
Det gjorde godt, og ein klump forlet magen min etterpå...
***********
 
No var eg klar for å besøke søskena mine på "campingen" og resten av slekta som bur der.
Fjøre sjø i Jælin'
 
Her har eg det som plommen i egget!
Sola varma og det var så kjekt å treffe søskena mine og svogersane, og Oliver tanteguten min.

Vi grilla og nytte sommar og kjekt selskap! 
 
Og når floa kom og den varme sanden hadde fått opp temperaturen i sjøen så hoppa vi alle sammen i havet!  
Du og du, så lenge det er sidan eg har bada ilag med bror og søste!!

Det var fantastisk! Og eg som kavar og svøm som ein sjøhest i vatnet heime i Volda, flaut faktisk betre i saltvatn, og kunne halde meg flytande i lang tid! 
Så vi bestemte oss for å svømme ut til båtane!
Det var eigentleg altfor langt for meg, med berre ei fungerande arm. Men med ein bror som går på krykker pga ein brista fot, og med ein tantegut på 14, så kunne ikkje tante Pose vere noko dårlegare.
Så ut til båtane svømte ho gitt! OG innatt også!

Ein ser 4 hovud som er på veg ut. Seglbåten er Cathrin og Ronald sin, og den kjekke andre båten i front er Stig-Helge sin. 
Her står vi på båten! Puste litt før vi svømte tilbake.

Godt å ha ein storebror som kan varme ei hutrete lillesøster!
Vi satt ute på moloen til langt på sommarnatta! 
Kveldssola som forsvinn ein liten time før ho tittar fram att og sei god natt.
 
Dagen etterpå traff eg heile familien til onkel Svein.
Det har i løpet av 9 år vorte 5 små ungar i den familien.
Her set søskenbarnet mitt Sidsel ilag med tre av dei.
 
Balabat er gift med søskenbarnet mitt, og her sit ho med minste jenta Amalie.
 
Det var litt pussig, for både Sidsel og tante Anne meiner at ho er litt lik mamma og meg, slik vi var når vi var små. Og jammen ser eg det eg litt sjølv også! 
Amalie
 Alice 

 Og her er gutane for å helse på også. 
 
Takk Fiskdal for ein fantastisk god, minnerik og artig oppleving!
Blir ikkje 3 år til neste gong! 

Bilete av nokre av mormor sine fantastiske roser!