26. mai vart dagen då gjerdet til Lillepigge vart opna, og Lillepigge skal få utforske verda på eiga hand
Her leitar eg han opp på dagtid for å merke han. Det vil seie at eg lakka 5-6 piggar i nakken på han med turkis neglelakk. Det er jo greitt å følge med om det er Lillepigge, Bolla Piggsvin, eller nokon andre dersom vi ser eit piggsvin i hagen seinare. :)
Etterpå fekk han mat, og då kom han nysgjerrig og svolten ut for å strekke på beina.
Er så vidt dei turkise piggane vises her, men dei er der.
Her har vi teke vekk gjerdet i framkant av buret, og matmor er litt engsteleg for heile greia.
Det i opninga av huset er ein høyball, ikkje Lillepigge...
I natt, kl 23.30 var det skymt, og eg såg at Lillepigge hadde vakna og var utanfor huset sitt.
Eg pakka på meg tjukkejakke og gjekk ut og sette meg i hammocken i hagen og fulgte med.
Der sat eg heitl stille i 45 min og såg på han, før han skjønte at eine sida på gjerdet var vekke, og han hadde heile verda framføre seg!
Han gjekk rett fram og midt på plenen, og snudde seg så 90* og snusa seg beint på meg der eg sat i hammocken.
Eg trudde ikkje mine eigne auger! Han vart ikkje redd heller når eg så snakka til han!
Men jau då, han snusa på skoen min, såg opp på meg
Eg meiner sjølv det var "takk for hjelpa" han sa til meg då.
Så snudde han seg rundt og rusla vidare.
Så snudde han seg rundt og rusla vidare.
På biletet under ser de rumpa og foten i det han går vidare, ut i hagen, på si eiga vandring...
...ut i den store verda... aleine!
Det var med blanda kjensler eg sat att i hammocken!
I heile 9 månadar har vi hatt ansvaret for Lillepigge, eit heilt svangerskap det! Så det er trist å no måtte sjå han forsvinne.
Men trøsta er at han er ein glad liten pigg no, og eg likar å sjå for meg at han smiler og ler, og ruskar og raskar i lauv og tuer etter godbitar frå naturen, og at kanskje Bolla Piggsvin ventar på han ein stad!
Han vil alltid ha huset sitt klart, med mat og drikke ståande i tilfelle han finn vegen heimatt.
Vi berre håper at folk er forsiktige langs vegane no framover,
for det er så altfor få igjen av desse skjønne skapningane,
og ikkje minst; Berre EIN Lillepigge...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar