Knallfint vêr i mai tuppa oss i baken og fekk oss opp av vinterdvalen og ut i hagen og opp i trea. Vel, ikkje opp i trea, men iallefall utomhus.
Difor har vi altså fått gjort ein liten innsats ute i hagen; har prøvd ny grasklippar, kutta tre og busker, raska vekk frå nokre av bedda, og eg har planta litt i krukker ute. I tillegg fekk vi skura og vaska verandagolvet, og så mala eg eit nytt strøk med grå beis. Før hadde vi shimmergrå, ein farge som var veldig fin, men den vart litt for lys for vår smak. Spesielt med store tre rundtomkring som lett set grøn farge på golvet... Ikkje spesielt lekkert.
Så no vart det terrassegrå, som er litt mørkare gråfarge. Vi vart kjempenøgd med den!
Terrassegrå mot gamle Shimmergrå (litt større forskjell i verkelegheita)
Vi har også spylt verandamøblar og fått plassert ut desse. Endeleg er "stove nr 2" på plass! Der kosar vi oss mykje i løpet av sommarhalvåret.
Men denne helga kom det bøttevis med regn, og i tillegg så har det ausa ned med frø frå storebøka og dekt heile verandaen med brune frø!
Tenk om vi nettopp hadde måla når frøa kom dalande!! Gosj, sei eg berre! Då hadde eg flytta! :)
Ellers har vi feira STORDAG! Svigermor Kari Anne vart 70 år 3. juni, og då feira vi i familien dagen på Sunde Fjordhotell med middag 2. juni, og så hadde vi kaffe og kaker hos bror Bjørn og Marthe m.fam.
Kjempekoseleg dag, fin familie, fin svigermor, god mat og rett og slett kjempekjekt!
Svigermor Kari Anne med sine to kjekke sonar
Kari Anne med familien rundt kaffebordet.
Desse cupcakes'a laga no eg då... Sjokoladecupcakes med vaniljefyll, og med topping av smørkrem med vaniljesmak og rød conditorfarge. Kanskje mest kjekt for ungane då men. Dei vart no litt gode, og så litt fine! :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar